Author Archives: ocri2013

Mykje folk og god stemning på Rudi

Ole Chr. Risdal: Rundt 90 personar tok turen til Rudi Gard i går kveld for å få med seg gode historier. Jens Tangen, Arild Larshaugen og Johannes Lunde sørgde for at latteren stod i taket på Rudilåven. Historielaget er svært takksame for at desse svært gode forteljarane kunne stille opp! Ein stor takk går også til Karina Holen, Eivind Holen, Rasmus Stauri og sjefen på låven, Øystein Rudi, som sørgde for at folk også fekk servert god tradisjonsmusikk og artige spelmannshistorier frå Fron! Vi takkar også Rudi Gard for at dei hadde stelt så fint i stand til denne kvelden! Her kan du høyre noko av det som blei fortalt. Du høyrer fyrst Johannes, deretter Arild og til slutt Jens:

Éin kommentar

Filed under Folketru, Informasjon

Kom og høyr levande historie!

Forteljarkveld på Rudi gard Skjermbilde 2018-10-08 kl. 12.00.14

Torsdag 11. oktober kl. 19.00 arrangerer Fron historielag forteljarkveld på Rudi Gard. Johannes Lunde, Arild Larshaugen og Jens Tangen kjem og fortel mykje artig og interessant frå gamle dagar. Inngang: 190 kr. Dette inkluderer kaffi og kringle.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Jakt og fiske, Kvinner, Menn, Setring, Verksemder

Nitimen frå Skåbu

heide1

Heide-butikken; Eit kjent landemerke i Skåbu som dessverrre høyrer til svunne tider. Bua, som var oppført rundt 1860 og påbygt i 1933, vart totalskadd i brann i september 1975 og bygt opp att. Butikken, som også vart vidkjent for rakefisken sin, vart nedlagt i 1978. Her var det også kafé og staden vart ein viktig møteplass for både fastbuande og turistar. Til høgre Timann Heide, på benken sit sonen Kristian og på sleden ser vi Ola Dalen. Det var far til Timann, Johan Kristian, som heldt fram med butikkdrift her på 1890-talet, etter at han kjøpte garden Bakkerud. Johan Kristian hadde allereie i 1870, saman med mora Rønnaug, starta opp med handelsverksemd på plassen Åbakken og seinare på Hågålykkja. Bilete frå Marie Heide.

Ole Chr. Risdal: Våren 1972 var Nitimen og Kjell Thue i Skåbu og sende direkte frå den legendariske Heide-butikken («Timannbua»). Her var det samla både innfødde og innflyttarar for å fortelje historier og gje eit bilete av fjellbygda ved foten av Jotunheimen. Tusen takk til Hans Sletten i Skåbu for lån av opptak! Han er barnebarnet til ein av aktørane, Emil Hølmyren. Kos deg med programmet her: 

Kommenter innlegget

Filed under Jakt og fiske, Jordbruk, Kommunikasjon, Musikk, Verksemder

Interessant markvandring

Markvandringa langs Golo i Ruste den 29. august vart både interessant og triveleg. Rundt 20 personar møtte opp og fekk vete mykje om verksemda i og rundt Golo. Det var Anders Haugen, Arne Lunde og Anton Syverhuset som var arrangørar og guidar på turen. Det er Anders som fortel på videoen. Les meir

Éin kommentar

Filed under Jordbruk, Verksemder

I Achilles sine fotspor

Torsdag 23. august var styret i Fron historielag på ein interessant tur innpå Sødorpfjellet. Vi fekk ei levande skildring av korleis forsyningsgruppa «Achilles» opererte under den andre verdskrigen. Sverre Brenden frå Vinstra var leiar for denne gruppa, medan broren, Einar, fekk ansvaret for meldeplassen «Tostaurbua» ved Storvatnet. Med på turen var døtrene til desse to motstandsmennene, Bjørg Haugen og Eldri Brenden. På videoen fortel Eldri, godt assistert av Bjørg, om faren Sverre som heldt seg i skjul i ein kåk i Røyskattlia, og kva oppgåver han hadde. Les meir om desse karane her: https://fronhistorielag.com/2013/11/22/sverre-brenden-og-kodenamn-achilles/

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Krig

Tur langsmed Golo

Det som i dag er att av Hovsdammen.

Frammøte på Brattliflata onsdag den 29.august kl. 18.00.

Vi samkøyrer til Voll. Frå der går vi på nordsida av Golo og ned til brua ved Kvernstugu, deretter vidare opp til Brattliflata.

Det blir fleire stopp på vegen der vi drøftar; saganlegg, vatningsanlegg og kraftanlegg.

Ta med det de ynskjer til ein rast undervegs.

Arrangørar: Anders Haugen, Anton Syverhuset og Arne Lunde.

Vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Verksemder

Interessant og triveleg markvandring!

I midten øvst: Initiativtakarane Johannes Lunde, Anders Haugen og Lodver Bryhn utfylte kvarandre på ein glimrande måte. Foto: Ole Chr. Risdal

Ole Chr. Risdal: Det blei ei riktig så triveleg og artig markvandring gjennom Rustmoen tysdag kveld. Rundt 30 frammøtte fekk ein lokalhistorisk leksjon av dei sjeldne. Initiativtakarane Anders Haugen, Lodver Bryhn og Johannes Lunde utfylte kvarandre og sørgde for både skjemt og alvor. Her fekk ein høyre om gamle og nedlagde bruk og folket som budde der, utvandrarar, skulesoge og grusuttak. Det blei ein givande kveld! Vi kjem med meir seinare.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Årsmøte i Fron historielag 5. april

Rasmus og Hans Kjorstad kjem på årsmøtet. Foto: GD

Årsmøte torsdag 5. april 2018 kl. 19.00 på Sinclair i Kvam.

Vanlege årsmøtesaker. Erfaring med grendamenn. Saker for årsmøtet må meldast til styret innan 20. mars.

Hans og Rasmus Kjorstad vil underhalde med felespel.

Bevertning.

Styret ønskjer nye og gamle medlemmer vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Slutt på julefeiringa!

tc3b8nneOLE CHR. RISDAL:  På 1800-talet var det ein som heitte P. Carlsen Foss som sette i gang ei større tømmerdrift i Skåbu. I samband med dette verserer det ei spesiell julehistorie. Det var på slutten av ei julehelg, og det hadde vore vel mykje turing på Hølmyra. Dei som var med, skulle vere ein tømmerhusbond til Carlsen, ein del av hoggarane hans som låg der, samt eit par bygdekarar. Det lei så langt uti jula at drifta skulle vore i gang att. Men karane hadde enno att ein kagge med brennevin som dei sat og godgjorde seg med, og somme hadde nok sovna óg. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Menn, Verksemder

Norske gardsbruk

DSC_0147-gardsbruk

Manglar du Norske Gardsbruk i bokhylla di eller treng du idéar til julegåver? Da kan du gjere noko med dette no. 800,- pr. eksemplar, men rabatt ved kjøp av fleire bøker. Kontakt: 97733315 eller olerisdal@hotmail.com

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Jordbruk, Litteratur