Her finn du ord som Ivar Kleiven nytta i Fronsbygdin 1930

Professor Andreas Bjørkum
Dette innlegget er for dei som verkeleg har sans for språk og fronsmålet spesielt. Det er ein artikkel på høgt fagleg nivå av professor Andreas Bjørkum med ei ordliste over det språket Ivar Kleiven nytta i lokalhistorieboka Fronsbygdin i 1930. Ivar Kleiven (1854-1934) var lokalhistorikar og folkeminnesamlar, fødd i Vågå. Han var ein fin stilist og har gitt Gudbrandsdalsmålet litterær hevd.