Glytt frå ein barndom i krig i Nedre Skar

Nedre Skar ca. 1933. Bilde frå Vegar Skar
KNUT STENSRUD KJORSTAD: Året er 1939. Ein familie er på veg oppover Solbråsmorka. Tankar krinsar rundt i hovuda deira. Dei har slite seg laus frå det kjende, men er etter kvart usikre og på veg oppover den bratte stigen til det som skal bli den nye heimen deira. Frå jordlause Furumo nede på Hundorp flytta dei opp i veglause Skar på Harpefoss. Dette skulle bli heimen deira i åtte åra framover inkludert krigsåra. Kva vil framtida gje? Endeleg er dei ved målet, Nedre Skar. Otto og Inger med ungane Ragnhild og Arvid pustar ut. Hausten og vinteren går fort på den nye plassen. Den som skal livberge seg i Nedre Skar, kan ikkje ligge på latsida. Mat til folk og fe må planleggjast og konserverast for at det skal vera noko til alle til kvar tid. Stigen opp her gjer det naudsynt å bera mykje opp frå Solbrå på ryggen. Vinteren er på hell. Arvid og far hans er nede ved Solbrå den 10. april 1940. Dei høyrer at tyskarane har angripi Norge dagen før. På Solbrå når nyheitene fort fram – gjennom radioen. I Skar har dei korkje strøm, radio eller telefon. Krig, kva er det?

Kristian Hesteskobakken og Ole O. Hage på sauesanking i Nedre Skar. Bilde frå Mabel Hage/Vegar Skar
Arvid undrar seg. På heimvegen møter dei Kristian Hestskobakka, av grendafolket kalla for ”Bustenskjold” av di han av utsjånad liknar på teikneseriefiguren av same namn. Otto kan fortelja at Norge er råka av krig. Arvid ser at barten hans ”Bustenskjold” rører på seg. To furer kjem fram på skallen før han får samla seg til svar: ”Kå f… skal døm her”? var alt han fekk sagt på ei lang stund. Dei to vaksne vekslar ord om hendinga, sender med ei helsing til dei heime før dei ruslar kvar til sitt.
Far og son er ordknappe på vegen oppover lia. I dag går dei rett forbi dei vanlege kvileplassane langs stigen – Gråberget, Gompen, Bekken og Knefallet. Nyheitene skal fort heim. Inne i barnehovudet hans Arvid kjem eit spørsmål fram: Krig, kva er det? Otto har ikkje meir enn kome inn døra før han fortel om krigsutbrottet. Ungane skjønar at dette er noko alvorleg.
Etter kvart får dei meir føling med kva dette eigentleg er. Kvar dag utover i april dukkar det opp nye ting som fyljer ein krig. Den 24. april ser dei ei røyksky over Harpefoss før dei høyrer eit kraftig smell. Det er den nesten 100 år gamle steinbrua over Laugen som vert sprengd av nordmennene for å bremse den tyske framrykkinga på bakken. Utpå dagen den 25. april tek alle i nedre Skar vegen oppå Skarsberget for å sjå kva som går for seg nede i dalen. Endelause rekkjer av tyske soldatar til fots eller med hest og bil på veg nordover er synet som møter dei.
Rykte går om at ysteriet i Sør-Fron skal sprengjast. Redsle for dei tyske soldatane på tur oppover Gudbrandsdalen gjer at folk forlet dalbotnen. Husa i Nedre Skar fylles med slektningar frå nede i dalen – dei gjev seg til. Krigspraten går blant store og små. Flya tordnar oppover dalen. Frå ”ørneplassen” sin i nedre Skar kan dei mest ta bort i desse nedlasta tyske bombe- og transportflya. Dette er noko nytt og spanande å sjå på, tykkjer Arvid og Ragnhild. Det kunne vori artig å seti i eit slikt eit. Dei ropar på dei vaksne kvar gong det kjem eit fly, i alle fall til å byrja med. 25. – og 26. april vart det rekna over 100 fly til saman på veg oppover dalen.
