Author Archives: CHG

About CHG

Skribent. Har vore journalist i Stavanger Aftenblad og Aftenposten, kulturredaktør og kanalsjef i NRK Radio, produsent og dramatikar i NRK Radioteatret.

Ein gong levde det folk her

Historia om Eldri og Ola, husmenn i Reire

reire1

Eldri og Ola Reire. Foto: Peter Muriteigen, utlånt til Sør-Fron-kalenderen av Odd Midtlien.

ODD JAN SKRIUBAKKEN: Husmannsplassen Reire låg høgt oppe i Lia, ja, fra Ulberg må ein klatre opp eit berg, så det var vel helst grunnen til namnet. Plassen vart rydda ein gong mot slutten av 1700-talet. I folketeljinga frå 1890 er Ole Andersen husmann. Han og familien kom frå Heidala. Dei arbeidde i Ulberg før dei kom uppi Reire. Det er fortalt at dei budde i ei barhytte trast dei var gifte (i Heidal). Men dei hadde med seg ei ku og ei kvige da dei tok til som husmenn i Reire. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kvinner, Menn

God jul med ein stribukk

Det blir ikkje jul på heimesida til Fron historielag utan Per Tofte og ein stribukk av ein bestefar som mjuknast av barnebarn og høgtid.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Han sovna med hovudet mot kuvomma

Historia om Hans Sandbakken, ein av dei siste slitarane

hs2

Hans Sandbakken gifta seg med Elen Hage (1899 – 1974) frå Søre Hågå. Dei fekk sønene Paul i 1918 og Kristian i 1924. Da setra til Hågå på Sulsetra vart seld i 1933, tok Elen ho att på odel og flytta dit med sonen Paul. Hans vart buade att på Sandbakken. Fyrst vart setra drive som fjellgard, men snart var det bygd på nokre soverom til turistar. Saman med soen bygde Elen opp den etterkvart så kjende turiststaden Sulseter fjellstugu. Foto: Anton Løkken.

ANTON LØKKEN: Da eg fekk meg fotoapparat i 1982, vart det mange bilete av ungar, gamle folk, hus og landskap. Ungane er nå vaksne, dei gamle borte og landskapet endra. Å sjå att slike bilde kan vera vemodig. Men dei kan minne ein om at også nåtida blir fortid om ikkje så alt for lenge. Ein av dei eg tok mange ljosbilde av, var Hans Sandbakken (1894 – 1975). Da var han nærare 80 år gamal. Han let seg ikkje uroe av knipsinga mi, men dreiv med sitt i det tempoet som passa han. Les meir

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Tre tonn lokomobil skar torv

Historia om Sødorp Brændtorvfabrik

lokomobil1

Lokomobilen låg i mange tiår nedgrave i Nysetermyra samen med restane av torvfabrikken. Det er ein Marshall&Son dampmaskin på 10hk, som nå er til restaurering hos Terje Dokknes på Murudalen.

HANS PETTER KLEIVEN: Torva kom til heder og verdigheit att som energikjelde i Fron på 1900-talet. Utstyret dei brukte:  Lokomobil: ei dampmaskine som vart fyra med feitved og anna som dei fann i myra. Elevator: eit samleband på ei treramme med kjettingdrift, laga av Mathias Skar. Den frakta torva frå grøfta og opp i blandekummen. Elevatoren vart dreven av dampmaskina. Blandekummen: ein ca to kubikkmeter stor jarntrommel, laga av Mathias Skar. Inni her dreiv lokomobilen nokre roterande knivar, som kutta og blanda torva og vatnet til ein passeleg velling. Gjennom ei kran tappa dei trillebårene fulle med masse frå blandekummen og trilla bårene på utlagde plankar til flate, høvelege plassar på myra. Formene: nokre trerammer på ca 1×1 meter, ca 10-15 centimeter høge, ruta opp i mursteinstore rom. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Eit handtrykk over lange avstandar

Presten Sverre Hov om den viktige julehelsinga

79933331_10157273115864230_6241356108435292160_n

«Det er mangt eit venskap som har vorte halde oppe ved ei helsing til jul.» Bilde frå Marita Aanekre

SVERRE HOV I FRONSBYGDIN BYGDEBLAD 4 1971: Det er ein vakker og god skikk dette, å sende helsingar og gje livteikn frå seg, sjølv om det ikkje er oftare enn ein eller eit par gonger i året,  so i allfall til jul. Det er mangt eit venskap som har vorte halde oppe ved ei helsing til jul. Det kan vera gamalt venskap, frå barndom eller ungdom. Ei julehelsing kan vera som eit handtrykk over lange avstander og lange tider. Så har dei ikkje gløymt kvarandre! Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kommunikasjon, Kunst og handverk

Ta sats, løp og kjøp Fronsbygdin!

Skjermbilde 2019-12-12 kl. 11.07.59

Det skriv Tone Sidsel Sanden i Dølen i dag. Ho meiner at folka i bygdebokas redaksjon har en gjeng med ivrige og dyktige skribenter med seg. Dei får fram unike historier, som aldri hadde vorte fortald, dersom det ikkje hadde vore for Fronsbygdin. Ho nemner Odd Jan Skriubakken si vandring blant nedlagte husmannsplassar på baksida og artikkelen om motstandsmannen Hans Skriubakken. Paul Henrik Hage tar for seg sjølvaste Brakjebakken, noko som «bringer minner om en svunnen barndom med fart og spenning.» Her er og godt stoff om yrkesliv, om oppvekst og spelmenn. «Med andre ord, nok en solid utgave av Fronsbygdin.»  Ta sats, løp og kjøp bygdeboka for Fron! Finn du ho ikkje i butikken, send epost til ninarudi@online.no, så får du boka i posten.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Hittil bare fisleflommer i Gudbrandsdalen

Kan vi få en ny bibelsk flom? Ja. Og nei.

p1000511

Kan en flom nå mye høyere enn dette?

Inntil ganske nylig har storflommen Storofsen fra 1789 vært betraktet som den verste naturkatastrofen i historien. Konsekvensene blir småtteri i forhold til flommene som herjet dalføret før manns minne. – Vi ser at man har hatt flomsituasjoner som har vært langt mer omfattende enn det som har vært kjent som norgeshistoriens største flom, sier arkeolog Ingar Gundersen. Han ledet teamet som gjorde de oppsiktsvekkende funnene i Sør-Fron. Skriver tu.no. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon