-E spæinne hol ti bassen din!

Ein feststemt kar ville danse meir

Harald Rudi med bassen og musikarar i tryggare miljø. Foto: Torbjørn Mathisen/Vegar Skar

Harald Rudi med bassen og musikarar i tryggare miljø. Foto: Torbjørn Mathisen/Vegar Skar

HARALD RUDI: Eit ungdomslag i bygda skulle feire jubileum, ei lang rad menneske var invitert, gamle som unge. Feiringa gjekk føre seg midt i femtiåra. Her vart servert tradisjonell landsens mat – rumgraut og spekemat, drikke var heimebrygd øl. Stemninga steig etter kvart, og på full mage skulle festlyden ta til med gamaldans. Dette var i den lyse årstida, og ettersom dansen gjekk lystig vidare, begynte sola å vise seg. Med stutte pauser heldt festen likevel fram utover morgonen, men ein gong måtte denne trivelege samkoma ta slutt. Leiaren for trioen reiste seg og ropte ut i salen:  SISTE DANS! Vi fekk spela ein til, takka for oss og skulle til å pakke ned instrumenta, da ein velvaksen og framleis feststemt kar kom opp på scena og sa følgjande:

Spelle ´økk itte ein té åt mé, så spæinne e´hol ti bassen din!

Vi hadde ikkje noko val. Men da var klokka halv ni sundagsmorgonen.

Publisert her første gong 25. mars 2014

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Musikk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s