I Kvam møter tyskarane motstand frå engelskmenn og det som er att av norske soldatar. I tre dagar rasar kampane der med store tap av menneskeliv. Bombing, mitraljøseseriar, maskingeværsalver og granatdrønn gjev ekko i Skarsberget. Tung røyk stig tilvers frå kyrkja og fleire hus som står i brann nordi der. Stemninga i Skar og i bygda elles er uhyggeleg.
”Ordnung muss sein”
Den fyrste tida etter den 27. april var det kaotiske tilstandar i Sør-Fron. Ysteriet vart stengt. Dei tyske soldatane hadde brote seg inn, og forsynt seg dugeleg av ostelageret. Banken hadde hatt siste ekspedisjonsdag like etter at okkupasjonen av Norge starta. Etterkvart vart det vanskeleg med pengar. Da det vart handel med dei tyske troppane, kom tyske kreditt- ”Scheine” i bruk og retta noko på at så få norske pengar var i sirkulasjon. Jernbanetrafikken stod stille til Randkleivsbrua i Ringebu var farbar att for ordinær trafikk den 26. mai. Som mange andre bruer opp gjennom dalen, vart ho sprengd av norske soldatar.
Frå nyttår 1941 måtte alle vaksne skaffa seg pass, og frå hausten 1943 laut ein ha reiseløyve dersom reisa var meir enn 30 km frå heimstaden. Dette gjaldt både bane og buss. Det vart dyrare å reise også.
Festlivet i bygda stoppa opp. 14. mars 1942 hadde det kome forbod mot offentleg dans i heile landet. Her heitte det at ”Overtredelse av forbudet straffes med bøter eller fengsel inntil 3 måneder.”
Oppe i Skar hadde dei lite føling med dette. Mat hadde dei sjølve, og dei tyske soldatane held seg nede i dalbotnen og forstyrra ikkje det daglege livet her oppe.
Skulestart og Møllers tran
Ragnhild, Arvid og han Ivar frå Søre Skar tok til på skulen hausten 1940. Ho Ragnhild skulle eigentleg ha begynt året før, men sto over for å få følgje på skulevegen. Mødrene deira, Inger og Maria, gjekk i lag med borna sine fyrste dagen. Skulevegen var noko for seg. 2 km nedover stupbratte Solbråsmorka til Kongsvegen. Frå her 1,5 km sørover til Glasmestermoen på Harpefoss.
På skulen vart dei tekne i mot av ho Berta Brunborg. Ho vart lærarinna deira i fleire år. Målet hennar var vondt å skjøne fyrste tida, ho kom frå Voss, men etterkvart gjekk det betre. Elevane sat og glytta framande på kvarandre fyrste dagen. Mykje nytt på ein gong. Det var godt å koma heim til Skar og kjende ting da dagen var til ende. Annakvar dag heile skuleåret fór dei ned til skulen. Dei vart snart godt kjende med dei andre elvane og med lærarinna. Skulen vart ein møteplass for ungane frå Skar med dei andre i grenda.
Leiken gjekk i friminutta. Vinterstid var skihopping på Nystugujordet gjævt. Ho Berta måtte ut for å blåse i pipa si frå skuletroppa både to og fleire gonger før dei stilte opp og kom inn til ny time etter mat-friminuttet midt på dagen. Skeia med tran som skulen held, var glededreparen til matpakka. Den grøne tranflaska sit fast i hovudet til Ragnhild og Arvid den dag i dag. Tranen var harsk og varm – reine revgifta. Etter kvart fann dei ei løysing på dette. Handa opp og tur ut på gangen til drikkefontena. Her vart ”Møllers medisintran” fridd frå ungane sine ganar. Dei fekk mjølk på skulen, mat hadde dei med sjølve.
Nede på Kongsvegen på tur til skulen møtte dei nå og da tyske vaktsoldatar. Ungane stakk seg inn i skogen for å sleppa møta dei. Det gjekk lenge før dei vart vande med dette.
Litt opp for Flata nord for Solbråsjordet fann dei hasselnøtter som dei åt på turen oppover att. Det gjorde godt i ein liten skrott etter ein lang skuledag.
På slutten av krigen tok ho Berta til med symøte. Saman med pedellen på skulen, ho Karen Baukhol, lærde ho ungane å sy. Ho Karen kjende Skarsungane godt av di ho slapp dei inn i skulelokala tidlig på morgonen før dei andre elevane kom. Arvid fekk ikkje tak på syninga, og måtte ofte ha hjelp. Ho Karen var god å ty til med slikt. Ein gong sydde han Arvid fast brodderiet sitt til forkledet hennar. Nåla hadde teke med eit lag for mykje. Skratten runga blant dei da ho Karen rusla rundt med brodderiarbeidet hans Arvid som ein plakat på kjolen sin.
Kalving
Ho Åse Ekre (Strand) frå nedpå Harpefoss var veninne med ho Ragnhild. Ein vårdag etter skulen gav ho Åse seg med til Nedre Skar, der ungane utpå kvelden vart vitne til kalving. Åse vart ei hending rikare. Ho hadde i iveren gløymt å varsle heime om dette besøket, noko som naturleg nok førde til at foreldra hennar vart urolege for henne. Dei kom etter kvart under med kor jenta var, og tok turen opp til Skar om kvelden for å henta ho heim att.
For det meste hadde dei i Nedre Skar tre kyr under krigen. Alle hadde namn – Dagros, Staslin og Stjerna. Eit år vart ho Staslin kalvesjuk, men fekk ikkje frå seg kalven. Både slaktaren, han Kristian Hestskobakka, og dyrlegen, han Ivar Grytting, vart bodsende. Det gjekk ikkje betre enn at Staslin måtte slaktas i ein fart. Som den dyktige dyrlegen han var, fekk han Ivar ut kalven i live. Likevel tok han ikkje noko for besøket denne gongen. Den nye kalven vart heitande Ingerros etter ho Inger. Det vart ei dugande bjølle- og mjølkeku etterkvart. Ho Staslin enda sine dagar i kalvinga, men vart sjølvsagt nytta til mat.
Nok mat
I Skar var det som regel godt med mat under krigen, men noko einsformig vart det med mjølk og kjøtt som basis året rundt. Fisk mangla dei heilt.
Frå tid til anna kom det turistar og budde her i ferien . På mange måtar var det folk som skulle til sæters for å gjera seg feite. I byen var det lite å få tak i av kjøtt, mjølk og anna. Dei åt, budde og tok del i arbeidet i lag med folket på bruket. Betalinga for dette var ei god attåtnæring for fleire av Skarsheimane. Særleg eit ektepar frå Lillestrøm var sikre om sumaren i Nedre Skar. Edith og Rolf som dei heitte, var barnlause, og såg derfor på Ragnhild og Arvid som borna sine.
Ein gong skulle dei ha ansvaret for Nedre Skar med ungar og dyr eit par dagar. Otto og Inger skulle på moltetur. Ragnhild og Arvid drog separatoren, og fløyten dei fekk ut syntes byfolka smakte dugeleg godt. Det vart lite fløyte att til ysting og kinning etter desse to dagane.
Edith og Rolf hadde med seg grammofon og plater med dansemusikk når dei kom. Laurdagskveldane var det ofte danseundervisning uti kammerset, minnest ho Ragnhild. Dansegolvet var på 10 kvadratmeter.
Mat frå utmarka
Utmarka var rik på mat for dyr og menneske i Skar. I tillegg til at dyra beitte, vart det på ettersumaren hausta lauv til ku og sau. Dette var eit næringsrikt fôr som var rein sikringskost for dyra. Det var ikkje uvanleg med 50 lauvkjerv.
Blåbæra og tyttebæra er årsikre i Skar. For å ta vare på nabofreden, hadde Skarsheimane ei uskriven lov seg i mellom om kvar dei kunne plukke. Ragnhild og Arvid var nøye innsett med kvar grensene gjekk. I blant gjorde dei lengre utferder etter tyttebær. Innpå Resset, der Søre Skar hadde setra si om lag ein times gange frå heime, var det fritt for alle å plukke. Der var bæra særleg fin, minnest dei to.
