Hol i botnpanna og blautmyr er Skriurusten si historie

Skriurusten heiter ei DNT-hytte i Langsudalen heilt vest i Sør-Fron. Ho ligg ikkje der ho skulle ligge, og ho ligg ikkje godt. Tidlegare leiar i Fron historielag, Anders Hage, har hatt tilsyn med hytta så lenge ho har vore DNT-hytte. Han køyrer inn ved og proviant på vinteren, tar husvasken på våren, snikrar litt og beisar. Han kan historia: I Grønfly sør i Langsudalen låg eit buleger for gjetarar frå den gang hamninga var der. Så vart behovet borte, berre jegarar nytta bua. Men ho låg for langt innpå, det vart for drygt å gå for han Torvald Risdal (1899-1982) i Skåbu, ivrig jeger. På slutten av 1960-talet fann han ut at han ville flytte ho ein to-tre kilometer lenger nordover. Det vart litt av ein operasjon.

Sigvald Sande (1910-1980) i Skåbu hadde traktor med hengjer og fekk med seg Olav Granslåen. Det må ha vore på hausten.
Dei kom seg fram på stigar og trakk og mykje rart til Grønfly, tok bua ned og lessa stokkane på. Så køyrde dei framover.
Det var ikke berre enkelt, ingen veg over elv og bekk. Traktoren humpa seg fram. Heilt til dei slo hol i botnpanna. Olav Granslåen var snarrådig. Han fann ein kjel og tok vare på olja som rann ut. Så skrudde dei av botnpanna. Olav hadde meg seg hagle. Han tenkte vel et han kunne få med seg nokre ryper på ferda òg. Dei tok bly ut av patronane, gjorde opp varme, smelta blyet, rende det ut i sprekken og tetta lekkasjen. Tømte oljen på att og kom seg vidare.
Men ein 200 meter før dei var framme der bua skulle stå, køyrde dei seg fast. Det var for blautt. Da hadde dei fått nok og lessa av tømmeret.
Derfor ligg ikkje Skriurusten der ho skulle vore.
Så kom DNT på banen i 1994. Det som vart kalla Huldeheimen og nå heiter Langsua nasjonalpark, skal vere lettgått for familiar med barnevenlege dagsetappar. Men frå Storeskag til Storhøliseter er det for langt, bortimot 20 km, så DNT ville ha ei sjølvbetjeningshytte midt i mellom. Der stod traktorlasset hans Torvald Risdal lageleg til, nå eigd av Espedalen bygdealmenning. DNT bygde ei sikringsbu på fast fjell om lag hundre meter lenger sør. Men den gamle hytta vart ikkje fundamenter på nytt, ho ligg blautt og ikkje i ro. Døra til eine soverommet sit fast i golvet om sommaren. Utsikta er framifrå, men hytta står ikkje støtt.
Dei som nå skriv lovord inn i hytteboka på Skriurusten, skulle ha vore der og tatt i eit tak da hengjaren sokk ned i blautholet.
FINT OM DENNE SIDA KAN SKIRVE GODT NORSK.Det heier OM hausten.om vinterne og om formiddagen og kvelden; ikke PÅ:
LikarLikar