På Lo var det styggmykje underbuande

Derfor kom Lo-hornet til gards

«Dette drikkehornet fra garden Lo i Nord-Fron var en av de første gjenstandene Anders Sandvig kjøpte inn til samlingene. Tidligere direktør på Maihaugen, Sigurd Grieg, tidfester hornet til 1400-tallet. Det knytter seg et sagn til hornet. Man trodde at mennesker hadde stjålet drikkehornet fra de underjordiske.» Bilde frå Digitalt museum.

IVAR KLEIVEN: Mannen på Lo hadde vore nordpå vollen mot Sorperoa og funne att gampen sin. Da han reid attende til garden, møtte han eit framandt kvinnfolk, som ville skjenke han ut av eit vakkert horn. Mannen tok imot hornet og lot som han ville drikke, men han skvetta drykken attover aksla – det var nok sterk drykk, for det hadde kome nokre dråpar på lenden til gampen og svei håra. Med det same han skvetta ut av hornet, jaga han på gampen og sette på å renne alt det gampen orka. Da hørte han det ropte i haugen nord i garden: «Ri til aker og ikkje til eng, du litin-mann, så får ikkje kjerringa att olsokhornet sitt.»

Og Lo-mannen gjorde så og kom til gards att med hornet. Sidan har det vore på Lo til det kom på Maihaugen. Men i den haugen nord på garden var det nok riktig styggmykje underbuande.

(Frå Fronsbygdin 1930, publisert her første gong 30.4.2014)

 

Kommenter innlegget

Filed under Folketru

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s