Category Archives: Menn

– Far min var slavedrivar

Leif Melgaard –  ein frøning som ragar høgt i kunsthistoria

Skjermbilde 2019-09-04 kl. 14.12.02

Mange som har studert Leif Melgaard sine arbeid som treskjerar, meiner at han ville vore betre kjend om han hadde vore villig til å selgje meir og ha fleire utstillingar, for han kunne måle seg med det ypparste i europeisk treskjerarkunst. Skreiv New York Times da Leif Melgaard døydde 92 år gamal i 2001. Leif Melgaard vart fødd 1899 i Sør-Fron, son av ein gardbrukar og arbeidde på garden i barndomen. Han vart oppmuntra av ein onkel, ein evnerik treskjerar, og starta treskjeringa i ung alder. Men far hans meinte det var bortkasta tid. «Han var ein slavedrivar, så eg fekk ikkje mykje tid til å skjere», fortalde Melgaard.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

Theodor Caspari – ein diktar i Fron

Skåbu og Espedalens diktar skapte uttrykket ”Jotunheimens forgård”

IMG_7900

Sommaren 1984 vart bysta over Theodor Caspari, laga av Joseph Grimeland, reist og avduka på Storhøliseter, der Caspari heldt til i nesten 40 år, kvar sommar frå århundreskiftet i 1900. Foto: Carl Henrik Grøndahl

RASMUS STAURI: Ein diktar som knappast er omskrive i litteraturhistoriene, men som  såg på Fron som sin andre heimplass, trengst å bli vekt til live att og bli lesen. Theodor Caspari skreiv 25 bøker i ulike sjangrar. Han var litteraturmeldar i meir enn ein generasjon. Han skreiv frå 1880 fram til andre verdenskrigen, og vart heile 95 år. Denne mannen er  ikkje  nemnd med eitt  ord i den siste utgave av ”Norsk Litteraturhistorie”. Denne artikkelen trekkjer fram sider ved forfattarskapen. Les meir

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Frøningen som slo the Beatles

Fest for Oddvar Nygaard laurdag 7. september på Rudi gard

Nygaard i 100-Omslag (1)

Noteboka Nygaard i 100 blir lansert 7. september på kommunelokalet i Sør-Fron. 100 komposisjonar, og fleire er ikkje publisert før. Nygaards originale noteskrift er med i uvalet.

RASMUS STAURI: I 2019 er det 100 år sidan trekkspelaren Oddvar Nygaard vart fødd. Oddvar budde i Sør-Fron heile livet. Etter tidlege år som konsert-trekkspelar slo Oddvar i gjennom med eigen kvartett i 1960-åra. Oddvar Nygaards kvartett var noko nytt. Med fele, trekkspel, gitar og bass forma dei eit stilideal, som held seg den dag i dag. Oddvar gav ut heile 24 LP’ar og vart tildelt den aller første Spellemannsprisen i 1973. Kvartetten spelte land og strand for stappfulle hus, og med masurkaen «50-årsdagen» toppa dei VG-lista framfor legendariske the Beatles. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Rustværar som utvandra til Inderøy

Frå 1836 til 1840 var det uår og naud i Gudbrandsdalen

Tarud i Ruste. Det var her familien reiste ifrå. Til høgre ser vi steinfjøset frå 1867, bygt av Hans Poulson, bror til Ole som drog nordover. Hans skal også ha bygt gammelstugu i Tarud, som vart rive rundt 1970. Stabburet til venstre har vi ikkje opplysningar om. I dag er det Hans Erik Tarud som er eigar av garden. Foto: Ole Chr. Risdal

ANDERS HAUGEN/ÅSHILD VANG: For tre år sidan kom det ein laurdag to frå Inderøy som søkte slekt i Ruste. Ole Brandstadmyren var namnet dei kunne oppgje. Det tok litt tid før eg kunne plassere den karen. Det viste seg at han var av den gamle Tarudslekta, den som hadde Tarud før Ole Gryttingslien kjøpte den av Pål Hansson Tarud i 1895. Pål, som også var skulemeister i Ruste, hadde ikkje eigne barn og selde garden. (Les om han i Årbok for Gudbrandsdalen 1982 s. 73.) Ole Poulson Brandstadmyren var onkelen til Pål. Ole var nummer tre av ein syskenflokk på fire. Alle syskena vart gifte og har mange etterkommarar i Ruste og Amerika, men også på Inderøy i Trøndelag, dei som denne historia handlar om. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Kvinner, Menn

Nordover for å berge livet

Tre  gutter fra Flåtå gikk 30 mil over Dovre i 1832 – en utrolig livsvilje

tegn2

Tegning: Amund Hagen, Oppdal

HANS OLAV LØKKEN: Vi skriver året 1832. Tre smårollinger har forlatt Fron, brødrene Ola (6) og Torgeir (9), samt Tjøstolv (9) fra blant annet husmannsplassen Tofteflaten under Tofte – vel vitende om at de kanskje aldri vil få se verken slekta eller hjemplassen igjen. Bestefar til guttene solgte hjemstedet i Flåtå straks før de dro nordover.  De to brødrene på seks og ni år var husmannsgutter til ei alenemor, faren var nettopp død. Det var ikke rom for andre tanker enn det daglige brødet. De tok seg nordover fra Fron til Hegra, en strekning på vel 30 mil. Les meir

4 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

I Russland ligg risengryna som snogføinne

Trudde mange i Fron fyrst på 1830-tallet – og la avgarde

Nr. 62

Draumen om å plukke rusinder tå treom i Russland? Bilde frå Arne Lunde/Vegar Skar

P. TH. AASMUNDSTAD: Folket i delar av Russland er heilt utdøydd, og gardane står att med fullt stell, men folketome. Det ryktast i Fron fyrst på 1830-talet.

Tie nå, bon, dess døkk kjem åt Russland, ska døkk få mat. Der ligg risengryna som snogføinne framme hafeillom

er det hermt etter Sima Bratlien frå Ruste, da han skulle gje trøyst åt bornom sine, når dei gret for mat. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Menn

Starten: 500 kr for en lastebil

Det ble Frya Bil, Frya Grustak og Frya Leir

untitled

Kåre Skar lånte 8000 kroner for å kjøpe seg lastebil i 1954. Polmar Skar og familien har bygd en mangfoldig virksomhet på Frya etterpå. Her fra venstre Per Erik, Jorunn, Knut Børre og Polmar.

ASBJØRN RINGEN: I 1954 lånte Kåre Skar 8000 kroner i Sør-Fron Sparebank. Han satte Nysted, Toftsetra og Djupdalen i pant. Pengene brukte han til ny lastebil. – Jeg husker det godt, forteller Polmar Skar, som seinere utviklet det som i dag er både entreprenør-virksomhet, bilverksted og opplevelsestilbud gjennom Frya leir. – Som 14-åring var jeg med i banken da far søkte om lån. Historien er typisk for vekst og utvikling i 1950-årene. Kåre Skar holdt på med transport tidligere også, men da med hest og rustning i skogen. Han kjørte tømmer om vinteren og var småbruker om sommeren. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder