- Tyskergraver på Kvam Kyrkjegard, tidleg i mai 1940
- Tysk framrykning
- Tyskergraver på Kvam Kyrkjegard, tidleg i mai 1940
- Tyske artilleristar med haubits i vårsola i Kvam i april 1940. (Bilde frå jubiluemsboka)
- 70 hus brant ned i Kvam under kampene i slutten av april 1940. Bildet er fra Kirkevolden.
Frå Gudbrandsdal krigsminnesamling
Kampane i Gudbrandsdalen 14. april – 30. april 1940
Den tyske strategien for å få kontroll over Noreg var å gjera eit kraftig, raskt og overraskande angrep mot viktige hamner, flyplassar og hovudferdselsårer mellom desse. Etter at tyskarane 9. april hadde teke kontrollen bl.a. i Oslo og Trondheim, vart det lagt stor vekt på å rykke fram gjennom Gudbrandsdalen og ned til Åndalsnes. Gudbrandsdalen fekk derfor ei viktig strategisk betydning for kampane i Sør-Noreg.
Fem dagar etter invasjonen i Noreg begynte kamphandlingane i Gudbrandsdalen. Da sleppte tyskarane fallskjermtroppar på det viktige trafikk-knutepunktet Dombås. Etter seks dagar var dei nedkjempa av norske styrkar.
Tre dagar etter dette rykte troppane til general Pellengahr inn i Lillehammer frå sør. Samtidig utførte tyskarane mange flyangrep nord i dalen. Etter harde kampar fleire stader i Gudbrandsdalen måtte dei norske og britiske troppane gi tapt.
Tyskarane måtte likevel bruke vesentleg lenger tid på å få kontroll over Gudbrandsdalen enn dei hadde rekna med.
Under kampane i Gudbrandsdalen var det tre partar: dei tyske angriparane, dei norske forsvararane og dei britiske allierte. Dei tre partane deltok med svært ulike føresetnader: Tyskarane var godt førebudde og hadde best utstyr. Særleg viktig var det at tyskarane hadde stridsvogner, tanks og svært overlegne flystyrkar. Nordmennene og britane vart overraska, var dårleg førebudde og hadde jamt over dårlegare utstyr. Dei norske styrkane var også dårlegare organiserte.
I Kvam var det harde kampar i dagane 25., 26. og 27. april hovudsakeleg mellom britiske og tyske styrkar. Omlag 70 hus brann ned, deriblant Kvam kyrkje, og folk måtte flykte til fjells.