
«Får eg vera jenta di?» spurte huldra Per Gynt
IVAR KLEIVEN: Han var støtt så ettersett av hulder og underbuande, han Per Gynt, når han var til fjells. Ho hadde det med det mykje iblant, huldra, at ho låg etter skyttarane og fiskarane. Han Per var ein staut, røssleg kar, og det var helst slike ho prøve komme seg inn med, ho kunne prøve både med smeik og kjæling og med skremsle og trugsmål. Men Per Gynt var nå ikkje den som korkje let seg lokke eller skræme, korkje av hulder eller troll. Les meir