Ole Chr. Risdal: På Kampesæter i Skåbu har det vore mykje aktivitet gjennom åra. Alt frå barnedåpar, konfirmasjonar, bryllaup, gravferder, bridgeturneringar og festlege lag m.m. I 1985 vart det arrangert ein større toradar – og trekkspeltreff på Kampesæter og på Skåbu bygdahus. Sjå denne her: https://youtu.be/SiQhvK5a6IU Les meir
Monthly Archives: februar 2023
Folk og spel på Kampesæter for 38 år sidan
Filed under Musikk, Verksemder
Han åt hoggorm
Hansen på Fefor – kva var det for en kar?
HANS PETTER KLEIVEN: Han åt både kråke og skjor, til og med hoggorm. Han fiska, jakta, fanga vilt og levde eit spartansk liv. Ein fenomenal person, godt likt av alle, gavmild, galant og glad i damer. Og så har han sett sjøormen i Feforvatnet! Vart det sagt om han. Dei fleste eldre frå Midtdalen kjenner til Hansen og har noko å fortelja om han, sjølv om nesten ingen veit kva fornamnet hans var, og få har vel nokon gong møtt han. Det er difor på høg tid at vi lyfter litt på det mystiske sløret som ligg over Hansen og livshistoria hans. Hans Severin Hansen, forfattaren Johan Bojer og multikunstnaren Pål Kluften hekk i mange år saman som erteris. Med jamne mellomrom tok dei inn på Fefor Høifjellshotel for ei veke om gongen og levde livet. Ingen av dei var spesielt interesserte i damer, og desse opphalda var datidas «gutta på tur». Pål Kluften var alltid innom anretningen og «spela for jentom», og karane dominerte miljøet på hotellet når dei budde der, seier dei som hugsar det.
Les meirFiled under Biografiar, Jakt og fiske, Menn, Verksemder
«1889 Huttetu for vaar og veir!
Litt av kvart frå Vendalen

Først i august var det slåttetid på setrane. Folk reiste til kvea, og da kunne det bli mykje liv og røre før dei fekk høyet i hus. I låvane vart høyet liggjande for å bli køyrt heim på vinterføre. Høyet frå setra gjorde at dei kunne nytta meir av jordvegen heime til korndyrking.
BJARNE JETLUND: Vendalen er ei setergrend ca. 15 km frå Hundorp langs vegen mot Fagerhøi. Desse spreidde tankane frå Vendalen viser ein seterstul full av kulturminne. Desse er det viktig å ta vare på i den omforminga som nå breier seg innover fjellviddene. Les meir
Dei kvidde seg for kalde sengeklede
Til fjells midtvinters for å hente fôr
FREDRIK MOEN: Fjellet ga vinterføde til buskapen ved at ein hausta seterkveene med handreiskap som ljå og trerive. Det vart henta til bygda med hest og slede. Desse turane i fjellet midtvinters vil aldri gå i gløymeboka for dei som tok del. Global oppvarming var den gongen eit ukjent omkved, temperaturen låg ofte ned mot minus 30, og snødjupna var sjeldan under ein meter, helst bortimot to. Frå heime på Kolon starta dei i 6-7 tida på morgonen og trong minst fire timar på å koma fram til Haugsetra. På vegen til Kvam sat dei som oftast på sledane, men termosko og dyneklede som pustar, var ukjent, kulda dreiv dei til fots resten av turen opp Veikeldalen og vidare innover.
Les meirTa ei tidsreise gjennom Fron
Alt det gamle postkort fortel!

Du finn 309 gamle postkort i historielagets postkortalbum! Med motiv frå Furusjøen til Espedalsvatnet, frå Kvam til Frya. Her kan du verkeleg studere utviklinga i Fron gjennom meir enn 100 år. Har du fleire postkort? Vil du dele dei i denne samlinga?

Filed under Kommunikasjon
De reiste frå vonløysa og skamma
Motiv for utvandringa til USA var så mange

Alt var litt større i det eventyrlege landet på hi side av havet. (Bilde frå Anne Lise Jørstad Røsand/Vegar Skar)
EINAR HOVDHAUGEN: Utvandring til Amerika letta folkepresset i bygdasamfunnet. Ein del sveltihelplassar blir nedlagde. Det blir ledige husmannsplassar for dei mange som før hadde hatt vanskeleg for å skaffe seg ein plass. Inderstklassa blir etter hvert sterkt redusert. Utvandrarstrømmen er sterkt dominert av småkårsfolket i bygda. Les meir
Filed under Jordbruk, Kommunikasjon