Category Archives: Menn

De innfødte reagerer ikke

Litt om gjestgivargardar i Fron

Ein engelskmann som likte seg i Fron

RAGNAR ØVRELID: Folket i Fron har alltid merka at hovudvegen frå Oslo til Trondheim gikk gjennom dalen. Dette førte mellom anna til skyssplikt for bøndene, og at gjestgiveria kom. I 1640-åra, da skyss-stellet vart ordna, kom det til faste, priviligerte gjestgivarar langs hovudvegane. Her i dalen var det gjerne ei mil mellom kvart skyss-skifte og kvart gjestgiveri. Frå slutten av 1600-talet kjenner vi til at det var gjestgivarar på Brandrud, på Litlgard i Sødorp og på Forbrigd i Kvam. Bøndene dreiv desse gjestgiveria. Sidan skifta desse gjestgivergardane i Fron ein del. I sør overtok Hundorp frå 1661, frå ikring 1700 Listad, til Oden vart gjestgivargard ikring 1730. Oden hadde dette privilegiet til ca 1860, da gjestgiveriet og skyss-stasjonen igjen vart flytt til Listad

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn

Få ti øre så skal eg syngje ein sang for deg!

Fridtjof var ein original som kom godt ut av det med bygdefolket

fridtjof sørensen

Fridtjof Sørensen. (Foto frå Håkon Wangen)

ODDMAR MYRUM:  “I natt drøymde eg at eg fekk ei stor kake av deg!” “Da må eg hjelpe deg til å bli sanndrøymd”, sa bakaren og gav han ei stor kake. Kva for ein luring var nå dette? Fridtjof Sørensen var ofte å sjå langs Laugen. Han likte å fiske, og der trefte han også folk, så han fekk seg ein prat og kanskje litt tobakk. Fridtjof var ein original, men han kom godt ut av det med bygdefolket. Ein velkjend kar i Vinstra og Sødorp på 50-talet. Han døydde i 1962. Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

Eg høyrer hå som står i breva

Vis-Knut trong ikkje lesa dei

visknutskredvig

Vis-Knut teikna av Christian Skedsvig sommaren 1874

ANDREAS AUSTLID: I midten av 70 åra tala eg ved Vis-Knut. Han låg på senga og røykte og fortalde meg at han fekk brev like frå Kalifornia. Dei vilde vita kvar dei skulde grava etter gull. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Menn

Denna halin som ho daske og slæ mé

Redvald Fjellhammer var storspelemann og fekk besøk tå hulder

Redvald Fjellhammer. Teikning: Svein Tore kleppan

RASMUS STAURI:  «E ha besøk tå hulder`n alt i eitt. Det e é pen jente. Ho kom åt mé i natt au, é sat på sengjekanta – ho va sint da! Du kain kåmå i haug kå ru låvå mé, du, sa ho. Sjå på finger`n din, du, sa ho. Så kom é te å glåme på finger`n min og da ha é gullring på `om. Du ha ring! Du er forlåvå med mé au, du, sa ho. Du kain kåmå i haug det. Da skuvde é åt jentun, og da vart ho sint, og é ha itte sett ho sea. Men é e forlåvå me`n.»  Redvald Fjellhammer var storspelemann og fekk besøk tå hulder. Han var fødd i 1916 og levde til 1990. Fortelje- og speltradisjonen sin hadde han i særleg grad etter faren, Jonas Johansen (1876-1957). Redvald budde åleine i ei lita stugu i Øverbygda på Sør-Fron, og hadde fela som sin beste ven livet igjennom. Han tala eit svært godt bygdemål. I eit intervju med Sven Nyhus frå 1974 fortel han om huldra: Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Folketru, Kunst og handverk, Menn, Musikk

Historia om Pettersens kafé

Om sjokolade frå USA, knipsespel og jukeboks

p

ap 1

Anna Pettersen (1902-1987) tok til med kafédrift alt i 1928. Bilde frå Synnøve Solli

