Category Archives: Menn

– La oss håpe at kommende slekter forstår

Fridom har sin pris

Bjarne Lien 21.9. 1915 - 19.4. 1040

Bjarne Lien 21.9. 1915 – 19.4. 1940

ODD MIDTLIN: Bjarne Lien var den einaste sør-frøningen som fall i kamp under andre verdskrigen. Han fekk mobiliseringsordren den 10. april 1940 og meldte seg straks ved avdelinga si, motormitraljøseeskadronen ved Oplandske Dragonregiment på Hamar. Regimentsjef Jensen fortel dette om kampane Bjarne deltok i: Les meir

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

Konfirmasjon i krig

Innkalla til ein streng prest

panzer-ii-norway-1940

Tysk Panzer II skyt seg nordover Gudbrandsdalen. «Etterpå vart vi kalla inn til å gå for presten.»

LODVAR LARSEN:  Den 11. april 1940 vart ein heil del gutar, godt vaksne ôg, mobilisert for å slåss mot tyskarane. Mellom dei var min eldste bror Odd. Vi fulgte spent med på radioen og i aviser korleis krigen utvikla seg, og sist i månaden nærma dei tyske styrkane seg våre bygder. Tyskarane kom til Vinstra sist på dagen, og det vart eit svare leven bortpå riksvegen. Maskingevær og andre våpen fresa og small. Foreldra våre vart samde om at vi skulle rømme litt lenger inni grenda, og vi havna oppi Granrudoset, som var mura med metertjukk stein. Vi vart værande der i to døgn.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Krig, Menn

Fronsbygdin og Aftenposten

Kor finn ein journalist stoff om Einar Gerhardsen si hytte?

Mange har glede og nytte av årboka vår, Fronsbygdin. Denne gongen er det Aftenposten. I bilaget «Hyttemagasinet» er framsideoppslaget «Arven etter bestefar – landsfaderen», der journalisten presenterer statsminister Einar Gerhardsen si hytte på Baukholstulen. Han finn mykje og nyttig informasjon i Fronsbygdin 2004, der sonen Rune Gerhardsen – far til ho som nå eig hytta – skriv om «Baukholstulen i norsk politikk».  Vil du vite meir, kan du óg lese artikkelen til Arne Hernæs om Tranmæl og Gerhardsen på Baukholstulen. Dei hadde godt av å ha kontakt med ein lutfattig norsk utkantkommune, meiner Hernæs. Du har alle utgåvene av Fronsbygdin? Hvis ikkje, snakk med Egil Myhre: egil@bbnett.no, tlf 970 67 723. Han sender deg dei du manglar. Du finn oversyn over alle årgangane og artiklane her.

Han flytta til den andre senga, fordi det trekte frå ytterveggen.

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Menn, Setring

Det underlege mordet i Huskelia

Velkomé åt historielagets faste påskekrim

husk1

Huskelia – nokre hundreår seinare

IVAR KLEIVEN: For 236 år sidan budde det to ugifte, gamalvorne systre i Huskelia, Marit og Tore Jonsdøttre. Desse to systrene, som budde einslege på denne vesle garden i Kvikne, som ligg noko avsides til på baksida av Vinstra, skulle sitja i velstand. Ein vår i våronntida døde ho Tore brått og uventa. Dei fann ho att på åkra i Huskelia, ho låg på magen og hadde munnen full med jord. Sidan levde Marit einsleg i Huskelia.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Kald graut vart oppskoren i strimler

Litt om ein oppvekst under krigen

letrud4

OSKAR LETRUD: Eg kan ikke hugse at vi svalt, men det var klart enklare kosthald enn det er nå. Det var brukt ein del vassgraut, (byggmjøl, salt og vatn) med mjølk til. Om det var ei tid på vinteren vi ikkje hadde mjølk, kunne det i staden vera brukt heimelaga øl eller surdupp, laga av surost og vatn. Grauten vart au eten kald, særleg om sommaren. Da tok ein gjerne og snudde grauten på tallerkenen, slik at skorpa kom ned. Kald graut vart au oppskoren i strimler og oppattvarmt i mjølk. Smør og poteter, poteter i mjølk og sild og poteter var au mykje brukt. Elles så var det brødsoll og spekeskinke, kjøttkaker og anna kjøtt som var hermetisert på blikkboksar.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Tre bjørner drept i Skåbu

Med staur og varm hilsen fra en Remington

bjørn

Klikk på bildet og se en litt fredelige måte å vekke bjørn av vinterdvale på.

LILLEHAMMER TILSKUER 1883: Smed Peder Pedersen i Skåbu drog tidlig om morgenen den 30te avsted fra sitt hjem for å se etter nogen bjørner, som han hadde hørt skulle ha hatt sitt tilholdssted på Metungen, en skogstrekning på østre side av Vinsterelven likeovenfor bygden. På veien gikk han innom hos en annen mann, Hans Stakstoen, og spurte om han ville følge med, hvortil denne straks var villig. Uheldigvis hadde Hans intet gevær, men i en modig manns hånd er en øks også et brukbart våpen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn

Han åt hoggorm

Hansen på Fefor – kva var det for en kar?

hansen2
Gamle Hansen i 1953. Litt av ei historie og litt av eit liv.

HANS PETTER KLEIVEN:  Han åt både kråke og skjor, til og med hoggorm. Han fiska, jakta, fanga vilt og levde eit spartansk liv. Ein fenomenal person, godt likt av alle, gavmild, galant og glad i damer. Og så har han sett sjøormen i Feforvatnet! Vart det sagt om han. Dei fleste eldre frå Midtdalen kjenner til Hansen og har noko å fortelja om han, sjølv om nesten ingen veit kva fornamnet hans var, og få har vel nokon gong møtt han. Det er difor på høg tid at vi lyfter litt på det mystiske sløret som ligg over Hansen og livshistoria hans. Hans Severin Hansen, forfattaren Johan Bojer og multikunstnaren Pål Kluften hekk i mange år saman som erteris. Med jamne mellomrom tok dei inn på Fefor Høifjellshotel for ei veke om gongen og levde livet. Ingen av dei var spesielt interesserte i damer, og desse opphalda var datidas «gutta på tur». Pål Kluften var alltid innom anretningen og «spela for jentom», og karane dominerte miljøet på hotellet når dei budde der, seier dei som hugsar det.

Les meir

6 kommentarar

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder

Har den pjusken råd til å kjøpe hytte?

Historia om Erling Rolstad og Jacob Weidemann

JW

Den pjuskete hyttekjøparen i 1970. Foto: NRK

HANS ODENRUD: Midt i dei travle åra på 50-talet fekk maskinoperatøren Erling Rolstad også tid til annan aktivitet. I 1953 skulle det gamle Furuheim hotell og sanatorium rivast for å gje plass til det nye landsgymnaset. Erling kjøpte den gamle bygningen i drakestil og brukte ein del av materialane til å setje opp fem hytter på Vallen (Valseter). Da desse var ferdige og klare for sal, kom det innom ein kar på verkstaden på Harpefoss ein dag og sa han var interessert i å kjøpe. Erling hadde det travelt og syntest dessutan at kjøparen såg så pjuskete ut at han neppe hadde råd til  å kjøpe seg hytte. I staden for å bli med mannen til fjells ringte han til Trygve Wadahl og spurte om han kunne vere snill og vise fram hytta. Det gjorde Trygve. Mannen kjøpte hytta der og da og betalte kontant. Det viste seg seinare at den pjuskete mannen var kunstmålaren Jacob Weidemann.

Utdrag frå artikkelen «Bulldozarmannen»i Fronsbygdin 2012

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Språkgeniet frå Storsteinurda

Rolf Uhlen voks opp hos bestemora og vart konduktør i NSB

Her, i Storsteinurda ved riksvegen sør for Brekka voks språkgeniet Rolf Alfred Uhlen opp hos bestemora. Foto: Paul Henrik Hage.

Om vinteren på Laugen gjekk det hesterekkjer på isen. Dei skulle til Loholkvenna med korn. Når dei kom heim att, høyrdes det av og til ut som om ikkje alt brennevinet hadde gått åt møllaren, fortel Helge Stormorken i ein artikkel i Fronsbygdin 2007. Og så kjem det ei lita setning: «Det var noko brennevinsindustri langs vegen, og ein «kafeteria», der ein av Norges største språkgeni kom frå, Rolf Uhlen. Kanskje skriv eg meir om han seinare.» Men det gjorde han ikkje. Helge Stormorken døydde i 2019, 96 år gammal. Og dette språkgeniet som voks opp hos bestemora i Storsteinurda ved riksvegen sør for Brekka, Rolf Uhlen, kven var han? Det vi veit, er at han vart fødd i 1910 og døydde i 1970. Paul Henrik Hage skriv litt om han på FB-sida si og har funne eit intervju med han i Dagbladet 22. mars 1947, og det seier mykje. Språkgeniet Rolf Uhlen vart konduktør i NSB!

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Språk

Dei kom aldri til Sydpolen

Robert Scott testa motorsleder på Feforvatnet i 1910

sydpolslederscottslede Litt av eit bilde. Engelskmannen Sir Robert Scott fraus ihel på veg tilbake frå Sydpolen, som han nådde 17. januar 1912, 34 dagar etter Roald Amundsen. Scott ville prøve å kjøyre til Sydpolen på motorsleder. Vinteren 1910 testa han dei ut på Feforvatnet.

Nansen anbefalte at han skulle trene på Finse, da han ville finne store breer som var nær de samme som på innlandsisen. Men Scott hadde ikke lett for å ta råd fra andre. Scott testet sine motorsleder i langt enklere terreng, på Fefor i Gudbrandsdalen.

Sledene synte seg å vera heilt ubrukelege i Antarktis. Men kommunestyret i Nord-Fron hadde tydelegvis glede av dei. (Utklipp frå Albert Wadahl/Vegar Skar)

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn