Daily Archives: 8. desember 2022

Blote til gudane, drikke øl og leve godt

Litt om kvifor høgtida heiter jul og ikkje har eit kristent namn

julsangkor

Dei tok over det heidenske namnet. Sør-Fron sangkor i Sør-Fron kyrkje jula 2013. Foto. Carl Henrik Grøndahl

Ordet jul er heidensk. I storparten av Europa har feiringa fått eit kristent namn: På engelsk Christmas  «kristmesse», tysk Weihnachten  «vienatt», fransk noël i tydinga fødsel. Men hos oss har høgtida sitt gamle germanske namn jul. Håkon den gode påbaud på 900-talet at landet skulle feire jul den 25. desember, samstundes med den kristne høgtida i heile Europa, og ville få slutt på det heidenske offerritualet, som del av striden med å kristne Norge. Derfor tok den kristne høgtida det gamle namnet jul i heile Skandinavia, Island, Grønland, Færøyene og Skottland. På engelsk finst Yuletide som noko riktig gammaldags. Jul kjem frå norrønt jól eller jólablót, frå den opprinnelege, heidenske offerfeiringa av midtvinterdagen i Norden, som var 12. januar. Kva ordet tyder, er omdiskutert. Jul eller Jol kan ha noko med norrøne  «Jòlnir» eller «Ýlir»,  å gjere, andre namn på Odin. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Folketru