Gålå kunne ha vore kongeleg

Hadde ikkje svensk-norske kongen Oscar II vorte så fornærma

golaa

Den største kongelege hendinga på Gålå var i juli 1899. Da kom kong Oscar II innom med stort følgje. Det vart reist ein prangande æresport. Velkomskomiteen hadde teke oppstilling i trapper på båe sider av porten. Det var døtrene til aksjonærane i sanatoriet, og alle var kledde i flotte kvite kreasjonar.

KRISTIAN HOSAR: Oscar II, (konge i Sverige og Noreg 1872-1905) var på mange reiser i Noreg. Og svenskane oppdaga Fron for alvor! Golaa Høifjeldssanatorium vart bygt i 1892. Sentrale Kristiania-borgarar med gode kontaktar til den svenske kongeslekta bernadottane stod bak. Gålå vart fort ein ynda feriestad for svenskeprinsane. Prins Carl, den tunghøyrde «blå prinsen», budde i 1890-åra på hytta til Rich. Andvord. Måltida fekk han på sanatoriet, ikkje mange metrane unna.  Namnet «den blå prinsen» fekk han fordi han var sjef for det svenske kavalleriet, som hadde blå uniformar. Carl var på Gålå fyrste gongen i 1896. Han treivst så godt at han kom tilbake på bryllupsreise to år seinare. Den unge brura var prinsesse Ingeborg av Danmark. Prinsen var begeistra, men den danske prinsessa tykte staden var aude og sakna ei landsbykyrkje! Ingeborg var syster til kong Haakon og mor til kronprinsesse Märtha.

Prins Carl var populær. Nære vener i aristokratiet i Kristiania arbeidde for å få han til norsk konge. Det mykje omtala Bernadotte-tilbodet kom fram i ei stortingsadresse til kong Oscar II den 7. juni 1905. Stortinget ønskte at kongen skulle gje samtykke til at ein svensk prins vart konge i Noreg, og at han samtidig skulle seie frå seg retten til den svenske trona. Kong Oscar avslo tilbodet.

Prins Carl var forresten innom Heggerud Gård på Harpefoss på veg til Gålå. Her vart han servert middag. Amund Wadahl kjøpte til og med nytt middagsservice i høve det besøket!

Den største kongelege hendinga på Gålå var i juli 1899. Da kom kong Oscar II innom med stort følgje. Middagen fredag kveld den 21. juli 1899 blir i Gudbrandsdølen skildra som ei hending som seint vil bli gløymd i dalen. Før taffelet, fortel avisa, heldt Hans Majestet ei formfullendt tale. Her understreka han at han som sjømann alltid hadde elska havet. Men etter at han hadde besøkt Gålå og sett den vakre naturen med snøkledde fjell, vart han også oppglødd over venleiken i fjellet.

golaakongen

«Golaa ved kong Oscar II´s besøg 21/7 1899» skriv Digitalt museum. Foto: H. H. Lie

Gjestene var norske, danske og svenske. Blant desse var Bjørn Bjørnson, kvinnekjær teatermann og son til diktarhøvdingen. Både bilda og tradisjonen fortel at BB jr. var ein av dei kongen underheldt seg mest med.

Truleg overnatta ikkje kong Oscar på sanatoriet. Mykje tyder på at han etter selskapet om kvelden drog ned til kongevogna på Harpefoss stasjon. Det låg han nok også før besøket på Gålå.

Og så kom unionsoppløysinga.

Redigert utdrag frå artikkelen «Kongebesøk i Fron gjennom 1000 år» i Fronsbygdin 2 

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s