PER OTTESEN: Hausten 2012 vart legendariske Pettersens Kafé på Vinstra omdøypt til Salong Miocat, og ein velkjend aktør i Vinstra sentrum vart borte for godt. Riktignok har kaféen vore stengd ei god stund, men fasaden og raude blomar i glaset har i denne tida likevel minna oss om kva Pettersens Kafé har betydd for oss som brukte svært mange av fristundane våre på etterkrigstidas mest besøkte kafé gjennom fleire tiår. Ein kveld utan å ha vore på Petteren var ein bortkasta kveld. Der kunne vi sitte og prate, og etter kvart kom det ein jukeboks der, som forsynte oss med tidas nye musikk. Og vi gløymer aldri kringla! Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn, Verksemder

Hans Svinslån, ein nautsterk bjønn

Grunneigaren likte ikkje nyryddinga hans

svinslaa

Svinslåa. Var det her Svinslåin rydda seg grunn? Og grunneigarene ikkje våga å jage han vekk? Foto: Lommekjent.no

IVAR KLEIVEN: I Kvam var det nokre som ikkje var gode å skreka eller leggje på flate fjøla, slike som Hans Svinslån. Sterkare kar har det kanskje ikkje trått på jorda i Kvam, og bror hans, Tor Morken, skulle være mest likeså sterk når det gjaldt. Hans var oppala på Frostad, og medan han var der, tok han til å rudde seg heimstad på ein stad dei kallar Svinslåa. Dette tok han seg til utan løyve, og grunneigaren likte ikkje denne nyryddinga hans.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn

Lukta av blod og rått kjøt

Gudbrandsdøler på kvalfangst

Frå forplana. (Foto frå Vegar Skar)

Frå forplana. (Foto frå Vegar Skar)

HILDEGUNN BJØRGEN har laga video om faren, som var på kvalfangst  i Sørishavet på slutten av 1950-talet. Her kan du lese det Per Ottesen fortel om frøningar på kvalfangst.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder

På Harley Davidson til Prinsehytta

Ei lita forteljing om dei kongelege i Sikkilsdalen

KRISTIAN HOSAR:  I 1924 vart kronprins Olav myndig, og han fekk hytta i Sikkilsdalen i gåve av dei svenske prinsane. «En stor overraskelse for meg. Jeg ble virkelig svært glad,» sa han. Det går mange forteljingar om det fyrste besøket kronprins Olav hadde på hytta. Denne versjonen har eg frå den legendariske verten på Kampesæter i Skåbu, Ola T. Kampesæter, eller O.T. som han vart kalla: Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kvinner, Menn

-Nord-Europas flottest beliggende butikk

Ei historie om Gålå Handel

AVISINTERVU 1976: -Jo, her er fint, kan en fornøyd Asbjørn Wadahl på Golå Handel fortelle, slik helt på tampen av sommer- og høstsesongen. -Skal en først slite med butikk, er dette et velsignet sted å gjøre det. Her er naturen i all sin prakt nærmeste nabo på alle kanter. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn, Verksemder

Gateuret tikker litt grovere enn de andre

Berge Ur og Optikk på Vinstra skal kanskje stenge

10413297_558075190962573_2528646341634095409_n

Arne og Odmund Berge Ur og Optikk på Vinstra. Kassaapparat fra 1953. Foto Einar Odden.

EINAR ODDEN I GD, 1999:  Ny kunde på gang, en av stasjonsbyens fruer. -Her er klokka, sier Odmund. -Det var batteriet, ja? – Ja, da. Partene blir enige om pris, og Odmund slår 65 kroner inn på kassaapparatet fra 1953. Prislappen står fortsatt på. Vidunderet kostet kr 643,18 for 46 år siden. Senior bøyer seg fram og studerer en noe ferskere lapp nede i mekanikken. – Det står 1994 på en lapp her. Det var det jeg smurte apparatet sist, det da, er det von. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, handel, Menn, Uncategorized