Da sør-frøningane ville velja seg prest sjølve

Lei av «gamle og til dels udslidte Præster»

30534 Presterolla var utfordrande før i tida også. Dette brevet frå 1890 var tenkt til kyrkjestatsråden, men vart stoppa av sorenskrivaren på Heggerud. Frøningane er lei av «gamle og til dels udslidte Præster»! Det treng ein prest som har energi og kjærleik for kallet sitt og krefter nok til å tåle dei slitsame ride- eller spaserturane dit det ikkje kan køyrast. Men eit slikt opprør ville ikkje sorenskrivar Beer ha noko av.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Blir meldt til politiet

Hærverk på Bygdatunet

Leiar Tormod Bråten fann dette på Bygdatunet. Foto: Kristin Veskje GD

Nokon har gjort hærverk på Bygdatunet på Vinstra. Knust glasruter og rive ned steinmur. GD skriv om saka. Tormod Bråten, leiar i Fron historielag, seier dette:

«Det er kanskje ikkje alle som veit at Fron Bygdatun er eigd av Fron historielag. Historielaget er ein organisasjon basert på frivilligheit og dugnadsarbeid. Vi har som målsetting å ta vare på historia vår i Fronsbygdene gjennom bygningar, gjenstandar, kulturminne, filmar, bilde og forteljingar. Det er derfor vi mellom anna gjev ut Fronsbygdin kvart år, for å samle forteljingane, som så fort kan gå tapt.

Dei synlege historiske minna, slik som bygningane, er lettare å sjå, men og så lette å øydeleggje. I det seinare har det vore gjort hærverk på Bygdatunet, med knusing av glasruter og noko nedriving av steinmurar. Vi set stor pris på at Bygdatunet blir brukt, men da på ein måte som ikkje øydelegg det for framtidas frønigar. Bli heller med oss og ta vare på framtidas historie.»

Nokre øydelegg, andre er til stor hjelp. Føretaket Weikle på Vinstra tok torsdag kontakt med Bråten med melding om at Bygdatunet skulle få nytt vindusglas frå dei.

– Det sett vi veldig stor pris på, seier Bråten.

Éin kommentar

Filed under Informasjon

Ope dag på Bygdatunet 10. juni kl 11

Kom og sjå steinen som var betaling for dokterbesøk

Eit stabbur frå Klukkargarden i Sør-Fron vart sett opp ved inngangen litt nord for dei andre husa.

Da Fron historielag tok til å sjå seg om etter ein høveleg plass til bygdatun, hadde Milsteinlykkja god byggegrunn, låg nær saga og kverna ved Sula. Dette var store fordelar. I 1975 kom arbeidet i gang. Målet var å byggje opp eit husmannsbruk i det øvste skiktet med dei husa og det utstyret som naturleg høyrde til. Her er fjos til 4-5 kyr, stall, stabbur, låve og smiu. Kom og sjå lørdag 10. juni kl. 11. Vi får besøk av smed frå Pål Liens smie, som vil syne fram smedarbeid. Husflidslaget demonstrerer brikkevev og nålebinding. Historielaget spanderer kaffe og «bite-ti». Saga og kverna blir ikkje køyrt denne denne dagen, så all aktivitet blir samla på Bygdatunet.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Ring pinsa inn med matklokkene!

Ein god, gammal tradisjon som bør få nytt liv

Matklokka på Veikle kjem til å ringe pinseaftan kl 17. Foto: Marit Håkenstad

Ein gong var det tradisjon å ringe inn pinsa med matklokkene. Det song i bygda i vårkvelden. Ein god tradisjon som vart borte. Historielaget vil bidra til å få liv i han att. Bli med, alle i Fron som framleis har matklokker. Ring pinsa inn pinseaftan kl 17. Prestekontoret støttar opp om ordninga. På mange gardar heng matklokka der framleis. Fron historielag har tatt på seg å lage oversyn over alle dei. Kva for gardar ringde folket heim? Kvar er desse klokkene nå? Når vart det støypte? Og kvar? Historielaget treng deg og det du veit. Det er Marit Håkenstad som samlar informasjonen. Ta kontakt med ho: sms på tlf 911 23 056. Men nå altså: La matklokkene kime pinseaftan kl 17.

Kommenter innlegget

Filed under Folketru, Kunst og handverk

Vi ropte hurra for bestemor

Og skremte vel opp litt småvilt

Bergdal skole 2008

Bergdal skole 2008. Elevene ble overført til Liene i 1961. Bergdal fungerte så som grendehus ei tid. (Foto: Odd Ivar Storløkken)

ODD IVAR STORLØKKEN: I 1949 gikk 15 elever i 17. mai-tog fra Bergdal skole. Ruten vi gikk, var  lang for unger i 17. mai stas, men jeg husker ikke at noen klaget. En ting er imidlertid helt sikkert – det var ikke mange folk langs ruten der dette lille 17. mai toget gikk. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon, Kunst og handverk

– La oss håpe at kommende slekter forstår

Fridom har sin pris

Bjarne Lien 21.9. 1915 - 19.4. 1040

Bjarne Lien 21.9. 1915 – 19.4. 1940

ODD MIDTLIN: Bjarne Lien var den einaste sør-frøningen som fall i kamp under andre verdskrigen. Han fekk mobiliseringsordren den 10. april 1940 og meldte seg straks ved avdelinga si, motormitraljøseeskadronen ved Oplandske Dragonregiment på Hamar. Regimentsjef Jensen fortel dette om kampane Bjarne deltok i: Les meir

3 kommentarar

Filed under Biografiar, Menn

Bli med på eit triveleg bygdatun

Vel møtt til dugnad onsdag 10. mai

Godt lag på bygdatunet. Her frå ein open dag.

Onsdag 10 mai kl. 18.00 inviterer historielaget til dugnad på bygdatunet på Vinstra. Så blir det vent og grønt til brurepara kjem og skal fotograferast, til smårolligane kjem og får litt historie, og folk som køyrer forbi, ser at det er frodig og godt stell. Det kan bli ei triveleg stund med litt raking og bygdaprat og anna godt. Ta med rive og kopp, så kjem historielaget med kringle og kaffi. Vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Dei gjekk på ski med slips

Mykje å sjå på denne togturen, ja!

Bli med toget frå Lillehammer til Dombås i 1920! Utruleg morosamt å sjå. Folk og klede og bilar og ski og mykje anna. Mange gode bilde frå Fron. Terje Bjørkheim har gjort historielaget merksam på denne stumfilmen som Nasjonalbiblioteket har lagt ut. God tur!

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Storflommen i 1938

Likna ein amerikansk katastrofefilm

Ein lastebil frå Kvam fossar gjennom flomvatnet i Vika mellom Kvam og Vinstra. Jernbanesporet ligg godt under vatn. Med så mange staute karar på lasteplanen er det vel rimeleg å tru at dei er ute på oppdrag i samband med flommen.
Ein lastebil frå Kvam fossar gjennom flomvatnet i Vika mellom Kvam og Vinstra. Jernbanesporet ligg godt under vatn. Med så mange staute karar på lasteplanen er det vel rimeleg å tru at dei er ute på oppdrag i samband med flommen

 PER OTTESEN:  Det er 85 år sidan ein av dei største flommane i historisk tid gjorde livet surt for mang ein døl. Ved hjelp av Dagningen frå 5. september 1938 og Iver Forseth sin artikkel i Årbok for Gudbrandsdalen for år 2000 skal vi sjå på kva som skjedde denne dramatiske veka. Gudbrandsdalen har hatt mange store flommar. For oss står nok den såkalla ”Storofsen” i 1789 som den absolutt verste, men Forseth fortel at det i 1348 var ein flom som til og med set Storofsen i skyggen. Så er den da også denne kalla ”Digerofsen”! At denne flommen kom på same tid som ”Svartedauden” gjorde ikkje ting lettare.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon

Rutene dirra heilt innpå setra

Korleis var det å vera ung under krigen?

Oddrun Stormorken Rudland som konfirmant i bunad sydd under okkupasjonen. Foto: H.H. Lie eftf.

Oddrun Stormorken Rudland som konfirmant i bunad sydd under okkupasjonen. Foto: H.H. Lie eftf.

Oddrun Rudland frå Stormorken i Kvam var knapt 13 år da Noreg vart okkupert i 1940. – Ein og annan privat fest var det. Da hende det at vi vart forstyrra av tyskarane. Eg trur ikkje dei kom for å skræme oss. Dei var unge, dei òg, ville gjerne vera med i dansen. Men vi var for unge til å skjøne at desse unge soldatane var folk, dei og.  Ein ung tyskar baud meg opp til dans ein gong. Da spytta eg han rett i anletet. Det ville eg aldri gjort i dag. Men vi var nok redde tyskarane, fordi vi vart skræmde med dei og innprenta å halde avstand, fortalde ho i ein samtale med Ivar Myrstad i 2005.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner