Monthly Archives: november 2022

-Bilte med melkebilen for kr. 3,00 tur & retur

Frå dagboka til Anton Granmorken

anton

Anton Granmorken med nysykkelen

NORA STORMYRBAKKEN: Ungdom i dag vil skratte av følgjande:

Været en tur paa Harpefos og Jensbakken efter rammelist m.m. Det er første gang jeg har været paa Harpefos.

Anton Granmorken bur i Ruste og er 18 år! I 1912 kjøper eldstebroren Emil sykkel. Året etter, medan Emil er på militærteneste, leier Anton sykkelen for kr 10.-. Dette gjev han ny fridom, han syklar stadig til Vinstra og i blant til Otta. I 1914 skriv han stolt:

Idag har jeg kjøpt cyklen av Emil for kr 80.- til odel og eie.

I 1915 er han for første gong på Lillehammer, «meget at se».

Eit liv, ein lagnad, ei dagbok. Ei sorg over grandonkelen eg aldri møtte. Anton Granmorken byrjar å føre dagbok som 18-åring, 1. januar 1911. Her møter vi livet i Nord-Fron dei fyrste tiåra av 1900-talet: «Det er haarde og mærkelige tider, som den atfortærende krig har bragt ogsaa til vort land, dyrt og ikke at faa omtrent alting. Efter nytaar blir rationering indført, saa det ser mørkt ut» (31.12.17). Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Kunst og handverk, Menn

Hovdkaféen var samlingspunktet

Det sto 10-12 øyker tjora i rekkje utanfor 

signe hovden.jpg

Jan Hovden: «Den gongen det var kaffé, butikkar, mølle, fabrikkar og liv og røre i Lia. Signe Hovden med sin 40 år gamle kaktus.

Signe Hovden dreiv kafé heilt til 1971. Da hadde ho drive på sidan 1928. Før den tida sytte ho for serveringa på ungdomslagsfestane på avholdslokalet, det som seinare vart Lidarende. -Da det vart tømmerdrift oppi Elvdala, hendte det ikkje så reint sjeldan at det sto 10-12 øyker tjora i rekkje utanfor kaféen her, hugsar fru Hovden. Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Kvinner, Verksemder

Han slakta 100 grisar før jul

Ottar Øverjordet var bygdeslaktar

slakter

Ottar Øverjordet (t.h.) på slakting hos Johan Martinsheimen. Ottar har skrive bakpå bildet: «Oss må ta oss fem minutt før oss dele opp. Kanskje fæ oss´n dram au.» Bilde: Oddmar Myrum.

ODDMAR MYRUM: Her vil eg fortelje litt om ein bygdeslaktar i Fron, Ottar Øverjordet. Slakting av dyr var eit naudsynt gjeremål, og det følgde alltid ansvar med slikt arbeid, for det måtte gjerast til minst mogleg pine for dyra. Etter kvart viste deg seg at somme hadde betre anlegg for slaktaryrket enn andre, og dei tok da på seg arbeidet. Dermed vart bygdeslaktaren eit fast omgrep. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn, Verksemder

Gode år i Sør-Fron

Historia om oppvekst på ein prestegard

Nr. 140  August 1998ØYSTEIN HOV: Å vekse opp på ein prestegard er spesielt. Sverre Hov var sokneprest i Sør-Fron i åra 1950-1974, og i denne artikkelen ser den yngste av ”presteungane”, Øystein Hov, attende på oppvekstår på prestegarden:

Etter kvart som vi ungane voks til, så skjønte vi nok at det var stor politisk spennvidde i bygda.Sør-Fron var frå gamalt ei av dei rikaste bygdene i Gudbrandsdalen. Kyrkja frå 1789 ber vitnemål om velstand mellom bøndene og ein sterk vilje til å manifestere dette ved å byggje eit storfelt kyrkjehus. Men Sør-Fron hadde også ein ganske stor klasse av eigedomslause som hadde lite å greie seg med. ”Fattig-Fron” kunne vere ei nemning som vart brukt om desse. 

Les meir

Éin kommentar

Filed under Biografiar, Jordbruk, Menn

Historier frå mjølkerampa

Grisjin, Mora-Nisse og Hallgeir Brenden var samtaleemne

mjølkerampeFRODE ERSTAD:  Ein høyrer ofte: «Eg saknar mjølkerampa.» Kring midten av 1970-talet var det fleire og fleire som fekk mjølketank, og utpå 1980-talet tok livet ved mjølkerampa slutt.  No tenkte eg å fortelja korleis eg har opplevd rampa og livet som fylgde med. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk, Kommunikasjon, Setring

Egil har berre 80 bøker att!