Ein gong dei var der, kom ein olm okse og skremde dei opp i eit tre. Her vart dei sittande på ei grein i nokre timar til oksen fant ut at det var ku og ikkje folk han var ute etter. Dei kom seint heim den dagen, og gleda hennar mor Inger var stor da dei endeleg dukka opp. Noko bær hadde dei ikkje med heim, da uksen hadde velta bærespanna deira nede på bakken.
Slakting på haustny
Otto hadde kvar vår med seg smågris heim frå Solbrå eller ein annan gard . Arvid og Ragnhild hugsar godt at smågrisane vart frakta til gards i ein strisekk på ryggen hans Otto. Dei fyrste dagane vart grisane (som regel 2-3 stykke) plassert i ei kasse under komfyren på kjøkenet. Etter ein tilvenningsperiode inne, kom dei ut i grisebingen der dei vart verande til slaktaren kom i november.
Fast slaktar var han Kristian Hestskobakka. Alle dyra som skulle slaktast for å dekke det meste av behovet for kjøtt eit år framover, måtte bøta med livet denne dagen. Dette måtte foregå på nymåne, det var viktig for kvaliteten og for at kjøttet skulle bli drygt. Ragnhild og Arvid har slaktaren klårt på netthinna og i øyra enda. Smellet frå salongrifla og slaktarkniven mellom tennene og dyr som kjempa for livet, var noko som festa seg i barnesinnet.
Etter at slaktaren var ferdig, tok ho Inger over arbeidet. Bortsett frå vomma, så vart det aller meste teke vare på. Tarmane vart vaska og brukt som pølseskinn. Riktig eit kaldt og ufyse arbeid ved vasskjelda opp for innehusa, minnest ungane. Etterpå måtte dei vera med og stappe pølsene. Det vart mye god mat som skulle vare fram til neste haust.
Fangst
Synnafor Skar ligg Trumhaugen, ein kjend storfuglplass. Ein sumar var det ein tiur der som gjekk til angrep på folk. Arvid fann ut at den mannevonde fuglen skulle bli søvyrkje i Skar. Som vanleg kom tiuren fram unna grana si da han Arvid kom. Han heiv seg over tiuren, men slaga frå vengene fekk jegeren til å sleppe taket fort. Sø-gryta i Nedre Skar vart snytt for tiurkjøtt denne gongen.
Frå hausten 1943 tok Arvid til med ekornfangst i Skarsmorka. Far hans lærde han opp til dette. Om hausten samla han inn ”ekornsopp” som ekornet lagrar oppe i mindre tre for å kunne eta utpå vinteren. Soppen brukte Arvid til åte. Ein gong i veka rusla han runden for å vekkja fellene sine. Like spanande var det kvar gong når han nærma seg fella om steinen over stikkfella låg nede med eit ekorn under seg. Vinterfangsten omsette han nede på butikken på Harpefoss. Utbytte kunne bli 40-50 kroner, ein stor sum for ein liten gut på den tida.
Klessvask og handarbeid
Så snart det var ei ledig stund, sat Inger og Ragnhild med handarbeid. Det vart karda, spunne og strikka. Nye klede var julegåver. Omsying, bøting og stopping høyrde òg med. Alt måtte nyttast så lenge som råd .
Klesvasken var eit kapittel for seg. Til dette brukte ho Inger reine og tette trebuttar. Ho vispa i heimkokt såpe eller lut i bløytevatnet. Luten kokte ho av bjørkeoske. Vaskedagane vart det varma vatn i bryggepanna i eldhuset. Til vaskinga brukte ho vaskebrett av tre. Etter at tøyet var vaska, vart det lagt i bryggepanna til koking. I kokevatnet var det såpe/lut. Etter koking vart klessvasken lagt på ei fjøl, der han vart banka for å få ut vatn og vaskemiddel. Klesskyllinga gjekk førre seg i ei kjelde bortafor huset. Ho Ragnhild minnest dette som eit kaldt og tungt arbeid. Siste delen av arbeidet var opphenging på snor til tørk. Til klesstrykinga brukte ho strykjern som vart vermt opp på vedkomfyren.
