Velkomé åt Dale-Gudbrands gard onsdag 29. mars kl 19!

Bli medlem i Fron historielag og få deg ein triveleg kveld på årsmøtet onsdag 29. mars kl 19 på Dale-Gudbrands gard! Der kan du få høyre at det trongst vaksne karar med både vet og handlag til å gjera ferda gjennom Gudbrandsdalen i dei gamle tidene. Nå drar nye E6 seg, brei og rask, gjennom Fron. For nokre hundreår sidan var Kongevegen, almannavegen frå Oslo til Nidaros, berre eit råk, ein skarve rideveg, som ikkje vart farande med hjulkopp før 1700. Men denne kleine, bakkete, tungvinte vegen vart ein kulturberar, ein umissande ljoskastar for desse avstengde fjellbygdene og gagna dalen meir enn nokon kan tenkje seg, skriv Ivar Kleiven. Bak det gode skjegget veit Geir Paulsrud, påtroppande redaktør i Fronsbygdin, mykje om vegar og fortel litt om historia på årsmøtet: «Kongevegen gjennom Fron».
Du kan og vere med å avgjere kven som blir ny i styret. når Eivind Holen går ut etter god innsats som sekretær gjennom mange år. Og du kan undrast: Blir det utnemnd nokre æresmedlem i år? Korleis er økonomien i laget? Kva skjer med bygdatunet? Med denne heimesida? Biteti og kaffi blir det og god prat i godt lag. Velkomé!