IVAR KLEIVEN: For 236 år sidan budde det to ugifte, gamalvorne systre i Huskelia, Marit og Tore Jonsdøttre. Desse to systrene, som budde einslege på denne vesle garden i Kvikne, som ligg noko avsides til på baksida av Vinstra, skulle sitja i velstand. Ein vår i våronntida døde ho Tore brått og uventa. Dei fann ho att på åkra i Huskelia, ho låg på magen og hadde munnen full med jord. Sidan levde Marit einsleg i Huskelia.
Author Archives: CHG
Ljugar-Endre og fa´n
Det var gut som smurde tjukt på

IVAR KLEIVEN: N´Endre Amundsson Lo har vore mykje omtala på Fron oppgjennom tida, for ´n var ein underleg selle, ein storskrytar og storljugar; på Fron vart han derfor mest kalla for Ljugar-Endre. N´Endre var elles av godt folk, for far hans, n´Amund Torsson, var bror hans Tor Bratt på Bjølstad og fødd pålag 1685. N´Endre brukte Lo ei stond, men kjøpte sist nørdre Rollstad av fauten, n´Kristen Pram. Nokon driftig gardbrukar var ikkje n´Endre, det var nok ikkje meir enn så vidt det slong, men skryta av alle storbragdane sine var han kar til, og det var gut som smurde tjukt på.
Les meirFiled under Biografiar, Menn
Ein god æresmedlem
Til minne om Vegar Skar (1945-2021)

RASMUS STAURI: I 2020 vart Vegar Skar frå Sør-Fron utnemnd til æresmedlem i Fron historielag. Han gjekk bort 21. februar i 2021, og fekk såleis glede seg over æresmedlemskapet i historielaget det siste året han levde. Det synlege uttrykket hekk på veggen på rommet hans på Sørheim omsorgssenter, der han budde ei tid før han døydde. Vegar Skar vart fødd på bruket Nedre Skar 23.9.1945 og var yngst i ein syskenflokk på tre – ein ordentleg attpåklatt. Etter eit par år flytta familien ned i bygda til plassen Furumo nedafor Lillehove i Sør-Fron, og her voks han opp. Han reiste ut på kvalfangst midt på 1960-talet, og han arbeidde på Vinstra-anlegget og Harpefoss-anlegget før familien flytta til Drammen. Resten av arbeidslivet arbeidde han som bygg- og anleggsarbeidar i Oslo. Han og Else (f. Wahlquist) fekk fire ungar; dei opplevde å bli besteforeldre, og dei fekk også eit oldebarn.
Les meirFiled under Informasjon
Nytt tak med GD-fondet
Oppgangssaga ved Sulheim blir bra!

Fron historielag takker for støtten fra GD-fondet, kr 5000, som bidrag til å legge nytt tak på oppgangssaga ved Sulheim. 🙂 Morten tømrer AS er i gang med jobben.
GD Fondet skal støtte mangfoldet innenfor kultur i GDs distrikt fra Mjøsbrua i sør til Skjåk i vest og Lesja i nord. Fondet skal yte støtte i form av økonomisk bidrag inntil 5000 kroner til konkrete prosjekter som lag eller foreninger måtte ha planer om. Tildeling fra fondet skjer to ganger i året.

