Blodflekkar ved Ruste ungdomshus

Slåssing med kniv og avslegne flaskehalsar

Nr. 85 Det gamle Ruste bygdahus.

Ungdomshuset i Ruste vart ein viktig samlingsstad i bygdesamfunnet i mange år. Bilde frå Arne Lunde/Vegar Skar.

ODDMAR MYRUM: Ein morgon i 1935 var eg på veg til skulen og gjekk forbi Ruste ungdomshus. Eit skremmande syn møtte meg utanfor inngangen. Det var tett med blodflekkar over alt. Kvelden før hadde det vore dansefest, og somme hadde nok fått for mykje innabords. Dermed vart det krangel og slåssing med kniv og avslegne flaskehalsar som våpen. Lensmannen hadde vore tilkalla for å roe ned gemytta. Men det var sjeldan det gjekk så hardt føre seg.

Noko av det folk vil hugse best av interiøret i Ruste ungdomshus, er den store rundbrennaromnen i salen. Det var ein diger rugg om lag to meter høg og 70 cm i tverrmål. Når denne karen vart fylt med knøskturr bjørkeved, var det ikkje noko problem å halde varmen, sjølv om det var 30 kuldegrader ute. Den raudglødande omnen gjorde det umogeleg å nærme seg utan fare for brunsvidde klede. Men ute i lokalet måtte folk vera godt kledde for å halde varmen.

Det var Gudbrandsdal ungdomslag som stod bak tiltaket. Ungdomshuset i Ruste vart ein viktig samlingsstad i bygdesamfunnet i mange år. Tomt fekk dei tak i av garden Tokvam, og plasseringa vart midt i bygda ved baksidevegen gjennom Rustebygda. Det var eit tømrahus med plass til om lag 50 personar. Romma var sal, scene, kjøkken og kammers i første høgda. I andre var det eit rom og garderobe.

Nr. 86 Ungdomslaget.

Ungdomslaget i Ruste. Folkeviseleik, toradar, speletallerken, basar med «spa-sal», emissærar med gitar. Bilde frå Arne Lunde/Vegar Skar.

Etter di Gudbrandsdal ungdomslag stod bak drifta, var det naturleg at Ruste ungdomslag hadde møta sine der. Folkeviseleik stod alltid på programmet, og mange vil nok hugse at visa «Veslekari vår» var mykje brukt. Ein gong i blant kunne det vera ein instruktør til stades, som hjelpe til å lære songane og dansestega. Vanleg runddans eller pardans var ikkje tillate på møta. Men nokre gonger i året fekk laget arrangere dansefestar. Da var som regel toradaren dansemusikken. I fleire år var det same spelemannen som trakterte toradaren, og det gjekk bra når han ikkje vart for full. Men det hende han skjenkte seg så han vart liggjande. Likevel spela han, men dansane kunne bli noko langdryge. Men slikt var noko folk godtok. Det var heller ikkje store summar som gjekk til spelemannen. Speletallerken gjekk rundt, så folk kunne gje det dei ville og hadde råd til. Inngangspengar til dansefestane var som regel ei krone.

Basar var populært. Det gjekk gjerne over to dagar med trekning av gevinstane andre kvelden. Det var mange gilde ting som vart lodda ut. Det kunne vera vottar og strømper, ein tikroning eller femkroning i glas og ramme. Somme gonger var det med ein potetsekk, og slike ting var populært. Ved eit langbord sat folk med basarlister, og det var aldri vanskeleg å få folk til å «ta nummer», som det heitte. Blant barn og ungdom var «spa-sal» svært populært. Det var trestikker med tal på, og prisen var overkomeleg, fem eller ti øre, men det var ikkje så mykje ein kunne vinne heller. Ein blyant, eit viskelær og andre småting var vanleg.

Basaren var også ei sosial samling, der folk treftest til hyggeleg samvær.

Det var også vanleg med kristelege samankomster, ofte såkalla lesarmøte. Ein omreisande emissær leidde møta. Han var populær av di han ofte var flink til å spele gitar og syngje. Det var stor tilstrøming av folk på slike møte.

Dette var i grove trekk det som gjekk føre seg i det gamle Ruste ungdomshus. Omkring 1975 var huset i sterkt forfall, og det vart rivi og selt. Hugsar eg ikkje feil, vart det kjøpt av ein valdris.

Publisert her første gong 14.3.2014

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s