Monthly Archives: oktober 2022

Landbruks- og kulturhistorie frå Vinstra

Ny bok frå Bjørn Loe!

I fjor gav han ut bok om faren sin, legendariske dyrlege Loe. No har han skrive ein biografi om mor si. Med utsikt til gardane Lo, Bø og Sygard Kongsli fortel han landbruks- og kulturhistorie frå Vinstra. Her skriv han også om sin eigen karriere, og boka inneheld óg mykje anna interessant. Den kjem i handelen i fyrste halvdel av november. Du kan sikre deg både denne og Fronsbygdin 2022 f. eks hos Norli, Vinstra.

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Informasjon, Kunst og handverk

Mannen med detektoren

Møt Tormod Bråten, nye leiaren i Fron historielag

Første oppgåva som leiar i historielaget: Velkomen til boklansering!

Når du held ei spenne i handa – du veit at du er den første som ser ho og kjenner ho på 1500 år – det er ei spesiell kjensle. Seier Tormod Bråten, den nye leiaren i Fron historielag. Han snakkar om sin store lidenskap: metallsøking. Når han har tid, er han ute med detektoren, helst på dyrka mark med løyve frå grunneigaren. Han finn mest skrot, seier han, men så smell det til med noko som har kulturhistorisk interesse. Han samarbeider med fylkesarkeologen, og er funnet eldre enn reformasjonen i 1537, tilhøyrer det Staten. Det gjer også myntar som er frå før 1650. Har han ei stor samling funn heime? Nei, det han finn av verdi, får som regel grunneigaren. Han fann ein gong ein metallknapp med initial til bondens sin tippoldefar, det kan ha stor verdi på garden.

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Informasjon, Menn

Nye redaktørar i Fronsbygdin

Geir Paulsrud og Erling Skurdal tar over i 2024

Dei to nye redaktørane Erling Skurdal (t.v.) og Geir Paulsrud vart presenterte av gammeredaktøren Rasmus Stauri.på lanseringa av Fronsbygdin 2022.

I Fronsbygdin 2003 finn du desse artiklane: «Ole Johannesen – askeladden frå Baukholsgrenda»  og «Kongsvegen gjennom Sør-Fron». Kva er spesielt med dei? Jo, medforfattarar her er dei to nye redaktørane i Fronsbygdin: Erling Skurdal og Geir Paulsrud. Når Fronsbygdin 2024 vert lansert, er det ikkje lenger Rasmus Stauri, Gard Espeland og Hildegunn Ruset som står bak, men desse to karane. Rasmus Stauri har lengst fartstid – når han gir seg neste år, har han vore drivkrafta bak alle dei 20 utgåvene av årboka!

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

Bli med Per Tofte på dans!

Her er innhaldet i Fronsbygdin 2022

Og finn du ikkje boka i ein butikk nær deg. eller får du ikkje ein ihuga seljar på døra snart, ta kontakt med Egil Myhre: egilm@bbnett.no
eller tlf.: 970 67 723

så kjem boka i posten så snart råd er.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Smekkfullt hus og mange godord

Da Fronsbygdin 2022 vart lansert

Janne Urkegjerde, Synne Kjøk og Hanne Kjøk frå landslina i folkemusikk ved VVS fekk opp temperaturen på lanseringa.

Lokalhistoria gir styrke og kraft og nåtid og framtid. Vi står på oksla av dei som har levd før, sa redaktør Rasmus Stauri da redaksjonen la fram Fronsbygdin 2022 for godt over 80 frammøtte på biblioteket Vinstra.

Redaksjonssekretær Gard Espeland dansa seg gjennom dei mange artiklane,

Paul Henrik Hage fortalde lunt om eit apaltre han har vokse opp med – han tok til å undrast over kor gamalt det er og fann ut mykje interessant – om Tokse-eplet! Historia står i boka.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Ny leiar i Fron historielag

Tormod Bråten tek over etter Egil Myhre

Tormod Bråten jobbar som elektrofagslærar ved Vinstra vidaregåande skule. Utdanna elektroingeniør. Likar å halde på med friluftsliv, historie, slektsgransking og  metallsøking. Du treff den nye leiaren på lanseringa av Fronsbygdin 2022 i morgon, torsdag, på biblioteket Vinstra.

Éin kommentar

Filed under Informasjon

Ho prøvde med smeik og kjæling

Huldra ved Matbrunnen – Theodor Kittelsen, 1892

«Får eg vera jenta di?» spurte huldra Per Gynt

IVAR KLEIVEN: Han var støtt så ettersett av hulder og underbuande, han Per Gynt, når han var til fjells. Ho hadde det med det mykje iblant, huldra, at ho låg etter skyttarane og fiskarane. Han Per var ein staut, røssleg kar, og det var helst slike ho prøve komme seg inn med, ho kunne prøve både med smeik og kjæling og med skremsle og trugsmål. Men Per Gynt var nå ikkje den som korkje let seg lokke eller skræme, korkje av hulder eller troll. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Folketru, Jakt og fiske, Kunst og handverk, Litteratur, Menn

Redaktøren ser nøgd ut

Mykje tyder på at han gler seg til lanseringa

Redaktør Rasmus Stauri avslører fargen på Fronsbygdin 2022 i Dølen før lanseringa torsdag 27. oktober kl 19 Biblioteket Vinstra

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Her blir det triveleg!

Kommenter innlegget

by | 20. oktober 2022 · 20:45

Kva tyder avrå’e? Ha’leg? Mjoge? Såmy?

Her finn du ord som Ivar Kleiven nytta i Fronsbygdin 1930

Professor Andreas Bjørkum

Dette innlegget er for dei som verkeleg har sans for språk og fronsmålet spesielt. Det er ein artikkel på høgt fagleg nivå av professor Andreas Bjørkum med ei ordliste over det språket Ivar Kleiven nytta i lokalhistorieboka Fronsbygdin i 1930. Ivar Kleiven (1854-1934) var lokalhistorikar og folkeminnesamlar, fødd i Vågå.  Han var ein fin stilist og har gitt Gudbrandsdalsmålet litterær hevd.

Les meir

3 kommentarar

Filed under Språk