Monthly Archives: april 2023

Rutene dirra heilt innpå setra

Korleis var det å vera ung under krigen?

Oddrun Stormorken Rudland som konfirmant i bunad sydd under okkupasjonen. Foto: H.H. Lie eftf.

Oddrun Stormorken Rudland som konfirmant i bunad sydd under okkupasjonen. Foto: H.H. Lie eftf.

Oddrun Rudland frå Stormorken i Kvam var knapt 13 år da Noreg vart okkupert i 1940. – Ein og annan privat fest var det. Da hende det at vi vart forstyrra av tyskarane. Eg trur ikkje dei kom for å skræme oss. Dei var unge, dei òg, ville gjerne vera med i dansen. Men vi var for unge til å skjøne at desse unge soldatane var folk, dei og.  Ein ung tyskar baud meg opp til dans ein gong. Da spytta eg han rett i anletet. Det ville eg aldri gjort i dag. Men vi var nok redde tyskarane, fordi vi vart skræmde med dei og innprenta å halde avstand, fortalde ho i ein samtale med Ivar Myrstad i 2005.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner

Konfirmasjon i krig

Innkalla til ein streng prest

panzer-ii-norway-1940

Tysk Panzer II skyt seg nordover Gudbrandsdalen. «Etterpå vart vi kalla inn til å gå for presten.»

LODVAR LARSEN:  Den 11. april 1940 vart ein heil del gutar, godt vaksne ôg, mobilisert for å slåss mot tyskarane. Mellom dei var min eldste bror Odd. Vi fulgte spent med på radioen og i aviser korleis krigen utvikla seg, og sist i månaden nærma dei tyske styrkane seg våre bygder. Tyskarane kom til Vinstra sist på dagen, og det vart eit svare leven bortpå riksvegen. Maskingevær og andre våpen fresa og small. Foreldra våre vart samde om at vi skulle rømme litt lenger inni grenda, og vi havna oppi Granrudoset, som var mura med metertjukk stein. Vi vart værande der i to døgn.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Krig, Menn

Geita var den store vegbyggjaren

Skåbuvegen har vore eit gnagsår til alle tider

Berre på turreste årstida er vegen nokolunde. Skåbuvegen 1919.

MARTINIUS HØGÅSEN 1928:  I Vinstradalen har vi eit gamalt, rettvist vegkrav. Her er reist krav om ombygjing og fleire vender, men so har det sovna til att. Bygdafolket kan ikkje lenger slå seg til ro med tilstanda som dei er. Vegen er til sine tider slik at det er reint fårlig å fara han, med utglidingar og ras om våren, kjøving og svell om vinteren. Bakkut er han til gangs. Vegdekket er kleint. Grøfter og stikkrenner finst ikkje eller er slike at dei helst vi gro att. Berre på turreste årstida er vegen nokolunde.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kommunikasjon

Fronsbygdin og Aftenposten

Kor finn ein journalist stoff om Einar Gerhardsen si hytte?

Mange har glede og nytte av årboka vår, Fronsbygdin. Denne gongen er det Aftenposten. I bilaget «Hyttemagasinet» er framsideoppslaget «Arven etter bestefar – landsfaderen», der journalisten presenterer statsminister Einar Gerhardsen si hytte på Baukholstulen. Han finn mykje og nyttig informasjon i Fronsbygdin 2004, der sonen Rune Gerhardsen – far til ho som nå eig hytta – skriv om «Baukholstulen i norsk politikk».  Vil du vite meir, kan du óg lese artikkelen til Arne Hernæs om Tranmæl og Gerhardsen på Baukholstulen. Dei hadde godt av å ha kontakt med ein lutfattig norsk utkantkommune, meiner Hernæs. Du har alle utgåvene av Fronsbygdin? Hvis ikkje, snakk med Egil Myhre: egil@bbnett.no, tlf 970 67 723. Han sender deg dei du manglar. Du finn oversyn over alle årgangane og artiklane her.

Han flytta til den andre senga, fordi det trekte frå ytterveggen.

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Menn, Setring

-I strid for første gang i sitt liv

I Kvam sto det  blodigste slaget under felttoget i Sør-Norge

Ein engelsk korporal skaut belta av ein tysk stridvogn ved Kvam.

Ein engelsk korporal skaut belta av ei tysk stridvogn ved Kvam.

I dag for 83 år sidan gjekk tyskarane til åtak på Norge, som fekk smake det ukrainarane er midt oppe i nå. Det hadde ikkje vore kamphandlingar på norsk jord sidan 1814. Tyskarane skaut og bomba seg nordover Gudbrandsdalen. Det tyske gjennombrotet i Tretten 23. april var den store katastrofen som fekk forsvaret av dalen til å rakne. Dette førte til det som truleg var det største og mest blodige slaget under felttoget i Sør-Norge: Kampane i Kvam. Dei tyske soldatane møtte unge norske og britiske menn som hadde lite trening og aldri hadde vore i kamp. General Otto Ruge skreiv seinare: 

«Både brigaden Morgan og bataljonene av IR11 var i den situasjon at de var i strid for første gang i sitt liv, og at de denne første gang ble stillet overfor en så overlegen fiende som angrep med artilleri, panservogner og fly, mens de selv bare hadde infanterivåben. Som første gangs prøve for nyopsatte avdelinger ble dette for mye for dem.»

Her fortel milforum om slaget. Les meir

2 kommentarar

Filed under Kommunikasjon

Dette hadde vore eit bra påskeskirenn!

Ein gong var kanskje påskeskirenn det næraste vi kom karneval? Dette – starten på eit renn foran Vinstra hotell for omlag 100 år sidan – var nok alvor og ikkje karneval den gongen. Men ville vore det i dag, hadde vi iført oss så solide og stilige antrekk? Foto: H.H. Lie/Maihaugen

Kommenter innlegget

Filed under Idrett

Underleg påskekaffi i Skåbubaklia

Ta ikkje med deg råkaffi til Skåbubaklia

RAGNHILD RINDHØLEN: Ei påskehelg kom det ein bykar rennande på ski nedover til Skåbubaklia. Han banka på ei dør og spurte om kjerringa der kunne selje han ein kopp kaffi. Nei, ho hadde ikkje noko kaffi å koke av, sa ho. Men det gjorde ikkje noko, sa bykaren, for han hadde med seg ein pose med kaffibønner sjølv. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar

Det underlege mordet i Huskelia

Velkomé åt historielagets faste påskekrim

husk1

Huskelia – nokre hundreår seinare

IVAR KLEIVEN: For 236 år sidan budde det to ugifte, gamalvorne systre i Huskelia, Marit og Tore Jonsdøttre. Desse to systrene, som budde einslege på denne vesle garden i Kvikne, som ligg noko avsides til på baksida av Vinstra, skulle sitja i velstand. Ein vår i våronntida døde ho Tore brått og uventa. Dei fann ho att på åkra i Huskelia, ho låg på magen og hadde munnen full med jord. Sidan levde Marit einsleg i Huskelia.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kvinner, Menn