Litt av kvart frå Vendalen

Først i august var det slåttetid på setrane. Folk reiste til kvea, og da kunne det bli mykje liv og røre før dei fekk høyet i hus. I låvane vart høyet liggjande for å bli køyrt heim på vinterføre. Høyet frå setra gjorde at dei kunne nytta meir av jordvegen heime til korndyrking.
BJARNE JETLUND: Vendalen er ei setergrend ca. 15 km frå Hundorp langs vegen mot Fagerhøi. Desse spreidde tankane frå Vendalen viser ein seterstul full av kulturminne. Desse er det viktig å ta vare på i den omforminga som nå breier seg innover fjellviddene. Det var godt å koma til seters så fort det gjekk an om sommaren, både for folk og fe. Husa vart vaska og pynta, og krøttera fann att båsane frå året før. Det vart hengt opp reine gardiner, og pynta med mose, kjerringris og kreppapir-roser eller anna i «røom». Og klokka vart stilt i alle fall ein time fram (setertid). Budeiene ville opp tidleg om morgonen. Budeiene var òg nøye med å halde orden rundt setrane, t.d. møkk etter krøttera vart fjerna frå setervegen. Kvar morgon lokka dei krøttera ut i beiteområda. Det skulle ikkje gå dyr på seterstulen om dagen. Når dette var gjort, samla fleire av budeiene seg til lokkarkaffi. Dette var ei sosial samling som er mykje eldre enn mjølkerampene. Etterpå bar det til setra for reingjering av fjøsa. Seterarbeidet vart mykje lettare etter at mjølkebilen kom. Det sosiale livet sto høgt hos budeiene, og dei tok nok ofte bundingen og rusla ein tur til nabobudeier for ei pratestund med kaffi attåt. Nå kunne dei spå i kaffigrut, og mang ein lagnad kom for dagen! Eit slag kort kunne òg friska opp. Dei kunne òg ha litt moro med arbeidsfolk og andre som stakk innom. Einar Bue var der ofte. Han vart kalla Vehlstugusnikker’n av di han budde i veslestugu på Systugu Olstad. Han var voldsomt «kjetall». Eit par budeier gjekk på til han gav opp og ropte: «E velte bordet, e hoppe oppi senga». Da vart det visst slutt, for senga var dei redde for å få ugreidd. Kvar morgon vart høymadrassen rista for at senga skulle bli høg, og så pynta dei med sengeteppe. Elles var det fleire samkomer, bl.a. messe på ei seter kvar sommar. Ved slike høve vart det pynta med rispa einer på golvet, og det vart servert kyrkjekaffi. Det kunne òg vera spesielle tilstellingar slik som olsokfest.
Mjølkerampene var ofte møteplassar. Det vart sett opp mjølkeramper ved dei fleste setrane langs hovudvegen da mjølkebilen kom i gang først på 1930-talet. På sume ramper vart det levert mjølk frå fleire setrar. Det var eit høgdepunkt for dagen når bilen kom att. Ikkje alle spanna var tome. I spannet som det var sendt mjølk til heimefolka, kunne det vera både klede, brev, god mat og kanskje kaker. Det var ikkje rart bilen vart passa på når den kom! Ved rampene var det òg mange pratestunder både morgon og kveld. Mjølkebilen køyrde alle kvardagar.
”Godt veir men ingen budeier”
Over alt på skiferkledningar, krakkar, låvedører, trekledningar m.m. er ymse opplysningar innkrota. På ei skiferhelle av kledningen på Jetlundsetra finn vi : «Udmerket godt veir men ingen budeier 10/9-1888» , «Gauken galer 20/10-1889», «Is over hele vandet 11/6-1889»
Og innvendig på låvedøra står det: «Alfred Nystuen var her den 28.mars efter en høibør til koen». «Kjørte inn sidste høiet den 10.august 1930, 28 lass Ole Afseth». Kledningen til gangen i veslestugu er òg tilkrota: «Trænmandskab p.t. landværn, matr. no.592 af 9.fordeling af 2. kompanidistrikt Gudbrandsdal bataljon her til stede i egen høye person lørdag 19.oktober 1889», «Georg Løken fra Christiania var her på turisttur 27-31/6-1910». Og endeleg finn vi at ein skammel i selet er brukt som gjestebok (fremmenbok): «I dag så jeg to kalde karle nede ved Vendalsvandet, de holdt på at raste netter. Længre udpaa dagen var de at treffe i denne stuen, men da var det andet liv. Kaffe og drammer, stegt fisk osv. 1889» . «1889 Huttetu for vaar og veir! Var her for at fiske 7/6, men kaldt veir og vind, saa ingen fisk at faa. Is over hele vandet. Kuns saavidt landlaus at man ei kunde komme udpaa den foruden baad og tillige saa usikker at den ei var gangbar med ski. Meget sne i fjellene» Slike opplysningar er det sikkert i fleire av setrane. Dei fortel litt Vendalshistorie. Vi tek med ei opplysning frå nyare dato. Det er ikkje hyggeleg lesnad: I 1935 braut det ut miltbrann på setra. Fem kyr vart slakta, brende og nedgravne.
