Monthly Archives: mars 2023

Kva skjer med kvernkallen?

Innhaldsrik årsmelding med både matklokker og seterbok

Eit godt og populært arrangement i året som gjekk: Markvandring på Lomsetra. Midt på biletet: Lokalhistorikar Anders Haugen (nå æresmedlem i laget). Til venstre for han ser vi Jan Karenstuen, som også bidrog med historikk.

Fron historielag er i medvind. Stor aktivitet, god økonomi og mykje på gang. Berre kvernkallen har slått seg vrang. Laget hadde 220 betalande medlem i 2022. Årsmøtet 2022 var 6. april på Hundorp Dale-Gudbrands gard. Det møtte 48 deltakarar. I tillegg til vanlege årsmøtesaker vart det vedteken å: 1) arrangere slektsgranskningskurs 2) beskrive alle matklokkene i Fron. Desse aktivitetane er igangsett. Les meir om eit rikt lokalhistorisk år:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

To nye æresmedlem

Både flintbørse og vegvandring på godt årsmøte

Ei stor og uventa ære, sa Anders Haugen – nå æresmedlem i historielaget. Han fekk også med seg heider til Lodver Bryhn, som ikkje var til stades.

Eit godt besøkt og triveleg årsmøte med 44 til stades fekk siste nytt: Anders Haugen og Lodver Bryhn er nye æresmedlem i Fron historielag. Eivind Holen går ut av styret etter åtte år som sekretær, og inn kjem Pål Skoe Kjorstad. Øystein Hagen sluttar som leiar i styret for Bygdatunet, Ola Skoe kjem inn. Driftsresultatet for laget i 2022 er eit overskot på vel 73 000 kr., og laget har vel 760 000 kr på bok.

Det låg ei pakke til historielaget i banken. Kor lenge ho har vore der, veit visst ingen. Leiaren, Tormod Bråten, henta ho, pakka opp og synte fram innhaldet på årsmøtet: Ei flintbørse, truleg frå 1700-talet. Mange spekulasjonar om kor ho kjem frå..
Brua ved Harpefoss var truleg den første brua over Laugen, og ein gong var Harpefoss eit viktig knutepunkt – midt mellom Oslo, Bergen og Trondheim. Kunne den særs vegkundige Geir Paulsrud fortelje i ei spennande vegvandring som avslutta årsmøtet.

Dette er det nye styret i Fon historielag:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Bli med på ein rik tradisjon

Årsmøta i laget fortel om  tiltaksføre frøningar

I dag, onsdag 29. mars kl 19, er det årsmøte i Fron historielag på Dale-Gudbrands gard. Når vi møtast der, er vi i godt lag med mange generasjonar som har skapt mykje. Ved lagets 75-årsjubileum i 2003 skreiv Ola O. Røssum litt om historia til laget og fortel om mange interessante og tankevekkande hendingar. Her kjem nokre godbitar:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Det blir eit triveleg årsmøte!

Velkomé åt Dale-Gudbrands gard onsdag 29. mars kl 19! 

Seniorrådgjevar Geir Paulsrud i Norsk vegmuseum er museets fremste kompetanse på eldre vegar og vegbygging. Han deler litt av det han veit på årsmøtet i historielaget. Foto: Norsk vegmuseun

Bli medlem i Fron historielag og få deg ein triveleg kveld på årsmøtet onsdag 29. mars kl 19 på Dale-Gudbrands gard! Der kan du få høyre at det trongst vaksne karar med både vet og handlag til å gjera ferda gjennom Gudbrandsdalen i dei gamle tidene. Nå drar nye E6 seg, brei og rask, gjennom Fron. For nokre hundreår sidan var Kongevegen, almannavegen frå Oslo  til Nidaros, berre eit råk, ein skarve rideveg, som ikkje vart farande med hjulkopp før 1700. Men denne kleine, bakkete, tungvinte vegen vart ein kulturberar, ein umissande ljoskastar for desse avstengde fjellbygdene og gagna dalen meir enn nokon kan tenkje seg, skriv Ivar Kleiven. Bak det gode skjegget veit Geir Paulsrud, påtroppande redaktør i Fronsbygdin, mykje om vegar og fortel litt om historia på årsmøtet: «Kongevegen gjennom Fron».

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Så blodet rann og hårtoppan fauk

Ivar Kleiven fortel om omgangslivet før i tida

«Slagsmaal i et Bondebryllup», Adolph Tidemand, 1858.

IVAR KLEIVEN: Det er lite og tunt det som let seg sanke om omgangslivet i bygdene frå gamal tid, men det var rusdrikken som både i 16- og 1700-talet var grunnlaget for all moro i omgangslivet, i lag og samkome. Livet gjennom denne lange tidsbolken var hardt og vilt, og den onde makta til rusdrikken kunne bli rå og ustyrleg. Både i likferd, bryllup og andre samkome hendte det tidt og jamnt at det braut laus med stygge hardkulo, usemje og slåsting så blodet rann og hårtoppan fauk, ofte tok folk skade på kropp og klede.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Hundorpguten spelte seg frå spissrot

Han laga «Hundorpen», ein vakker, ekte dølamars

Dette var det som venta Hundorpguten. Spissrotgang, ein militær straff som Norge avskaffa i 1814 og Danmark i 1846

IVAR KLEIVEN: Mannstukta i militærtenesta var hard og rå før i tida, og spissrotstraffa, som jamnt vart brukt til omlag 1750, var så stygg og umenneskjeleg at ho kunne gjera folk mørkredde vidt omkring. Mang ein stakkar har sprongje spissrot på Breivegen dei halvtanna hundråret det var eksisplass der. Det har like til i seinarer tid gått eit sagn om ein frøning som hadde gjort noko gale i eksisen, så han vart dømt til å springe spissrot på Breivegen. Guten var nok god spelmann og var kanskje vellikt av offiserane ôg, men mannstukta lyt gå sin gang.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Kald graut vart oppskoren i strimler

Litt om ein oppvekst under krigen

letrud4

OSKAR LETRUD: Eg kan ikke hugse at vi svalt, men det var klart enklare kosthald enn det er nå. Det var brukt ein del vassgraut, (byggmjøl, salt og vatn) med mjølk til. Om det var ei tid på vinteren vi ikkje hadde mjølk, kunne det i staden vera brukt heimelaga øl eller surdupp, laga av surost og vatn. Grauten vart au eten kald, særleg om sommaren. Da tok ein gjerne og snudde grauten på tallerkenen, slik at skorpa kom ned. Kald graut vart au oppskoren i strimler og oppattvarmt i mjølk. Smør og poteter, poteter i mjølk og sild og poteter var au mykje brukt. Elles så var det brødsoll og spekeskinke, kjøttkaker og anna kjøtt som var hermetisert på blikkboksar.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Tre bjørner drept i Skåbu

Med staur og varm hilsen fra en Remington

bjørn

Klikk på bildet og se en litt fredelige måte å vekke bjørn av vinterdvale på.

LILLEHAMMER TILSKUER 1883: Smed Peder Pedersen i Skåbu drog tidlig om morgenen den 30te avsted fra sitt hjem for å se etter nogen bjørner, som han hadde hørt skulle ha hatt sitt tilholdssted på Metungen, en skogstrekning på østre side av Vinsterelven likeovenfor bygden. På veien gikk han innom hos en annen mann, Hans Stakstoen, og spurte om han ville følge med, hvortil denne straks var villig. Uheldigvis hadde Hans intet gevær, men i en modig manns hånd er en øks også et brukbart våpen. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jakt og fiske, Menn