Snart tomt for Fronsbygdin 2022

«Kvinnfolka trimme så det ligg att berre feitt-reinna ette´ døm!» Det sa dei eldre karane da trimbølgja kom til Fron i 1970-åra. Og alt dette har Tine Slang skrive om i Fronsbygdin 2022.

Egil Myhre, boksalsjefen i Fron historielag, fortel at han fekk 1100 eks av Fronsbygdin frå trykkeriet i oktober, nå har han berre 80 eksemplar att på lager. Ho sel så det ryk. Du kan jo ta sjansen på at det finst nokre att på botnen av eska nærmare jul når du vi gi ho som julegåve, men skal du vere sikker, kjøp ho nå. Får du ikkje ein blid seljar på døra eller finn ikkje boka i ein butikk nær deg, ta kontakt med han Egil: egilm@bbnett.no, tlf 970 67 723. Bortimot dagstøtt er han på Posten med bokpakker. Han sender gjerne til deg ôg.


2 kommentarar

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Det omskiftande livet til ein låve

Her skulle unge dølagutar halde hus gjennom skulevinteren

snikkarsalen

Det kan skje så mangt i ein gamal låve. Foto: Redaksjonen i Fronsbygdin.

RASMUS STAURI: Ikkje mange hus har hatt eit så omskiftande tilvære som den gamle tømmerlåven frå Sigstadvolden i Kvam. Har har det budd ein mørkredd teolog, gutar på jentejakt, ein sløydlærar med skarpt blikk og trøytte pilegrimar. Og låven er attpåtil vigsla av ein biskop. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn, Verksemder

Tyskerne kom stadig og banket på

Frå krigsdagboka til Iver Lo

Tysk fly styrta ved Fagerli 1940. Bilde frå Johan Brandstad/Vegar Skar

Tysk fly styrta ved Fagerli i april 1940. Bilde frå Johan Brandstad/Vegar Skar

I 2015 samlet avisa VG personlige beretninger fra krigen 1940-1945. VG 9.4. 2015. Fra familien fikk avisa gardsdagboka til Iver Lo:

Hele året hadde begynt vanskelig. Vinteren var råkald. 23. januar var det fullstendig vannløst på gården. Siden kom og gikk vannet. Samtidig er Adolf Hitler er på stadig fremmarsj.  – Den 9. april var jeg en tur til Oslo. Jeg hadde reist inn med nattoget og da jeg kom frem, gikk flyalarmen! De tyske soldatene hadde tidlig om morgenen besatt Danmark og de viktigste byene i Norge. I løpet av formiddagen inntok tyskerne Oslo.

Men Iver klarte å komme seg på et tog som gikk nordover klokken 12.30, På toget hjem igjen fra Oslo dukker Iver Lo fra Vinstra bokstavelig talt for de tyske flyene med hakekors som buldrer over hodene på han og de andre passasjerene. Ryktene går om at alle togstasjoner skal bombes. Han angrer på Oslo-turen han hadde tatt. Den var utsatt mange ganger allerede. Hvorfor dro han akkurat i dag? Hjemme på gården Lo i Nord-Fron knytter alle i familien hender. De er urolige. Hva skjer? Hvor er far? Iver kjenner hvordan det knyter seg i magen hans.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Krig, Menn

Dei var ikkje småkarar på dei store gardane

Men «de fornemme» heldt avstand til velhavande bønder

Kongsli1903

«Dei var ikkje småkarar, bøndene på dei store gardane. Dei kunne lett måle seg med embetsmennene. Sjølv om prestegarden i Fron kunne fø 8 hestar og 36 kyr i 1723, hadde kvart av dei to Kongsli-bruka samtidig 10 hestar og 42 storfe.»

RAGNAR ØVRELID: Presten Hjorthøy klagar i 1781 over at fronsbøndene er «meget overdådige i mat og drikke, hvilket de anser for deres fornemste goder i livet.» Når bondesønene skal gifte seg, ser dei helst på det brura eig, og på det ho kan vente i arv, skriv han, «om hun er grim eller udugelig til husets gjerning, derpå sees ikke, når hun kun får godt hjemmegifte.» Schnitler skriv i 1816 om bøndenes «luksus og overdådighet, såvel i kledesdrakt som i equipager (kjørestell), i hvilke ting de ei give embetsstanden noget etter.»

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Jordbruk

… sa´n Albert Lisbetstugun

Mykje å kose seg med i Fronsbygdin 2022

Har du sikra deg boka før ho vert utseld? Finn du ho ikkje i bokhandelen eller i daglegvarebutikken i området, ta kontakt me´n Egil. Han skaffar deg boka med ein gong!

egilm@bbnett.no
tlf.: 970 67 723

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk