Historia om husmannskona Rønnaug Sagboden
PER OTTESEN: Den vesle plassen Bakkestugu ligg rett nedanfor demninga ved Olstappen i Skåbu. Rønnaug Sagboden var den siste som bodde her. Ho var ei kjend dame i bygda, der ho hadde levd heile sitt liv. Nokså eksentrisk, litt sta, eit arbeidsjern og utstyrt med ei skarp tunge når det høvde seg slik.

Rønnaug Sagboden
Rønnaug Strømbakstuen, eller Sagboden som ho seinare kalla seg, underteikna husmannskontrakt med Kristian Kampesæter den 12. mars 1928. Bakkesugu hadde vore bebygd frå ca. 1870 med ei lita stove og fjøs. Men om lag på same tid som Rønnaug underskreiv husmannskontrakta, vart den gamle stova rive og ei ny bygd. Leia var fem kroner i året
som erlægges inden 1ste oktober, dog har Rønnaug Strømbakstuen ret til at betale dette med 2 – to – dagers onnearbeide i tilfælde hun så ønsker.
I kontrakta sto det også at ho kunne kjøpe jordstykket etter ein pris av 10 kroner per ar, det vil seie 100 kroner per dekar (mål), og
når dette er betalt bortfalder den årlige avgift og stykket bliver hennes retmessige eiendom.
Sjølv om ho hadde pengar til det, ser det ikkje ut til at ho kjøpte seg ut. Torbjørn Veslum trur at ho følte ei slags sikkerheit ved å vera husmann, og ho vart difor husmann til sin død.
Rønnaug vart boande på Bakkestugu i all sin dag og klarte seg bra med sine to mål jord. Ho unna seg nok ikkje meir enn eit nøkternt liv. Men det var vel slik ho ville ha det.
FAMILIE OG OPPVEKST
Faren heitte Ole Pedersen Kappelslaaen (1.1.1860-6.11.1908) og mora Karen Østensdotter Jenssæteren (31.7.1859-8.8. 1947). Mens Ole hadde ein vanleg god oppvekst, hadde Karen det svært vanskeleg. Som sjuåring vart ho send til Skåbu med støtte frå fattigvesenet. I folketellinga for 1865 står det at ho bodde på Geiteryggen. Dette, kombinert med at ho fødde Rønnaug utanom ekteskap, gjorde henne hard.
Eg har spurd meg sjølv om ho kunne ha levd med eit livslangt mindreverdighetskompleks og dårleg samvet for «feilgrepet» sitt og trur det kan vera rett. Det vert fortald at Rønnaug aldri fekk leike med ungane på gardane der mora arbeidde, utan at ungane sjølve kom og ba om at Rønnaug skulle bli med i leiken. Vart ho ikkje bedd ut, måtte ho pent sitja roleg inne saman med mora heile dagen. Dei skulle ikkje trenge seg på nokon.
Rønnaug vart fødd den 15. januar 1895 og døydde 13. januar 1994. Då ho var sju år gamal, fekk ho gå på skole. Den gongen var det enda omgangsskole i bygda, så ho gikk 14 dagar på Veslum med ein månads mellomrom medan skolemeisteren var sine 14 dagar på Hågåstugu og Graupe. Kor mange år ho gikk på skole, veit visst ingen, men alle som kjende henne, er einige i at Rønnaug var gløgg og «ordhittaug» og kunne ha kome langt viss ho hadde fått hjelp til vidare utdanning. Ho var kjend for å vera god til å svare for seg, og folk har sagt at ho skulle ha vore advokat!
Rønnaug måtte tidleg ut i arbeidslivet, først saman med mora, og seinare aleine. Ho var flink til å arbeide. Til å skjera åker skal ho ha vore like god som nokon mann, og det var ikkje att eit einaste aks på åkeren då ho var ferdig, vert det sagt.
