Author Archives: redvald90

Kva tyder avrå’e? Ha’leg? Mjoge? Såmy?

Her finn du ord som Ivar Kleiven nytta i Fronsbygdin 1930

Professor Andreas Bjørkum

Dette innlegget er for dei som verkeleg har sans for språk og fronsmålet spesielt. Det er ein artikkel på høgt fagleg nivå av professor Andreas Bjørkum med ei ordliste over det språket Ivar Kleiven nytta i lokalhistorieboka Fronsbygdin i 1930. Ivar Kleiven (1854-1934) var lokalhistorikar og folkeminnesamlar, fødd i Vågå.  Han var ein fin stilist og har gitt Gudbrandsdalsmålet litterær hevd.

Les meir

3 kommentarar

Filed under Språk

Bli med TvØst på bokslepp

Møt Guri Skurdal, Vemund Hagen, Per Tofte og Rasmus Stauri i samtale med Kari Bay Haugen og hugs boka er nå til sals!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Litteratur

Livet i ei lita bygd

Gunnhild Eide Myhre

Gunnhild Eide Myhre

1.klasse studiespesialiserande line (1STB) på Vinstra vidaregåande skule fekk som siste stiloppgåve våren 2013 å skrive ein tekst med emne frå lokalhistoria.  Her er Gunhild Eide Myhre frå Kvam:

GUNHILD EIDE MYHRE: Å vekse opp i ei lita bygd har hatt både fordelar og ulemper. Det har ikkje alltid vore lett å vere eit barn på ein plass der det går lite folk på skulen og ein møter det same kvar dag. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner

Da sør-frøningane ville velja seg prest sjølve

30534 Presterolla var utfordrande før i tida også. Dette brevet frå 1890 var tenkt til kyrkjestatsråden, men vart stoppa av sorenskrivaren på Heggerud. Frøningane er lei av «gamle og til dels udslidte Præster»! Men slikt opprør ville ikkje sorenskrivar Beer ha noko av.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Bjerkebæk – heimen til Sigrid Undset frå Kvam og Sør-Fron

Sigrid Undset i «Dalsegstuen» på Bjerbæk

MARIT HOSAR OG KJELL MARIUS MATHISEN: I dag er heimen til Sigrid Undset gjort om til museum, og er ein stor attraksjon i distriktet. Korleis gjekk det til at diktarheimen Bjerkebæk fekk hus frå Fron? Denne artikkelen gir svara. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Kvinner, Litteratur

Dølen: Ei digital historievandring

Ole Christian Risdal, ansvarleg for den nye historiebloggen. Foto: Bjørn Sletten, Dølen.

«Denne sida er både tradisjonell og moderne på same tid. Eg vil kalle det ei digital historievandring gjennom fronsbygdene», seier Ole Christian Risdal til Dølen om den nye bloggen til Fron historielag. Tanken er å få til ein konstruktiv dialog om lokalhistorie, der det blir deling av kunnskap og diskusjon, i staden for at ein sit på kvar si tuve.

Den gamle sida vår var nokså amatørmessig, men vi i laget har ikkje hatt den nødvendige digitale kompetansen til å få gjort noko med det. Heldigvis kom vi i kontakt med Carl Henrik Grøndahl, som forbarma seg over oss og laga ei heilt ny nettside, ein historisk blogg,

seier Ole Christian Risdal, som lovar å vera på hugget og tilby nye gamle nyheiter heile tida. «Ei side som ikkje er oppdatert, blir fort utdatert. Det skal ikkje vi bli.»

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Stortings-Per

Per Mellesmo - stortingsmann 1954-77

Per Mellesmo – stortingsmann 1954-77

PER OTTESEN: «Du veit eg hadde kneskjelven, så det var lenge før eg torde gå på talarstolen», smiler Per Mellesmo på spørsmål om han hugsar første gongen han tala i Stortinget. Og «Stortings-Per», som sambygdingar omtala han medan han sat på Tinget, legg til at å gå på talarstolen i Stortinget blir ein aldri van med. ”Nei, det er ikkje slik som i eit bygdahus eller eit kommunestyre. Det er meir høgtid og alvor i Stortinget. Der må ein vege orda sine betre”. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn