Kor finn ein journalist stoff om Einar Gerhardsen si hytte?

Mange har glede og nytte av årboka vår, Fronsbygdin. Denne gongen er det Aftenposten. I bilaget «Hyttemagasinet» er framsideoppslaget «Arven etter bestefar – landsfaderen», der journalisten presenterer statsminister Einar Gerhardsen si hytte på Baukholstulen. Han finn mykje og nyttig informasjon i Fronsbygdin 2004, der sonen Rune Gerhardsen – far til ho som nå eig hytta – skriv om «Baukholstulen i norsk politikk». Vil du vite meir, kan du óg lese artikkelen til Arne Hernæs om Tranmæl og Gerhardsen på Baukholstulen. Dei hadde godt av å ha kontakt med ein lutfattig norsk utkantkommune, meiner Hernæs. Du har alle utgåvene av Fronsbygdin? Hvis ikkje, snakk med Egil Myhre: egil@bbnett.no, tlf 970 67 723. Han sender deg dei du manglar. Du finn oversyn over alle årgangane og artiklane her.

Rune Gerhardsen skreiv fleire versjonar av denne artikkelen, og han la mykje arbeid i å få det så korrekt som råd. Han var svært positiv til å bidra med stoffet til Fronsbygdin 2004. Fint at Aftenposten har brukt boka og artikkelen til eit større oppslag i hyttemagasinet.
LikarLikar