
Category Archives: Idrett
Dette hadde vore eit bra påskeskirenn!

Filed under Idrett
Skål og hurra for Fron skytterforening!
Mykje punsj og ein taletrengd prest
Desse karane i Vinstra skyttarlag var 40 år for seint ute til festen. Foto: H.H.Lie
PER AASMUNDSTAD skreiv eit fantastisk dagboksnotat onsdag 8. oktober 1862, der han skildrar ein skyttarkonkurranse med påfølgjande fest. Her er det mykje punsj, salutt, song, ein taletrengd prest og ikke så reint lite nasjonalt patos: Les meir
Filed under Idrett
Draumen som aldri vart
Kva om dei framsynte hadde fått til eit skisenter på Vinstra?

Det kunne ha vore bygd på Vinstra 20 år tidlegare. Foto: Kvitfjell Ski Resort
JOHS. MYHREN I BLADET FRONSBYGDIN 3/1970: I det internasjonale skisentret på Vinstra er det planlagt å bygge ein stolheis med utgangspunkt i Sorperoa. Startpunktet vil ligge på 340 m og endepunktet blir på 805 m, ein høgdeskilnad på 470 m og lengda blir 1200 m. Terrenget her er noko ulendt og bratt, men skulle likevel høve godt for ein dobbelt stolheis. Høgde over bakken vil neppe bli meir enn 10 m. Les meir
Filed under Idrett
Alt for tjukt med parafin
Frå Dombås til Hundorp i 1948 for å hoppe i Børebakken

OLA HOLEN: Den vinteren eg var 12 år, meldte idrettslaget på Dombås nokre av oss på hopprenn på Sør-Fron. Det var det lengste heimanfrå eg til da hadde vore på hopprenn, for det var tungvindt å koma så langt av garde den gongen som få hadde privatbil. Dessutan hadde idrettslaget dårleg råd. Men tidleg ein sundags morgon i midten av februar 1948 kleiv eg inn på finka på godstoget sørover med nypolerte hoppski og spenning i kroppen. Finka hadde eit lite kott med vindauge inni vogna, som elles berre var eit stort rom. Det vart varma opp med ein koksomn, slik at vogna kunne ha med seg såkalla varmegods. Denne dagen var det vi som var varmegodset.
Les meirFiled under Idrett, Kommunikasjon
Skapande evner i skileiken
Trond Halle fortel om den gongen ungane ordna opp sjølv

«På 1950-talet var det guteklubbar i nesten kvar ein liten repp på Harpefoss. Desse arrangerte skirenn. I reppen der eg voks opp ved Harpefoss skule, var det også mykje skileik da eg var gutunge på 60-talet. Vi laga ein liten hoppbakke og ei langrensløype på Nordgardsjordet (Nordgard Skurdal.) Det å gå opp langrennsløypa, lage i stand hoppbakken, og gjere dei andre førebuingane til rennet var minst like artig som å delta. Eg trur det var sunt for oss å drive på eige hand. Kanskje utvikla vi våre skapande evner betre på denne måten? Eg meiner kanskje det er vel mye tilretteleiing i dag. Ungane blir kanskje fråteke gleda ved å skape noko sjølve.» Skriv Trond Halle i Fronsbygdin 2020, ein artikkel redaksjonen fekk før han døde 7. 10. i år. Eit artig glimt inn i ei tid da det var hoppbakkar på kvart eit jorde. Skaff deg boka. 🙂
Filed under Biografiar, Idrett, Menn
Vinstra Ballklubb kretsmeister i 1932
Men idrettshistoria til Ragnar Øvrelid har mange feil

Styret i Vinstra Sportklubb i 1938. Laget feira da 30-års jubileum. Bak frå venstre: Paul P. Hvattum, Palmer Thorsheim, Paul Reidar Løkken og Einar Brenden. Fremst til venstre Hroar Hvattum og til høgre Ottar Jevne som var styreleiar.
Fotograf: Rusten. Fargelegginga er ny.
PAUL HENRIK HAGE: I band 1 av Historia om Fron av Ragnar Øvrelid, som vart utgjeve av Fron Historielag i 1987, står det ei halv side om starten på organisert idrett på Vinstra. Det er sjølvsagt fint at det er med litt om idrettslivet òg i den grundige historieboka om lokalsamfunnet vårt. Men det er leitt at det meste av det som står der, er feil. Her må historikaren Øvrelid ha mangla gode nok kjelder. Les meir
Filed under Idrett
Toogenhalv mil med hoppski på nakken
En historie fra lenge før foreldre kjørte unger til skirenn

Jakob Brenden er det ikke, men det var vel slik de så ut, de spreke karene på 1930-tallet? Dette er John Sandbakken, f 1901 på Vinstra. Foto fra Vegar Skar.
JAKOB BRENDEN: Først på 1930-tallet var hovedkretsens konkurranse i langrenn og hopp lagt til området ved Fefor Høyfjellshotell. Lesjingene var best i Gudbrandsdalen, men også Skåbu hadde utøvere som hevdet seg bra på kretsplan og sendte fire mann, Adolf Solberg og jeg var juniorer. Kombinert med langrenn lørdag og hopp søndag. Det var mørkt om morgenen da vi gikk på ski fra Skåbu med hoppskiene på nakken for å delta i langrennet samme dag. Vi kom fram knapt en time for rennet skulle starte, var dyktig slitne etter toogenhalv mil i ubrøytet løype, og det ble ikke mye tid til å smøre ski. Les meir
Filed under Biografiar, Idrett, Menn, Uncategorized
Gålå-sprinten retro i 2019!

Slik blir Gålå-sprinten 2019.
Nei, han blir ikkje det.
Ser ut til at arrangørane ikkje bryr seg om denne saka frå 1. april. Akk ja:
Rennleiinga har vedteke at Gålå-sprinten 2019 skal vere økologisk retro, for å markere ei haldning mot utstyrshysteri, konsum og usunn idrett. Pål Egil Rønn fortel at det blir påbod om treski med hælbinding, bambusstavar, inga klesplagg i kunststoff og ikkje skismøring utvikla etter 1950. Løypa blir ikkje køyrd opp maskinelt, men tråkka i enkeltspor, slik at løparane må rope «løype» når dei vil forbi. Bjørnar Bakken har vore i kontakt med Vegard Ulvang i det internasjonale skiforbundet, som er positiv til idéen og går inn for at Gålå får arrangere verdscuprenn i retro i mars 2020.
Men hadde nå vore morosamt, da.
Filed under Idrett
Nytt badeanlegg på Frya!

Det nye bassenget på Frya tatt i bruk. Jan Duedal instruerer svømme-elevene.
LARS TRESSUM: Tidlig på 1960-tallet fant Arne Tressum (1916-1989) på Frya Landhandleri ut at stedet trengte et basseng til bruk for ungene på stedet, men også som trekkplaster for turister på campingplassen. Det ble gravd ut ei grop i morengrusen like sør for kaféen, det ble forskalet og støpt på dugnad. Størrelsen var neppe mer enn 3×5-6 meter med en dybde på 90 cm, og det var ikke noen form for renseanlegg (klor ble tilsatt manuelt.). Spenningen var stor den dagen bassenget skulle fylles med vann. Men skuffelsen var stor da vi sto opp neste dag – bassenget var bare halvfullt.
Filed under Idrett, Verksemder
Hoppbakken som vart demd ned

Veslumkollen i Skåbu, truleg i 1952. Bildet lånt av Sjur Sande
PAUL HENRIK HAGE: Veslumkollen i Skåbu låg ved det nedste av Vinstervatna, Olstappen (666 m over havet), og hadde flata på isen. Bakken vart teken i bruk i 1946 etter mykje arbeid av medlemene i Skåbu idrettslag og var nedlagt alt fyrst på 1950-talet på grunn av kraftubygginga i elva Vinstra. Olstappen vart reguleringsmagasin, bygd 1953-55. I fyrste rennet i 1946 var lengste hoppet 41,5 m. Ivar Løkken, Vinstra fekk Damenes pokal i det rennet og vann 1. pr. i 1948. Det er han som er avbilda over i svevet, truleg i 1948. Les meir
Filed under Idrett