Ottar Øverjordet var bygdeslaktar

Ottar Øverjordet (t.h.) på slakting hos Johan Martinsheimen. Ottar har skrive bakpå bildet: «Oss må ta oss fem minutt før oss dele opp. Kanskje fæ oss´n dram au.» Bilde: Oddmar Myrum.
ODDMAR MYRUM: Her vil eg fortelje litt om ein bygdeslaktar i Fron, Ottar Øverjordet. Slakting av dyr var eit naudsynt gjeremål, og det følgde alltid ansvar med slikt arbeid, for det måtte gjerast til minst mogleg pine for dyra. Etter kvart viste deg seg at somme hadde betre anlegg for slaktaryrket enn andre, og dei tok da på seg arbeidet. Dermed vart bygdeslaktaren eit fast omgrep.
Ottar Øverjordet var fødd og oppvaksen på eit småbruk i Ruste i Nord-Fron. Etter konfirmasjonen tok han til med gardsarbeid og var på fleire gardar. Naturleg nok kom han i kontakt med slakting, og han vart snart interessert i å vera med når slaktaren kom til gards, og han følgde godt med i korleis alt gjekk føre seg. Det gjekk ikkje lang tid før han våga seg å slakte kalvar. Det gjekk bra, og snart tok han til å slakte grisar, og etterkvart som han fekk øving, fekk han tilbod om å slakte for folk ute i bygda.
I 1950-åra kjøpte Ottar seg eit småbruk, som han dreiv saman med kona Marit, og for ein småbrukar høvde det godt å ha slakting som attåtnæring. Etter at utearbeidet på gardsbruket var unnagjort om hausten, gjekk det fort til slakteperioden tok til i oktober, og da vart det ei hektisk tid. Det var ikkje mange som hadde telefon i 50-åra, så folk kom tuslande heim til Ottar om kveldane og skulle tinge slaktar. Det vart eit fint sosialt samvær når folk kom og vart sitjande og prate utover kveldane.
Det var stort sett gris det gjekk i, for alle skulle ha julegrisen ferdig i god tid før jul. Omkring 100 grisar slakta Ottar før jul. Ein kjærkomen slant i pengepungen vart det også, sjølv om folk betalte berre eit par kroner for å få slakta ein gris dei første åra Ottar dreiv med slakting. Men prisane endra seg i takt med tida, og da Ottar gav seg med slaktinga rundt 1990, var prisen komen opp i 150 kroner for å slakte ein gris.
Ottar fekk mang ein kjøttmiddag med seg heim frå slakterundane sine. Det var vanleg at slaktaren skulle ha eit godt kjøtstykke ved sida av betalinga for slaktinga, og det kom godt med i hushaldninga.
Ottar hadde alltid nokre kvasslipte knivar med seg, og til større dyr brukte han slaktarmaske.
Som bygdeslaktar har Ottar slakta fleire tusen dyr gjennom åra.