Det er uvisst kor gamal seterstulen i Vendalen er, men som mange andre er den sikkert svært gamal. Første delen av namnet –ven- kjem vel av gamalnorsk vin. Ordet blir brukt om eng, beitemark og utslåttar. Dei fleste vin-namna er frå førkristen tid. Det tyder på at Vendalen tidleg var rekna som godt beiteområde. Alt låg til rette for setring. I boka Gardar og slekter i Fron har Einar Hovdhaugen ut frå matrikkelen i 1668 funne fram til at det i alle fall var 17 setrar på Vendalen på den tida:
Forr – to setrar Stromlia Hove Bakke Fjellsrud Synstlia Olstad Graffer Svelle Stamme Nerli Erlandsrud Bue – to setrar Rusten Fosse
Vendalen i dag
I dag har Nordgard Forr og Systugu Forr seter på Vendalen. Bakke, Graffer, Rusten og Bue like eins. Desse er truleg dei same setrane som i 1668. Båe Olstadgardane har nå seter på Vendalen, slik at desse to setrane tilsvarar den opprinnelege frå 1668. Etter som Olstad vart delt i to gardar etter 1668, er det vel truleg at setra vart delt òg. Det er nemnt at Fosse hadde seter her i 1668, men i 1783 er det skjøte frå Marit Sivertsdatter Fosse til Ole Olsen på Jetlund. Dette er nok setra som Jetlund har nå. Setra som Fosse har på Vendalen nå, er tidlegare Fjeldsrud seter. Ein må vidare gå ut frå at dette er den som Fjeldsrud hadde i 1668.
Av dei bruka som hadde seter på Vendalen i 1668, er det sju som ikkje setrar der i dag. Det er Stromlia, Hove, Synslia, Svelle, Stamne, Nerli og Erlandsrud. Men i staden er det komi til nesten like mange nye (seks) : Listugu, Underdalen, Snikkerplassen, Sundgarden, Stavnhaugen og Forreløkken.
Setra som tidlegare høyrde til Oppigard Forr, nå Sygard Forr, står i matrikkelen som Øverliseter. Den har òg gnr. til Øverli, men om dette er ei av dei gamle setrane , er uvisst. Hovesetra er etter det Hovdhaugen skriv truleg den kvea som Graffer kjøpte frå Hove i 1921. Der står det i dag ei hytte som Ivar Gryttin bygde. Svellesetra er fråseld i 1904, og er den som kallast Øverlisetra i dag. Nerlisetra vart kjøpt av Systugu Olstad i 1904. Listugu fekk med seter da bruket vart frådelt Øverli i 1806.
Sundgarden har gnr. til Steig, så Steig hadde truleg kve der gjennom husmannsplassen Sundgarden. Ei seter som vart bygd til Bjørkli, har òg gnr. til Steig. Nustad har hatt seter, Furuly, på kve kjøpt frå N.Forr. Denne overtok Eirik Nustad. Fevolden har òg hatt seter her, men den er seld som hytte. Stamnhaugen har seter frå nyare tid.
Vidare har Nystugu, som var husmannsplass under S.Forr, hatt seter på Vendalen.Der står det att berre ruinar, og kallast Nystuguhaugen. Desse held på å bli borte på grunn av hyttebygging. Ei Kari Nystuen har vitna på ei gjerdeavtale mellom Bakke, Jetlund og Dybdalen i 1883 da gjerde vart oppsett mellom desse eigedomane. Dybdalen hadde da ei kve som nå Olstad eig. Desse eigedomane låg i «Fellesskab for Havning Høst og Vaar», og vart samde om å setja opp gjerde mellom seg. Det ser ut som Nystuen da har selt eit seterbol til Dalen. Det er nok det som kallast Dalseteren, og som er utskilt frå Dalen i 1918. Per Arnesen har hytte der i dag. Etter Fronsbygdin 2005 skal det vera den første hytta på Vendalen.
