Category Archives: Kvinner

Dei kunne mest ta borti dei tyske bombeflya

Glytt frå ein barndom i krig i Nedre Skar

aNr. 105 Nedre Skar ca. 1933

Nedre Skar ca. 1933. Bilde frå Vegar Skar

KNUT STENSRUD KJORSTAD:  Året er 1939. Ein familie er på veg oppover Solbråsmorka. Tankar krinsar rundt i hovuda deira. Dei har slite seg laus frå det kjende, men er etter kvart usikre og på veg oppover den bratte stigen til det som skal bli den nye heimen deira. Frå jordlause Furumo nede på Hundorp flytta dei opp i veglause Skar på Harpefoss. Dette skulle bli heimen deira i åtte åra framover inkludert krigsåra. Kva vil framtida gje? Endeleg er dei ved målet, Nedre Skar. Otto og Inger med ungane Ragnhild og Arvid pustar ut. Hausten og vinteren går fort på den nye plassen. Den som skal livberge seg i Nedre Skar, kan ikkje ligge på latsida. Mat til folk og fe må planleggjast og konserverast for at det skal vera noko til alle til kvar tid. Stigen opp her gjer det naudsynt å bera mykje opp frå Solbrå på ryggen. Vinteren er på hell. Arvid og far hans er nede ved Solbrå den 10. april 1940. Dei høyrer at tyskarane har angripi Norge dagen før. På Solbrå når nyheitene fort fram – gjennom radioen. I Skar har dei korkje strøm, radio eller telefon. Krig, kva er det?

Les meir

7 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Menn

I 36 år vandra Anne Heimlaus rundt

Fattigkommisjonen i Fron henta ho heim til Kvikne i 1868

Først etter 1900 ble det forbudt ved lov å bortauksjonere fattige. I 1903 ble det bestemt at all fattighjelp i Sør-Fron skulle ytes i penger. Det kostet kommunen kr 13.000, en tredjedel av hele kommunebudsjettet. Snart opprettet kommunen fattighjem, det som seinere ble gamlehjem. Sør-Fron kjøpte Grov til fattiggard i 1903.

Kvifor er vi så heldige at vi ikkje vart sette inn i verda for 200 år sidan? I 1867 skriv fattigkommisjonen i Oppdal til Fron at Anne Pedersdatter Olstad Skjefteskogen frå Kvikne nå er komen «i aldeles hjelpeløs tilstand til Opdal og bønfalder mot den hårde vinter om hjelp og forsorg.» Ho var da 76 år. Ho hadde dratt nordover med «sin uægte søn» i 1831, 40 år gammal. Dei to var eit par år i Romsdalen, dei var i Trondheim, kom så til Melhus, Oppdal og deromkring. Anne var aldri lenger enn to år på kvar stad. Ho ville ikkje misse heimstadretten sin i Fron og vandra rundt på denne måten i 36 år under namnet Anne Heimlaus. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kvinner

Hovdkaféen var samlingspunktet

Det sto 10-12 øyker tjora i rekkje utanfor 

signe hovden.jpg

Jan Hovden: «Den gongen det var kaffé, butikkar, mølle, fabrikkar og liv og røre i Lia. Signe Hovden med sin 40 år gamle kaktus.

Signe Hovden dreiv kafé heilt til 1971. Da hadde ho drive på sidan 1928. Før den tida sytte ho for serveringa på ungdomslagsfestane på avholdslokalet, det som seinare vart Lidarende. -Da det vart tømmerdrift oppi Elvdala, hendte det ikkje så reint sjeldan at det sto 10-12 øyker tjora i rekkje utanfor kaféen her, hugsar fru Hovden. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Verksemder

Folk har sagt at ho skulle ha vore advokat

Historia om husmannskona Rønnaug Sagboden

PER OTTESEN: Den vesle plassen Bakkestugu ligg rett nedanfor demninga ved Olstappen i Skåbu. Rønnaug Sagboden var den siste som bodde her. Ho var ei kjend dame i bygda, der ho hadde levd heile sitt liv. Nokså eksentrisk, litt sta, eit arbeidsjern og utstyrt med ei skarp tunge når det høvde seg slik. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner

– Finnene stakk hverandre, vi sydde og sydde

Historia om Marie Uhlen frå Nord-Fron, jordmor i Sulitjelma

MU

Marie Uhlen (1874-1971)  født i Nord-Fron, jordmor i Sulitjelma

«Det kunne være ganske stridt, fordi jeg ved siden av å være jordmor også arbeidet som oversøster ved sykehuset. Særlig finnene var svære til å stikke og skjære hverandre med kniv når de var fulle. De drakk alt mulig – det var utrolig hva de kunne få i seg. Vi sydde og sydde, og sårene grodde som regel. Nordmennene var bedre, de brukte bare nevene. En russer tømte de kokende kaffe utover, men det var et unntagelsestilfelle. Ja, det kunne gå hardt for seg i Sulitjelma i de dager.» Det er Marie Uhlen som fortel dette i eit avisintervju, og Paul Henrik Hage har funne fram historia om henne: Les meir

