Daily Archives: 10. oktober 2022

Bjørnen drog elgen på land for han

Anders Massing veida bjørn og elg tett ihop

Ill: Trom blogg.no

IVAR KLEIVEN: Anders Massing var sterk og før og hardsett som ulv og bjørn. Mellom 1700 og 1750 var han i si fulle makt. Kor mange bjørnar han skaut, hadde han nok ikkje tal på. Han skaut ein 800-900 reinsdyr. Det var ein gong han skaut ein avråde stor elg oppmed Murulona, og han stod ute ei lorttjønn da elgen fekk daudhogget. Ja, å få den tunge skrotten på land var ikkje barneleik, og han sette seg og skulle grunne ut ei råd. Medan han satt såleis, sette det på å braske og bråke i skogen, og det var hørandest at turrkvisten vart skjyr. Anders smatt attom ei gjømsle og hadde hug til å sjå, kva for eit åverk som var ute og fór. Om litt kom det ein vaksen medels stor bjørn hufsande og ga seg til å stå og stire på elgbranden, som låg uti Murulona, låg der og halvflaut i vatnet. Les meir

2 kommentarar

Filed under Jakt og fiske