Arvid måtte etter kvart ta sin del av kararbeidet. Til dette høyrde hogging av omns- og bakstved.
Otto søkjer ut på arbeid
Krigen førte etter kvart med seg at det vart lettare å få seg arbeid. Otto arbeidde på Solbrå med tømmer- og vedhogst, samt knotting. Vedhogginga hadde samanheng med at Sør-Fron meieri brukte ved til ystinga si under krigen. Knottproduksjonen gjekk til å produsere generatorgass som energi til bilmotorar. Store mengder med knott av or vart brukt til dette føremålet.
Etterkvart som arbeidet hans Otto auka utanom bruket, fall stadig meir av arbeidet i Nedre Skar på Inger og ungane. Dei tok seg av produksjonen av mat og klede. Mat til eige bruk og sal. Det vart ikkje levert mjølk frå Nedre Skar til meieriet under heile krigen. Ystinga, kinninga og syrninga til rømme ordna dei sjølve for eige bruk og sal. Mang ein ost vart seld eller gjeven bort.
Ho Bjørg Haugen (Lien) og systera hennar, ho Edith Håve (Lien), vitja ofte Skar desse åra. Det var turar etter ost og mjølk, som vart gøymt i skulesekken for ikkje å vekke interesse hos tyskarane. Dei heldt seg for det meste skogleies på heimvegen for å sleppe å møte vaktsoldatane.
Under heile krigen var det kontroll av dyretalet på kvar gard. Kristian Skurdal som var brukar på Solbrå den gongen, kontrollerte i Skarsheimane. Her stod han Kristian høgt i kurs. I god tid før kontrollen , fekk dei beskjed. Dyr kunne derfor haldast utanfor tellinga, og dette var til god hjelp for dei som skulle livberge seg her oppe. Kristian var heller ikkje snau med å slenge på ein ekstra sekk med korn frå Solbrå når Otto var av garde til mølla med korn frå Skar.
”Hysj-hysj”
Ein vårdag under krigen i 1942 eller – 43 dukka det opp ein framand ungdom nede på Harpefoss i heimen til Åse, skulevenninna hennar Ragnhild. Alf Larsen som han heitte, var på flukt frå nazistane etter å ha drivi med illegalt avisarbeid i Oslo. Til Harpefoss kom han frå Oslo via Valdres, over Valdresflya til Vågå og vidare nedover dalen. Turen over ”Flya” utan ski hadde vore strabasiøs. Ennå låg det att ein del snø i fjellet.
Etterkvart fann dei ut at det kunne vera risikabelt å ha han buande nede i dalen. Nazistar og eller vaktsoldatar frå den tyske okkupasjonsmakta ville fort kunne fatte interesse for framandkaren. Dermed vart han førd opp i Nedre Skar, der han vart verande ein periode før han tok vegen vidare til Sverige. Reint tilfeldig kom Alf attende til Harpefoss etter krigen, da som anleggsslusk ved Vinstra-anlegget som tok til i 1947. Han gifta seg med ei jente frå burti Skurdalsgrenda , ho Magna, som òg hadde fått krigen nært innpå seg. Onkelen hennar, Bjarne Lien, mista livet i kampane mot tyskarane ved Hamar i dei fyrste krigsdagane. Alf og Magna bygde seg hus på Harpefoss, og vart naboar med ho Åse og foreldra hennar, dit han kom som flyktning nokre år før.
Endeleg fred
Lenge før krigen kom hadde kaffien vorte ein drikk til bruk når folk møttes. Kaffi og biteti var sjølvsagt å by folk på når dei kom på besøk. I krigsåra var det vanskeleg å få tak i kaffi. I Skar som andre stader vart byggryn og erter brent, mali og nytta som kaffierstatning.
Det var ofte folk på besøk i Skar denne tida. På mange måtar vart denne plassen ei bygdeborg som tyskarane ikkje besette, ein fristad. Heller ikkje forbodet mot fest hadde nådd hit. Derfor samla folket seg til livate lag oppi her i krigsåra. Ikkje berre kaffi og kaker var på menyen da. «Ponskjelen» kom på bordet, og songane ljoma mellom veggene, også med tekster om okkupantane og dei som sto med dei:
”Stakkars hirdmann tjukk i hodet, har du fått deg ny dress?
Har du fått den av Quisling for å stå i NS?”
Endeleg tok krigen slutt. Nede i dalen vart folk vitne til lange kolonnar med tyske soldatar på veg sørover. Folk i bygda som hadde hamna på feil side, vart til å byrja med sett i arrest på Folkets Hus på Harpefoss. Det gjekk ei tid før folk kom seg til hektene att etter fem okkupasjonsår og fredsfeiring.
Siste barnefødsel og konfirmasjon
I september 1945 fekk Ragnhild og Arvid ein minstebror, ”minsten”. Jordmora , Aslaug Stensrud, kom drivande over frå Kjorstadgardane der ho budde. Riktig ein styggversdag var det, men ho rakk fram i tide. Nokre timar seinare var siste barnefødselen i Skarsheimane over. Den 16. januar 1946 var attpåklatten til dåpen og vart heitande Vegar. Same året gjekk ho Ragnhild for presten. Fredagseftan før konfirmasjonsdagen ramla det svært uti gangen i Nedre Skar. Det synte seg å vera han Blåmann, bukken frå øvre Skar, som hadde kome på besøk. Han var ikkje snauare enn at han grafsa i seg skrullene som skulle vera kaffimat om sundagen. Han Arvid fekk oppdraget med å visa den ubedde gjesten heim, og ho Inger fekk det travelt med ny skrullebakst. Konfirmasjonsdagen vart ein stor festdag. Konfirmanten stilte i ny bunad som ho Inger hadde sydd i ledige stunder. Det var om lag 20 gjester som gjekk opp i Skar i sin finaste stas denne dagen.
Lengten
Ein vårdag i 1947 sit Ragnhild og Arvid under Skarsberget og spikkar pellarpipe av selje. Dei bankar på borken for å få han til å losne, medan dei seier den gamle strofa i kor:
”Pellarpipe, pellarpipe, vil du låte, så skal du få
kjøtt og kål i kongens gård og fire skilling attpå”.
Nokre dagar seinare forlet dei Skar – for godt. Den fyrste av tre Skarsheimar er nå tom. For Otto og Inger og ungane går turen attende til ”Furumo” med håp om ”kjøtt og kål i kongens gård”, noko som blir dei til del gjennom samfunnsoppbygginga etter krigen. Den lange skulevegen, dei kalde og snøfulle dagane, slitet her oppe for å ha nok mat på fatet, legg dei bak seg med pellarpipelåten. Nå ser dei framover med von om eit enklare liv.
Det er noko rart med lengten. Den dagen under Skarsberget i 1947 lengta dei ned til det nye, i bygda. Hausten 2004 kom Ragnhild, Arvid og Vegard i møte med artikkelforfattaren på tur til Skar for å stilla ein lengt dei har hatt lenge om å sjå att barndomsstaden – ”der ingen kunne tru at nokon kunne bu”.
I dag bur det ikkje folk i Skarsheimane. For Nedre Skar er ringen slutta. Nå ligg bruket atter under Solbrå der det ein gong kom frå, og skogen er i ferd med å ta att den jorda som med sveitte vart rydda for å brødfø folket her oppe.
Kjelder:
Hovudkjelde: Ragnhild Hovden (Skar) og Arvid Skar
Andre kjelder: Åse Ekre (Strand), Bjørg Haugen (Lien), Edith Håve (Lien), Vegar Skar og Steinar Larsen.
Gudbrandsdølen 14. juli 1927.
Einar Hovdhaugen: Garder og slekter i Fron.
Så fantastisk å lese dette! Vegar Skar er min far. Mang en gang satt jeg som liten foran kaminovnen til bestemor Inger på Furumo, mens hun fortalte historier fra oppi Skar. Eva Egge (Skar)
LikarLikar
”Hysj-hysj”
Min far – Alf Sigurd Larssen- var som det korrekt står i Knut Kjorstads artikkel, involvert i illegal avisvirksomhet i Oslo tidlig under 2. verdenskrig. Han var da ansatt ved Norsk Tannhjulfabrikk hvor han etter hva han fortalte meg, gikk i lære. Han ble etter hvert «interessant» for tyskerne fordi han var med i avisdistribusjonen. En nazist ble observert mens han gjennomsøkte fars klær på arbeidsplassen. Beskjeden lød: Du må vekk! Sammen med én eller muligens to kamerater, dro han. Men ikke rett til Sverige. Flukten gikk nordover og vestover mot Fagernes og Valdres. Og ferden må ha kommet brått på – for de dro uten ski, de vadet over Valdresflya med snø opp til livet. De holdt på å sette livet til, men kom seg tilfeldigvis hodestups inn hos en sørsamisk familie. Etter hvert som de kviknet til, fortsatte ferden – fortsatt uten ski- til Gudbrandsdalen. På Harpefoss oppsøkte de en gård. Spørsmålet om de kunne få kjøpe litt melk ble blankt avslått av gardkjerringa som i det samme kom opp fra kjelleren med et digert grautspann. De var jo totalt uten kunnskap om lokale forhold, og forvillet seg også innom en annen nazist. De kom seg kvikt derfra da de fikk se hirduniformen. Etter hvert kom de seg i hus hos folkene på Strand, senere nærmeste nabo. Derifra er det korrekt som Knut Kjorstad skriver, at de kom opp til Skar. Far var en av disse hederlige motstanderne av naziregimet som sjelden eller aldri snakket om at han deretter kom over til Sverige og ble opptatt i de norske polititroppene der. Han kom tilbake til Norge etter frigjøringen av Kiruna, Bjørnefjell og Narvik. Ved Harstad vet jeg at han sto bevæpnet vakt over tyskere og nazister som ble tvunget til å åpne og grave opp henrettede og døde nordmenn. De skulle gravlegges med den respekt de fortjente. Etter krigen fikk han og mange andre tidligere soldater i de norske polititroppene tilbud om stilling i Forsvaret, men dette avslo far. Han var lei av det militære systemet. Men han valgte å tre inn i Heimevernet i Sør-Fron. Han ble ikke lite forundret da et hirdmedlem var påtenkt oppgaven med å lære ham opp i skyting med mitraljøse. Far hadde gjennomgått omfattende og hard militær opplæring i Sverige over tre år med blant annet vekt på vinterkrig, og replikken kom både kjapt og med rette da han repliserte til hirdmedlemmet: – Reis til Helvete! Det hører med til denne fremstillingen at han ikke glemte sine møter med de lokale nazistene på flukten fra skrekkveldet. Og det ble aldri siden slik at det passet ham å ha dem som omgangsvenner.
Steinar Larssen
LikarLikar
Det er er feil i teksta til det øvste bildet. Det er Kristian Hesteskobakken og far min, Ole O. Hage, som er avbilda. Bildet er teke av Mabel Hage, mor mi.
Paul Henrik Hage.
LikarLikar
Takk, det er retta opp.
LikarLikar
Ad Alf Larsen så var han min far. Jeg lurer på hvor hvilken rute han brukte for å komme seg over til Sverige?? Jeg har kopi av id kortet fra Sverige om det er av interesse for historielaget. Var det grenseloser i området Harpefoss eller hvordan kom han seg videre til Sverige? Han kom forresten sommeren 1944,ikke 42-43.Og ble registrert i Sverige på Kjesaeter nov. 1944.Han var deretter i Sverige i 5 bataljon og sammen emd en barndomskamerat fra Lørenskog Georg Jansen. Så turen tok sin tid.
Skulle også gjerne visst hvilken illegal avis han var med å lage.
LikarLikar
Korrigering av opplysninger om Alf Larsen. Han kom seg over til Sverige og kom til Koppom og deretter registrert i Mælsåker i november 1944.Dersom det er av interesse har jeg kopi av id-kortet fra Sverige.
LikarLikar
Dette var hyggelig lesing, om slekta vår. Har vert der oppe to ganger, den gang vi hadde slektsstevne og en gang etterpå. Jeg er barnebarn etter Amund. Min mor var Ruth.
LikarLikar