Kven som har dei gamle setrane til Stromlia, Synslia, Stamne og Erlandsrud , er uvisst.
Namn på og rundt Vendalen
Vendalsvatnet heitte frå gamalt Buvatnet. Det kan tyde på at buene var der før seterhusa. Rundt på vatnet er det fleire namn: Det er Skettodden (dårleg fiskeplass), Hernebb (ukjent opphav), Hernebbvika, Grøndokkvika (grøn dokk innover frå vatnet), Finstillvika innover mot Finstillhola (kanskje ei logn og stille vik).
Omkring Vendalen har vi Gravdalen (Har ikkje funne dyregraver her, men namnet er sikkert etter slike). Vi har Kvennslålia – etter planta kvann som frå gamalt var brukt til nytte- og medisinplante. Vidare Dugurdsnebben, der sola står ved dugurdsleiete, og Sjøsjålia – der ein ser godt bortpå Vendalsvatnet (-sjøen).
Det går fleire råk ut frå Vendalen: Øvre og Nedre Gravdalsråket og Gråsteinråket. Det siste skulle vera stuttaste vegen til Oslo frå gamalt. To karar frå Fron gjekk der først på 1700-talet da dei var utkalla på grensevakt. Dei hadde ei vekes perm og gjekk da heim, tre dagar heim, ein dag heime og tre dagar innover att! På attendeturen trefte dei hestane til ein av dei ved Gråsteinane. Da kom tårene. Dei var ikkje sikre på om dei fekk sjå att hestane. Vi har òg Svarttjønnråket og Nyseterråket.
Kvearbeid
Først i august var det slåttetid på setrane. Folk reiste til kvea, som dei sa, og da kunne det bli mykje liv og røre før dei fekk høyet i hus. I låvane vart høyet liggjande for å bli køyrt heim på vinterføre. Høyet frå setra gjorde at dei kunne nytta meir av jordvegen heime til korndyrking. Budeia fekk med dette mykje å gjera med matstell attåt det vanlege seterarbeidet. Ho låg som oftast i selet, medan arbeidsfolket kunne liggje i selsgarden som er romet mellom selet og bua der maten var. Budeia var først oppe, og måtte ut i bua og hente mat. Det kunne bli fleire turar, og da kom det frå han borti senga: «Kakle og trø, kakle og trø, nei her kan jeg ikke være». Men i kvetida kunne det òg vera trivelege fritidssamlingar med kortspel, kaffilag og skrømtehistorier.
Gamle bruksgjenstandar på setra
Butten er ein lagga trekopp med lokk. Den vart brukt til å leggja råkåfisk, til smør (smørbutt) o.a., og var ein slags oppbevaringskopp.
Kakken , ein trekopp der eine staven er litt lengre enn dei andre så den var god å halda i. Den vart sett ut i båsane med mjøl i til kyrne kom inn til mjølking. Kakken kunne vera både firkanta og lagga.
Laupen, ein firkanta trekopp der bakre fjøla var lengre enn dei andre og hadde hol for å hengja laupen på veggen. Laupen har òg lokk. Den vart brukt til oppbevaring av matmjøl, salt og liknande. I laupen var det òg ofte ein mjølskolv til å ausa med.
Tyl, staven til ei kinne.
Kølle, dette er òg ein lagga trekopp der eine staven er lengre og med hol til å halde i. Kølla vart brukt til å ha mjølk i for å kunne skumma av fløyten, truleg før separatoren kom. Køllene kunne brukast til ymse anna òg.
Så, er eit kjer av blekk eller stål til oppbevaring av mjølk, t.d. skumma mjølk ved separering.
Det er elles mykje som kunne vore skrive om setrane, om kvardagsliv og helg. Det eldste årstalet eg er kjent med på Vendalen, er 1788. Det står i selet på Systugu Olstad. Selet og fjøset er her bygt saman. Fjøset er mura av gråstein. Etter Hiorthøy vart dei første steinfjøsa sette opp på slutten av 1700-talet. Kanskje årstalet 1788 fortel at fjøset vart mura nettopp da?
Frå 1904 var det to brør frå Svelle – Ingvald og Karl, som hadde Djupdalen. Når arvingane etter Karl i 1913 sel Karl sin halvdel til broren Ingvald vert det opplyst at to seterløkker på Vendalen som tidlegare høyrde Djupdalen til «for nogle aar siden» er seld til eigarane av søndre Olstad og Snekkerplassen. Om dette er løkker som følgde Djupdalen før 1904, eller om det kunne vere noko dei hadde med frå Svelle er eg usikker på.
LikarLikar