Dei fleste middelaldrande og den eldre garde i Fron, hugsar heilt sikkert dyrlege Loe. Det var fleire kommunar i landet, i tillegg til Fronskommunane, som fekk glede av å ha denne dyktige veterinæren hos seg. Mange erindrar sikkert at sonen hans, Bjørn, var med faren rundt omkring på oppdrag, bl.a. i ein blå Mercedes! No har han skrive biografien om faren sin. Boka er til sals no rundt omkring – så flyg og kjøp!
Author Archives: ocri2013
Forteljarkveld torsdag 5. november

Det blir forteljarkveld i Sør-Fron kulturhus torsdag 5. november kl. 18.30. Asbjørn Myrvang vil fortelje både om og frå den gamle skulen på Glasmestermoen. Her blir det fokus på skulesoge og på den store betydninga og rolla skulen hadde i lokalsamfunnet. PS! Koronasikkert arrangement. Gratis inngang! Vel møtt!
Filed under Informasjon
Forteljarkveld i Sør-Fron kulturhus torsdag 5. november
Det blir forteljarkveld i Sør-Fron kulturhus torsdag 5. november kl. 18.30. Asbjørn Myrvang vil fortelje både om og frå den gamle skulen på Glasmestermoen. Her blir det fokus på skulesoge og på den store betydninga og rolla skulen hadde i lokalsamfunnet. PS! Koronasikkert arrangement. Det vil også bli lagt opp til omvising på Glasmestermoen. Ope for alle medlemmar. Vel møtt!
Filed under Informasjon
Dokumentarroman med tilknyting til Fron
Knut Jensson Rydland gjekk 2 år på Kristiansand lærarskule frå 1905 til 1907. Han tok lærareksamen 29. juni 1907. Deretter var han lærar i Ruste i Nord- Fron i Gudbrandsdalen frå hausten 1907- des. 1908. Han var frå 1910 lærar på den ambullerande Amtskulen i Sunnhordaland. Då skulen blei fast, 1/1 1916, blei han tilsett som styrar ved den Søndhordlands Amtsskule og like til skulen blei nedlagt i 1932. Namnet på skulen blei endra i 1919 til Sunnhordland Fylkesskule. Du kan treffe forfattaren på boklanseringa vår den 29. oktober. Da vil det også bli moglegheit til å kjøpe ho.
Filed under Informasjon
Flott tur til Hillingen
Ole Chr. Risdal: Praktfullt haustvér, triveleg sosialt samvær og verdigheit danna ramma rundt den flotte turen til Hillingen i går. Trass dette var vi berre 12-13 markvandrarar som fekk oppleve dette. Les meir
Filed under Informasjon, Krig
Sterke historier på årsmøtet!
I underkant av 30 personar møtte opp på årsmøtet torsdag kveld. Etter gjennomgang av årsmeldinga og rekneskapen, der ein kunne konstatere at laget er aktivt og har god økonomi, kom Arild Teigen og heldt eit sterkt og solid foredrag om falne dølar under den 2. verdskrigen. Vi kjem attende med meir info frå årsmøtet.
Filed under Informasjon
Tur til Hillingen sundag 13. september kl. 11.00

Tyske soldatar ved Hillingen etter kampane. Bildet er frå Bundesarchiv i Koblenz og tilhøyrer arkivet til Kristian Hosar. Foto: Ukjend
I år er det 80 år sidan landet vårt vart okkupert av ei brutal krigsmakt. Det er derfor naturleg å markere dette med ei vandring til eit krigsminnesmerke. Under føresetnad om opphaldsvêr arrangerer Fron historielag i samband med dette tur til Hillingen ovanfor Kvam sundag den 13. september. Her kom det til hektisk strid mellom norske soldatar og ei tysk kampgruppe den 26. april 1940. Mikal O. Mølmen frå Lesja, Torolv Weibye Bjørnsgaard frå Lillehammer og Harry Gether Rønning frå Oslo, gav liva sine her i kamp for fedrelandet. Vi møtast ved «Gammelbua» (kaféen) i Kvam kl. 11.00 og køyrer i følgje frå der. Vi oppfordrar folk til å samkøyre da det er begrensa med parkering der vi skal gå ifrå. Deretter køyrer vi oppover Veikledalen og svingar av mot Lauvåsfeltet, og køyrer så eit stykke innover. Frå parkeringsplassen tek det ca. ein time å gå til Hillingen. Der vil Halfdan Haanshus og Eivind Holen fortelje om kva som skjedde der i april 1940. Dei var aktive i Gudbrandsdal Forsvarsforening i mange år. Ta med mat, drikke og sitjeunderlag. Hugs gode sko! Vel møtt!
Filed under Informasjon, Krig
Interessant markvandring i Ruste

Lodver Bryhn (til venstre) og Anders Haugen har i fleire år arrangert Bli kjent i Ruste. Her står dei midt på «Kjørkjelésletta» og orienterer om sundstaden nedanfor Båtberget. Foto: Birgit Haugen.
Ole Chr. Risdal: Det blei ei triveleg og interessant vandring i Ruste førre torsdag. Bortimot 40 personar møtte opp i finvéret da Lodver Bryhn og Anders Haugen nok ein gong arrangerte Bli kjent i Ruste. Denne gongen tok dei for seg Skinne, Skinnehaugen, Tarud, Flata, Båtberget og Piparstugu. Les meir
Filed under Informasjon
Han sette plastbøtta bortpå omn
Rærin – ein ekte bygdeoriginal
OLE CHRISTIAN RISDAL: Presten Kyrre Bremer var flink til å vitje Anton. Ein gong han var innom, fekk han sjå at det hang bilete av nokre nakne damer over senga hans Anton. – Du har så fine damer over senga di, kommenterte presten. – Ja, men de e sjælda døm e ni sængen, svara han Anton. Anton Reiret var kanskje den største og mest kjende bygdeoriginalen i Skåbu. Her kan du lese om slekta hans, liv og virke og sjølvsagt ein del gode historier. Her kan du også høyre at Torger T. Risdal fortel om bygdeoriginalar i Skåbu. Les meir
Filed under Biografiar, Menn
Bli kjent i Ruste!
Torsdag 25. juni kl. 18.00 er det endeleg klart for årets fyrste Bli kjent i Ruste. Tema: Skinne med utskilde bruk, Skinnehaugen, Flata og Båtberget. Vi tek med Tarud og Piparstugu med det same.
Oppmøte ved Haugamo. Frå der går vi ned gamle kyrkjevegen og over til Båtberget, vidare forbi Tarud til Skinnehaugen. Der vi tek ei kaffirast med oppsummering.
Ta med kaffi eller anna drikke og litt å bite i.
Turleiarar: Lodver Bryhn og Anders Haugen
Vel møtt!
Filed under Informasjon