Category Archives: Kvinner

Visst var det rutebåt på Olstappen!

Det var så godt som veglaust i Espedalen

buom-mot-saga

Olstappen. Buom mot almenningssaga. Dette er neddemt i dag. Olaug Askheim Aas: Meiner vi sit ved restane etter fjøset til Mari og Hans Buom, dei siste fastbuande der. Bildet viser Sigrun, f. Elstad frå Eidsvoll, på fanget sit Olaug Askheim og til høgre Gudrun Askheim. Almenningssaga i bakgrunnen vart fløtt til Nørdre Hølmyren i 1950-åra. Idyllen Elvenes ligg nå under fleire meter vatn ved oppdemd vasstand.

PER OTTESEN: Mot slutten av 1800-talet kom mange turistar opp Gausdal og skulle gjerne ha skyss vidare, og da det var så godt som veglaust i Espedalen, vart motorbåt eit godt alternativ heilt frå Vassenden sør i Espedalsvatnet til nordeneden av Breisjøen. Espedalsvatnet (Langvatnet) er heile 13 km langt og Breisjøen fire km. Eit båttilbod i tillegg over Olstappen spara  turistane for ein slitsam tur til fots.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Kvinner

Ho Petra stunda heim til Sødorp

Ei rørande forteljing om eit møte i Minnesota

98361690_3781958981875733_5237850258288934912_n

Ho Petra fekk aldri meir sjå heggen blomstre i Sødorpgrenda. Foto: Paul Henrik Hage.

PAUL HENRIK HAGE: Kvar vår når heggen blømer i Sødorp, tenkjer eg på Petra Sandbakken. Ho var født i 1880 på Nedre Sandbakken og døydde i Dawson, Minnesota i 1959. Ho var yngst av 10 sysken. To døydde tidleg, seks reiste til Amerika, og berre ei syster vart att i Sødorp. Det var Marit som gifte seg i Piggen og fekk sjølv 11 barn. Mor til Petra, Marit, var frå plassen Grensa eller Renshusstuen i Sør-Fron. Ho døydde i 1897, og da var Petra og far hennar, Ole Løkken, att aleine på Nedre Sandbakken. I 1901 reiste dei etter til familiemedlemmene i Minnesota. Far hennar døydde i 1914. Petra gifta seg ikkje, men dei andre syskena fekk alle store familiar. Ho dreiv med farming, og på sine gamle dagar hadde ho to farmar som ho leigde ut. I 1959, berre nokre månader før ho døydde, hadde ho besøk av soknepresten i Nord-Fron, Ingvald Skaare, og kona hans, Sigrid. Sigrid skreiv ein rørande artikkel i Kyrkjeblad for Nord-Fron om møtet med Petra Sandbakken som fortalde att ho stadig stunda attende til hegg i bløming og bekkebrus i Sødorp frå prærien i Midtvesten:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner

De vanartede piker på Hundorp

Under krigen var folkehøgskulen anstalt for «uskikkelige og usedelige» jenter

Lise framfor internaten

Nazistane la ei tung bør på folkehøgskulestyrar Lise Stauri. Dei to siste krigsåra måtte ho styre ein anstalt for tenåringsjenter som hadde skeia ut. Her er ho nokre år etter krigen.

Skadeleg. Farleg. Det sa nazistane om folkehøgskulen på Hundorp. Dei meinte at undervisninga i det grundtvigske livssyn var «oppviglersk virksomhet». Det var planer om å setja skulebygningane i brann. Men så fann NS-leiarane ut at skulestyrar Lise Stauri skulle få noko anna å bryne seg på, det vi i dag kanskje ville kalle utilpassa og utagerande tenåringsjenter, utsette for omsorgssvikt. Frå mai 1943 til august 1945 dreiv ho eit «skolehjem for vanartede piker.» Desse åra har det vore stilt om i ettertid. Her lyfter Rasmus Stauri på lokket. Han har gått til kjeldene og teiknar eit særs interessant tidsbilde. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Krig, Kunst og handverk, Kvinner, Verksemder

Beret var før og tjukk og god for seg til mangt

Historia om general´n på Frostad og ho Beret Svastugun

frostad

Frå Kvam 1895. Vik (høyre i forgrunnen) og Klomstad. Øvre høyre kant kapteinsgården Frostad. (foto: H.H. Lie)

PER ÅSMUNDSTAD:  På Kvamskjørkjegarden skal det finnast eit gravminne med denne innskrifta:

Her under hviler Chefen for den Gulbrandsdalske Musqueter Corps VILHELM CHRISTIAN KEILHAU, Ridder af Sværdordenen Fød i HOLSTEN 27 de Juni 1760 og døde Paa Gaarden Frostad i Kvam den 15de Januar 1834 i en Alder af 74 Aar Fred med dit Støv!

Før Keilhau kom til Frostad i 1810, heldt han til på sjefsgarden Bauker i Østre Gausdal. Han var enkjemann og kallast major. Keilhau vart kalla berre ”General´n på Frostad” etter at han vart forfremma frå major til general-adjutant. Hushaldar hadde han med seg frå Gausdal. Ho har au fått reist gravminne i Kvam der det står: ”Berthe Christensdatter Frostad født 20.August 1783, død 25.Januar 1851”. Ho skulle vera født på ein husmannsplass ved Bauker og kom truleg åt huset Keilhau da han vart enkjemann. Ho fekk ei dotter, Anne Margrethe, i 1807, og etter at ho kom til Kvam, fekk ho ei dotter til som fekk namnet Dorothea. Ho var født i 1815. Det er sagt at båe desse jentene var døtre til Keilhau.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

– E bæt eit stort stykkju utur kjåkå på o´m

Ola Toppen i kamp med ein slåsskjempe

toppen

Toppen – bildet er tatt den sumaren dei bygde nytt hus. I den vesle stova til venstre budde Olea og Ola. Foto lånt av Gerd Tangen.

ODD JAN SKRIUBAKKEN: Ola Toppen (1873-1964) var på fest i Svatsum og kom i klammeri med ein slåsskjempe. Dei slost og både datt i golvet. «Da hadde e itte någgå anna å gjere ve me enn at e bæt eit stort stykkju utur kjåkå på o´m og spytta det på golve. Da besvimte´n gut. Ettepå ræv eg me på ein stor omn å slo rondt me med omnsringom og jåggå folke ut på gar´n. Den ænaste som va att inne, va a Olea, som nå e kjerringa mi.» Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Menn

Løsaktighet og kvinnelig vanære i Kvam

Hvor mye råhet og usedelighet som forenes med armoden!

kvinnebarn

«Men på denne måte ble det så fullt av ungeskrik hos de gamle foreldre, at den eldste datter med sine to barn hadde måttet få seg hus hos fremmede, der hvor jeg nu fant henne.»

EILERT SUNDT I 1851: Det bor mange ytterst fattige folk i Kvam, men hvor mye råhet og usedelighet som forenes med armoden! Det er ganske forskrekkelige eksempler på løsaktighet og kvinnelig vanære, jeg i dag har fylt min notisbok med. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Brukte Barbro trollkattsmør?

Ei sak frå Kvam 1681

NF.1960-0091

Trollkatt frå Gol på Norsk Folkemuseum. Fyll: Nauthår. Skall: Lær.

ARILD TEIGEN: I 1681 hadde soldaten Erik Klomstad vore i arbeid hos Hans Vik i Kvam, og her hadde det vorte komsumert ein del drikke. Etter arbeidet skulle Klomstad reise attende til avdelinga si på Lillehammer og vart utstyrt med niste av systera til Hans, Barbro Vik. Da begynte han å skulde henne for å ville forgifte han med trollkattsmør. Det var ingen spøk å bli skulda for trolldom på 1600-talet. Hadde Barbro vorte skulda for dette femti-seksti år tidlegare, kunne ho vore ille ute. I åra 1619 – 1621 veit vi at minst ni personar vart stilt for retten i Fron, skulda for å stå i ledetog med onde makter. Minst fire av dei var avretta. Fron var faktisk eit av kjerneområda for trolldomssaker i innlandet. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Kvinner, Menn

Kari kunne svare for seg

Når lensmannen og presten ville ta ho for ulovlegheit og utukt

81722659_2897604650304144_3928644441492946944_n

Roasjappa rundt 50-60-tallet. Ukjent fotograf. Bilde frå Egil Stakston

GUNNAR LIEN: Kari Roen (født 1864) budde i eit lite hus på utsida av riksvegen like bortafor landhandleriet på Lillehove. Kari fekk besøk av både lensmannen og presten. Lensmannen var ute etter ho fordi ho dreiv kafé utan løyve og tillet ulovlege kortspel om pengar. Presten fordi ho var ugift og budde i lag med ein mann. Men god som ho var til å svare for seg, måtte dei båe gå att med uforretta sak. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Verksemder

En arbeidets adelskvinne

En av de siste budeiene takker for seg

Den siste budeiatorstein Rolstad

Signe Dalsegghagen: Det var slik at jeg skulle bli budeie, det var liksom ikke snakk om annet.

TORBJØRN MATHISEN: Nyttåraften takka Signe Dalsegghagen for seg i fjøset på Rolstad nordre i Sør-Fron. Hun hadde bestemt seg for å legge opp og nyte godt av trygden etter at hun i mer enn 52 år har tjent i forskjellige fjøs på garder i Sør-Fron. 68 år er hun blitt, og nå nyter hun tilværelsen i sitt lille hus like ved Jensbakken sammen med buhunden Truls. Dermed har en av de aller siste budeiene i Sør-Fron sagt takk for seg. Budeie av det gamle, gode slaget, som har tjent på gardene både sommer og vinter. Om sommeren har Signe vært på fjellet i alle år, og når våren kommer igjen, vil nok lengten til Fronsfjellet bli sterk. I vårt rasjonaliserte samfunn er det snart ikke plass for budeier lenger, og på de fleste gardene er det mannen selv eller kona som tar et tak i fjøset.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Setring

Ikkje vore på Pettersens kafé? Borkasta kveld

Historia om Vinstras best besøkte kafé

DSC00814PER OTTESEN: Vi hugsar ungdomstida, da ein kveld uten å ha vore på Pettersens kafé var ein bortkasta kveld. Vi blir minna om kva Pettersen har betydd for oss som brukte svært mange av fristundene våre på etterkrigstidas mest besøkte kafé gjennom fleire tiår. Det kunne vi sitte å prate, og etter kvart kom det ein jukeboks der, som forsynte oss med tida nye musikk. Der var det ein som utmerka seg så det vart prata om i bygda. Han var så forelska i «Drømmen om Elin» at han gjerne kom innom fleire gonger om dagen for å nyte songen frå jukeboksen. Og vi gløymer aldri kringla. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Verksemder