Daily Archives: 28. oktober 2022

Nye redaktørar i Fronsbygdin

Geir Paulsrud og Erling Skurdal tar over i 2024

Dei to nye redaktørane Erling Skurdal (t.v.) og Geir Paulsrud vart presenterte av gammeredaktøren Rasmus Stauri.på lanseringa av Fronsbygdin 2022.

I Fronsbygdin 2003 finn du desse artiklane: «Ole Johannesen – askeladden frå Baukholsgrenda»  og «Kongsvegen gjennom Sør-Fron». Kva er spesielt med dei? Jo, medforfattarar her er dei to nye redaktørane i Fronsbygdin: Erling Skurdal og Geir Paulsrud. Når Fronsbygdin 2024 vert lansert, er det ikkje lenger Rasmus Stauri, Gard Espeland og Hildegunn Ruset som står bak, men desse to karane. Rasmus Stauri har lengst fartstid – når han gir seg neste år, har han vore drivkrafta bak alle dei 20 utgåvene av årboka!

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk