Namn i Fron: Bergdal

Har ikkje noko med berg å gjere

Bergdal skule omkring 1955. Ikke berg, men kanskje bær?

BRIT NILSEN: Grenda Bergdal ligg lengst sør i Sør-Fron på austsida av Laugen. Den eldste skriftlege kjelda vi har for namnet, er frå 1520, da vart det skrive Berdall. I andre skriflege kjelder frå 1500- og 1600-talet finn vi ulike skrivemåtar utan g. Først i 1668 vart namnet Bergdall, og i 1723 Bergdal. Slik har altså ein «feil» skrivemåte festa seg, medan den lokale uttalen «beddal» fortel at namnet må ha eit anna opphav enn berg. Og den lokale uttalen av eit namn er ofte den sikraste kjelda vi har for å forklare kva eit namn betyr.

Berdal er eit namn som finst mange stader i landet, og oftast har det opphavlege namnet vore *Berudalr. Førsteleddet kjem av elvenamnet *Bera, laga til gamalnorsk bera, som betyr «binne, hobjørn», altså «elva som lagar ein brummande lyd». Da den einaste elva som finst nær Bergdal, er Frya, er det lite truleg at dette opphavleg var eit elvenamn.

Rygh meiner førsteleddet i namnet kjem av gamalnorsk ber (tyttebær), som i genitiv fleirtal gav namnet *Berjadalr, altså Bærdalen. Sikrare kan vi ikkje bli på tydinga av dette namnet, men det har ikkje noko med ordet berg å gjere.

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s