Author Archives: ocri2013

Slik temmer ein lystene!

Med seks neglar og tre hår

BulllystFJORDE KLASSE SKÅBU SKULE 193?:Det var for lenge sidan. Det var med bestemor var ungjente. Og ho tente på ein gard. Så var det ein dag det kom ein framandkar til gards som gjekk og selde nokre småsaker. Og så kom bestemor inn, og han byrja å tale med ho. Han spurde etter om han skulle få liggja der om natta. Han skulle nå få det. Bestemor lå i fjøset. Så var det da ho skulle av stad og leggja seg, så sa han: – Eg trur du kjem i natt åt meg, og. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kvinner

-Glad for at eg har opplevd å vere krigsfange

 Arnfinn Bøe – ein hardhaus utanom det vanlege!

bøe

Arnfinn Bøe. Bilde frå Tove Annethe Bøe (MyHeritage)

Anfinn Bøe (1895-1979) frå Nordgard Bryn i Ruste var ein hardhaus som det framleis går gjetord om. I 1975 laga Oddmar Myrum ein reportasje om han i Gudbrandsdølen. Her kan du lese om utrulege episodar frå arbeidslivet og ikkje minst opplevingar under den andre verdskrigen.  Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Krig, Menn

Musikalsk tilbod til medlemmar!

Torsdag 10. oktober kl 10.30 i Inntunet på VVS

Fron historielag har gleda av å spandere konsert på alle medlemmar torsdag den 10. oktober. Det er ein trio med Rasmus Kjorstad på fele, Ådne Svalastog på trøorgel og Bjørn Sigurd Glorvigen som syng og spelar gitar. Dei framfører i hovudsak folkesongar frå Dovre. Konserten startar i Inntunet på Vinstra vidaregåande skule klokka 10.30. Det er moglegheiter for å kjøpe seg kaffi og biteti i kantina. Velkomé!

 

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Flott sundagstur!

Denne flotte infotavla blei «avduka» under sundagsturen. Frå venstre: Åge Hagestuen, Bjørg Haugen, Eldri Brenden og Egil Myhre.

Det blei ein flott sundagstur til Røyskattlia førre sundag. Vérgudane var snille med oss og sørga for betre vér enn det var spådd. Det einaste vi kunne klage på var oppmøtet. Vi blei berre 13 som tok turen innover Sødorpfjellet. Men hyggeleg og interessant blei det uansett. Egil Myhre og Åge Hagestuen hadde sørga for ei flott infotavle vedrørande aktiviteten her under den andre verdskrigen. Her må det nemnast at Fredrik Weikle ferdigstilte tavla vederlagsfritt. Ein stor takk til både han, Egil og Åge! Det same til Rolf Hage som bussa oss gratis! Eldri Brenden og Bjørg Haugen var med i år også, og dei fortalde om kva slags påkjenningar fedrene (Sverre og Einar Brenden) var utsett for under krigen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Tur til Røyskattlia sundag 15. september

Sundag den 15. september arrangerer historielaget ny tur til Storvatnet og Røyskattlia. I fjor var Bjørg Haugen og Eldri Brenden med og fortalde om fedrene sine og motstandsgruppa Achilles som heldt til her under den andre verdskrigen. Les meir her: https://fronhistorielag.com/2013/11/22/sverre-brenden-og-kodenamn-achilles/  Buss går frå Sødorptunet kl. 12.00. Det er ca. 1,5 time å gå frå der bussen stoppar. Ta med niste. Overrasking på lur! Vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Rustværar som utvandra til Inderøy

Frå 1836 til 1840 var det uår og naud i Gudbrandsdalen

Tarud i Ruste. Det var her familien reiste ifrå. Til høgre ser vi steinfjøset frå 1867, bygt av Hans Poulson, bror til Ole som drog nordover. Hans skal også ha bygt gammelstugu i Tarud, som vart rive rundt 1970. Stabburet til venstre har vi ikkje opplysningar om. I dag er det Hans Erik Tarud som er eigar av garden. Foto: Ole Chr. Risdal

ANDERS HAUGEN/ÅSHILD VANG: For tre år sidan kom det ein laurdag to frå Inderøy som søkte slekt i Ruste. Ole Brandstadmyren var namnet dei kunne oppgje. Det tok litt tid før eg kunne plassere den karen. Det viste seg at han var av den gamle Tarudslekta, den som hadde Tarud før Ole Gryttingslien kjøpte den av Pål Hansson Tarud i 1895. Pål, som også var skulemeister i Ruste, hadde ikkje eigne barn og selde garden. (Les om han i Årbok for Gudbrandsdalen 1982 s. 73.) Ole Poulson Brandstadmyren var onkelen til Pål. Ole var nummer tre av ein syskenflokk på fire. Alle syskena vart gifte og har mange etterkommarar i Ruste og Amerika, men også på Inderøy i Trøndelag, dei som denne historia handlar om. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Kvinner, Menn

Omgangsskolen i Skåbu og lærar Torger T. Risdal

Torger T. Risdal og familien hans om lag 1885. På fanget til Torger: Mari f. 1882, Ivar i midten (døydde tidleg). På fanget til Kari: Svein 1884. Bak står odelsguten Torger f. 1877.

Torger T. Risdal og familien hans om lag 1885. På fanget til Torger: Mari f. 1882, Ivar i midten (døydde tidleg). På fanget til Kari: Svein 1884. Bak står odelsguten Torger f. 1877.

OLE CHRISTIAN RISDAL: Torger T. Risdal frå Skåbu tente læraryrket i nesten 50 år. Frå 1872-1919 hadde han ansvaret for opplæringa i to skolekrinsar. På den tida var det såkalla omgangsskole, der ungane rullerte skolegangen frå gard til gard. Skåbu fekk ikkje eige skolehus før i 1908. Ved sida av lærargjerninga var han både gardbrukar, kyrkjesongar og bygdehistorikar. Samstundes var han politisk engasjert, og her var han særskilt oppteken av utviklinga i fjellbygda. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Verksemder