6 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner

Dei ville helst ha blitt på Veikle

Dei gamle fekk bu i eit gardsmiljø

veiklegamleRAGNAR ØVRELID: Veikle var gamleheim i Nord-Fron til 1962, da kommunen selde garden. Det kunne vere over 30 pasientar her. Dei gamle fekk bu i eit gardsmiljø. Anna Kjæstad var den siste styraren på Veikle. Ho fortel om dagleglivet der frå 1932 til 1962: – Det var innlagt vatn i hovudbygningen, men for lite, så heile tida måtte det kjørast. Så skulle dei varme vatnet i kjøkkenet og i eldhuset til pasientstellet. Det hadde eit badekar, som dei måtte bere frå rom til rom. Om vinteren fraus ofte  utslagsvasken, så skittenvatnet og dei gammeldagse dostolane måtte tømast på utedoen. Vassklosett var det ikkje på Veikle.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn

Norges beste kaffi i Skåbu

Mari Leirflaten tok prisen i 1986

Randi Brendløkken (til høgre) tipsa Kaffikomiteen om Maris gode kaffi.

GUDBRANDSDØLEN 7. 5. 1987: Mari Leirflaten på samvirkelagskafeen i Skåbu er kåra til Norges beste kaffikokar i 1986. Tysdag møtte Kaffikomiteen opp i Skåbu med hedersbeviset, «Den gyldne Kaffekjele», og i juni reiser Mari på kaffitur til Wien. Randi Brendløkken tipsa Kaffikomiteen om Maris kaffi og får slå følge til Wien. Mari stakk av med seieren i konkurranse med 400 andre kafear. Den som får prisen, skal ha utmerka seg både med god kaffi og med godt kafemiljø. Kafeen i Skåbu må vere det næraste vi kan kome ein italiensk restaurant her til lands. Mari opnar kafeen når det først gjestane kjem om morgonen og stenger når dei siste går om kvelden. Midt på dagen er det siesta.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, handel, Kvinner, Verksemder

Amundsteinen

Ho tør ikkje rope på sonen sin i frykt for at han kan dette i elva

stein

Toftelva rett under Amundsteinen mot Toftsetra. Foto: Rasmus Stauri

ARILD MAGNE LARSHAUGEN: Når ein går Sørensenvegen i Nordre-Lia, ligg det ein stor stein utpå bergkanten ved øvre Haustsetergrinda med Toftelva 80-90 meter loddrett under. Denne steinen fekk namnet sitt frå ein liten gut som var med mor si på Hovlistugusetra på seterstulen Hovdlisetra på andre sida av elva. Les meir

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn, Setring

– Jeg har likt meg godt i fjøset

Nyttårsaften takket en av de siste budeiene for seg

Den siste budeiatorstein Rolstad

Signe Dalsegghagen: Det var slik at jeg skulle bli budeie, det var liksom ikke snakk om annet.

TORBJØRN MATHISEN: Nyttåraften takka Signe Dalsegghagen for seg i fjøset på Rolstad nordre i Sør-Fron. Hun hadde bestemt seg for å legge opp og nyte godt av trygden etter at hun i mer enn 52 år har tjent i forskjellige fjøs på garder i Sør-Fron. 68 år er hun blitt, og nå nyter hun tilværelsen i sitt lille hus like ved Jensbakken sammen med buhunden Truls. Dermed har en av de aller siste budeiene i Sør-Fron sagt takk for seg. Budeie av det gamle, gode slaget, som har tjent på gardene både sommer og vinter. Om sommeren har Signe vært på fjellet i alle år, og når våren kommer igjen, vil nok lengten til Fronsfjellet bli sterk. I vårt rasjonaliserte samfunn er det snart ikke plass for budeier lenger, og på de fleste gardene er det mannen selv eller kona som tar et tak i fjøset.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Setring

Ny kjerring på gammel gard II

Tradisjoner fra hedensk tid på Sygard Forr?

kbh

kbh

Kari Bay Haugen

KARI BAY HAUGEN:En juletradisjon som ikke eksisterer lenger, er juleroa. Lille julaften bar Hans inn sekker med fersk bjørkeved og tømte utover gulvet. Veden skulle legges tett sammen og dekke to kvadratmeter ved siden av peisen. Øksa ble flittig brukt, og utpå kveldsida var veggen ferdig. Et kunstverk med drivkvit bjørk, som utover året tørket og forandret seg til varme fager og tørr oppfýringsved. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Folketru, Jordbruk, Kvinner