Filed under Kunst og handverk, Verksemder
Han sette mange fotavtrykk
Hans Petter Kleiven er død
RASMUS STAURI: Hans Petter Kleiven (1930-2021) sette mange fotavtrykk – i reiselivet, i Peer Gynt-stemnet, i lokalpolitikken og i det lokalhistoriske arbeidet. Historielagsmiljøet og lokalsamfunnet i Fron fekk stor glede av initiativa, gløden, formidlingsevnen og dei store kunnskapane hans. Fron historielag og Fronsbygdin vil takke og heidre Hans Petter ved å publisere artikkelen hans om gulltransporten i aprildagane 1940 i årboka for 2008. Takk, Hans Petter! For redaksjonen
-Få nordmenn var med på noe så dramatisk under krigen som de frøningene som bidro til gulltransporten i 1940, sa Hans Petter Kleiven i sitt meget gode kåseri på historielagets årsmøte 3. april. En utrolig historie, og inni dette kåseriet er det gjemt et godt filmmanus. Værsågod. Her er Hans Petter Kleivens fortelling: Les meir
Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Krig, Menn
Dei fem toftejentene fekk skåp
BJARNE JETLUND: Det var nokså vanleg at jentene i familien fekk med seg skåp i heimefølge når dei flytta ut. Etter fem jenter på Tofte finst det fem stasskåp. Felles for alle skåpa er at dei har følgt storstovene der dei har vore, og dei er stelt pent med. Dei står der og vitnar om skapande hender og solid og varig handverk. Les meir
Filed under Kunst og handverk
Få med deg kjentfolk på tur!
Det er berre å laste ned appen Hidden

«Eingong seint ein julekveld fik´n Peder Dass bo frå konga i Kjøbenhavn at´n skull kåmå å præke før hoffe tile juldagsmorgon.» Så fekk presten skyss med fanden. Dette sagnet finn du på appen Hidden når du oppsøkjer Sødorp-kyrkja. På appen er det kart, der du ser all informasjon som er lagt inn om stader og fornminne og segn i Fron. På bildet under kan du sjå at det er over 250 av dei både i Vinstra- og Hundorp-området. Det skal visstnok vere fritt fram for å bidra med fleire segner og meir informasjon. Det er berre å trø til! Meir om appen finn du her.

Filed under Informasjon
Fiskebilen til John Lereggen

Fiskebilen til John Lereggen ved Sandbakkrampa i Nedre Sødorp 1966. Bilde og tekst frå FB-sida til Paul Henrik Hage
Fiskebilen til John Lereggen var eit kjært innslag for både is-svoltne ungar og husmødre som lurte på kva dei skulle laga til middag. Ein humoristisk og slagferdig kar som spreidde mykje trivsel i grenda. John Lereggen (1907–1972) var frå kystkommunen Roan i Sør Trøndelag og kom til Otta i 1930. To år seinare følgde ektefelle og to barn etter. Familien fekk leige husrom hos Magnus Bismo. John Lereggen var det vi i dag kallar salsjåfør og køyrde fiskebilrute for Brødrene Lothe i Trondheim. Her kan du lese meir om han.

John Lereggen tel pengar ein gong på 1960-talet. Bilde frå Jorunn Holen
Mange interessante reaksjonar på Facebook-sida til historielaget:
Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn, Verksemder
Blir det klokkespel på ny?
Men ikkje i tårnet, klokkene er for tunge

I januar 2015 vart det nok ein rundt med lokalhistorisk utveksling på FB-sida til historielaget. Temaet har nå vorte høgaktuelt: Klokkespel i Sør-Fron kyrkje: John Arne Nilsestuen: I Sør Fron kirke er det et klokkespill i tårnet. Har hørt at det var en fra Sveits som ga det til kirken. Stemmer det og om det gjør, hvorfor er det ikke i bruk i dag? Kåre Hosar: Klokkespillet var et elektronisk klokkespill, det vil si det var noen strenger som laget lyden, men den ble elektronisk forsterket. Det kom på plass i kirken ved restaureringsarbeidene i 1950-årene. Elektronikk er dessverre ikke evigvarende, så det virker ikke lenger. Jeg vet ikke hvor det var laget, men det var gave fra en norskamerikaner, en ætling fra Melgard. Egil Stakston: Klokkespillet vart innvia 3. juni 1956, under festgudstjenesten som markerte gjenåpninga av kirka etter det store restaurering- og modereniseringsarbeidet på 50-tallet. Andrew Melgard og sønnen var tilstede under innvielsen. De første tonene som strømmet ut over bygda var «Deilig er jorden».
Les meirFiled under Folketru, Kunst og handverk, Musikk