VAKSENLIVET
Rønnaug gifta seg med Ola Syverhuset. Dei gifte seg i Kviknekyrkja og på veg heim tok dei ein stopp i Massingsdalen, så ho fekk plukke røspost (bergmynte) til bryllupssøet. Men Ola døydde straks etter av tuberkulose. Seinare, under anleggstida, var ho så moderne at ho hadde samboar, men stort sett bodde ho aleine.
Rønnaug dyrka gulrot i ein liten kjøkenhage utanfor døra si. Nokre poteter fekk ho vel og plass til, og så fekk ho setja poteter på nabogarden Slåen mot å hjelpe til med haustinga. Ho sette nokre poteter i enden av kvar forr. Desse fekk ho hauste først, og deretter hjelpte ho Iver Slaaen med resten,
Ho hadde også arbeid på brakkevask ved kraftanlegga. Kamfosskraftverket vart oppgradert to gonger, og så kom storutbygginga i 1940- og 50-åra. Ho hadde difor lønna arbeid i mange år i samband med dette. Det var stor aktivitet der i desse periodane, og sikkert spanande å bo der. Litt for spanande vart det ein gong: Det var mykje vettlaus sprengning på anlegget som låg heilt nær huset hennar. Det vart brukt slagbjørn-dynamitt – dynamitt som dei la oppå steinen – og ein gong slo ein stein på over tre kilo gjennom låvetaket på Veslum, 500 meter unna.
Rønnaug var ellers karakterisert som reine renovasjonsvesenet, for ho samla alt ho fann av kasserte trematerialar, og ho var også ovanfor dammen og samla rekved, så ho held det ryddig samstundes som ho hadde gratis ved.
Dette med ved var elles ein besettelse for henne. Ho hadde vore vedlaus ein vinter, og det skulle aldri skje ein gong til. Iver Veslum fekk difor i oppdrag å levere ein halvfavn med turr bjørkeved og seinare også ein halv favn oppkappa «kveldsved» kvart år. Rønnaug stabla veden i skålen sjølv. Ho ville at lageret skulle veksa seg større år for år, meiner Torbjørn Veslum. Til slutt hadde ho så mykje ved at Torbjørn spurde om han heller skulle kjøpe ved av henne! Ho hadde fleire års vinterved, og da Lionsklubben skulle selge veden for dødsboet, vart det utruleg mange sekkar.
Rønnaug var nok også redd for å gå tom for mat, for da dei skulle rydde huset etter henne, fann dei store mengder med hermetikk – mykje så gamal at den var ødelagt, men tydelegvis var det eit kriselager.
Vatn fekk ho frå ei kjelde på andre sida av elva. Ho hadde isolerte rør og pumpe, men det hende at ledningen over elva fraus, og da måtte ho bera vatn. Drikkevatn henta ho da frå Strand, medan ho henta vaskevatn frå dammen. Veslum hjelpte henne også med vatn nå og da.
Ved folketeljinga i 1900 bodde Rønnaug saman med mora Karen i Gammelbakstugu, som låg litt nedanfor der husa står nå. Da ho fekk kontrakt på Bakkestugu, bodde ho fortsatt saman med mora, og det gjorde ho nok til mora døydde i 1947. Det var enkelt stell: to rom og vedkomfyr med steikomn. Rønnaug fekk forresten etter kvart kjøpt seg ein magasinkomfyr med ei plate og eit lite kjøleskåp. Driftsbestyraren ved Kamfossanlegget fekk lagt inn strøm til henne og betalte truleg også leia, fordi ho strauk skjortene hans.
For å tene nokre kroner ekstra karda og spann dei garn, dei vov og ho strikka: spesialiteten var «rosahoso», og dei måtte vera av Kari-garn. Prisen var seks kroner paret.
DEI SISTE ÅRA
Den 2. januar 1985 braut ho av lårhalsen. Ho var da nesten 90 år, og dette var første gongen ho var på sjukehus. Ho ville ikkje vera på Sundheim, for der var det berre gamle folk! Solås på Gjøvik låg for langt frå Skåbu, så da sto Skogli på Lillehammer att. Det fekk gå an, men ho tok eit alvorsord med leiaren der:
E et itte sopp!
Dei fann ut at den beste løysinga ville vera å ta henne inn på Veslum. Torbjørn reiste og spurde henne om det var greit, og det var det. Det var tre vaksne og tre små barn i Velsum da, og dei var nokså bekymra over korleis dette ville gå, for Rønnaug hadde alltid vore van med å bo aleine. Men i alle fall kom ho til Veslum med drosje etter 14 dagar på Lilelhammer – og ho gikk opp trappa til andre etasje, sjølv om ho var nyoperert!
Dei stelte henne så godt dei kunne, og det gjekk svært bra. Dei vart som ein stor familie, og ho slo seg til ro. Ut i mai tok ho til å rulsa heim til Bakkestugu om dagen, men låg fortsatt i Veslum om natta. Ein heimesjukepleiar bada henne kvar veke og kunne fortelja at Rønnaug var mjuk som ein katt. Ho kunne bøye seg heilt fram til tærne. At ho var sprek, ser vi også av at ho gikk til Samvirkelaget og handla, ein veg på 3,5 km og med høgdeforskjell på 200 meter! Det er mange bratte bakkar det.
Rønnaug var ein ivrig kyrkjegjengar. Oddvar Megrund var kyrkjetenar og ga henne ofte skyss. Ho hadde fast plass, for ho måtte sitja slik at ho fekk sjå alt som skjedde i kykrja.
Ho døydde 99 år gamal nesten på dagen, og då ho ikkje hadde livsarvingar, testamenterte ho alt ho eigde til Skåbykyrkja, der soknerådet skulle administrere og gjera seg nytte av arven. Soknerådet overtok den nokså nedslitne eigedomen med ei viss frykt for at dette skulle bli ei kostbar gåve å ta imot, men slik vart det ikkje. Vinstra kraftselskap hadde fleire små eigedomar i området, og Soknerådet spurte om ikkje selskapet kunne vera interessert i å kjøpe staden. Det sa dei seg viljuge til og betalte 5000 kroner for staden slik den stod.
Vinstra Kraftselskap såg verdien i å ta vare på husmannsplassen og kosta etter kvart 120 000 kroner på ei full restaurering. Men Kraftselskapet hadde ikkje bruk for staden, og for å sikre at den vart halde i orden og brukt til noko nyttig, spurde dei om ikkje Soknerådet ville kjøpe att staden for ein rimeleg penge. Kor rimeleg? Jau, for ei einaste blank krone!
Soknerådet slo sjølvsagt til på tilbodet, og dei får også bruke eigedomen til Kraftselskapet på andre sida av vegen, slik at dei både har parkeringsplassar og ein rasteplass for dei som vil koma for å sjå på staden. Soknerådet har planer om å halde andaktar der, og elles vise dagens unge kva ein husmannsplass var. Planen er også å trykke ei brosjyre om staden, om Rønnaug som bodde der og om husmannsstellet generelt. Det er også laga ei venneforening for staden, som skal leggje til rette for å ta imot besøkande skoleklasser, turistar og fastboande.
Frå Fronsbygdin 2010-2011. Publisert her første gong 25.2.2015
Her er det på plass med ein korreksjon. I artikkelen står det at Rønnaug bur i «Gammelbakkestugu» i 1900. Det riktige er at ho budde i Sagboden saman med mor si. Sagboden var ei stove som var sett opp i samband med den gamle oppgangssaga som stod like ved der Olstapp-demningen er i dag. Dei flytta frå der til Bakkestugu (Øvre Strombakkstugu) i 1916. Da vart sagbua rive i samband med bygginga av demningen. Dette er bakgrunnen for Sagboden-namnet.
LikarLikar