Givande markvandring på Lomsetra

Vel 50 personar møtte opp til markvandringa på Lomsetra førre sundag. Det blei ein svært triveleg og innhaldsrik dag. Det var som vanleg Anders Haugen og Lodver Bryhn som stod bak dette. Dei hadde alliert seg med Jan Karenstuen, Ragnar Thor Mariasson og Olaf Nøkleby for å få arrangert dagen.

Midt på biletet: Lokalhistorikar Anders Haugen fortel om Lomsetra. Til venstre for han ser vi Jan Karenstuen, som også bidrog med historikk.

Turen starta i vegkrysset og gjekk så vidare forbi Båtberget-setra og runden rundt Lomsetra. Ved fyrste stopp vart det fortalt om bakgrunnen for at det vart etablert setrer på Lomsetra, og vi fekk historikken til setrene vi passerte. Her fekk vi høyre at brukaren på Nørdre Dalen, Lars Halvorsen Dalen (Bryhn), var den fyrste som rydda seg seter. Det var allereie i 1764.

Ragnar Thor Mariasson stod for serveringa. Kålen og kaffien var kjempegod!

Ragnar Thor inviterte oss inn i det flotte, ombygde fjøset sitt. Det var reine restauranten!

Etter vandringa vart vi inviterte inn på setra (Karlsrud/Kalson) til Ragnar Thor. Han har gjort om fjøset sitt til ein flott serveringsstad. Der varta han opp med fantastisk god kål og skikkeleg god, gamledags kaffi. Det var utruleg tøft gjort når han ikkje visste kor mange som møtte opp. Men det var så rikeleg med mat at han sikkert kunne hatt eit selskap til! I fjøset vart det også vist fram gamle bilete frå drifta på Lomsetra gjennom tidene.

Til slutt heldt agronom og historikar Olaf Nøkleby eit svært interessant foredrag om det kolossale dyrkingsprosjektet som vart starta midt på 1950-talet. Han er godt kjent med utviklinga innan landbruket i Nord-Fron. Nøkleby forpakta garden Hov i Ruste på 1980-talet. Fron historielag er i gang med eit bokprosjekt om setrene i Nord – og Sør-Fron, og historikken som blei formidla under denne markvandringa vil bli eit verdifullt tilfang i samband med dette. Vi takkar alle desse karane for ein flott og spennande sundag!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Setring

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s