– I ætt med dei gamle sagamenn

Professor Knut Liestøl: glitrande minneord om Ivar Kleiven

Knut Liestøl om Ivar Kleiven: «Han er i ætt med dei gamle sagamenn både når det gjeld forvitenskapen etter å få vita so mykje som mogeleg um det gamle, og når det gjeld det gløgge auga og det varnæme øyra.»

Knut Liestøl (1881-1952) var professor i folkeminneforskning, kirke- og undervisningsminister og den som laga ordet Norsk rikskringkasting frå det engelske Broadcasting. I DNT årbok frå 1934 skreiv han ein artikkel om Ivar Kleiven, ein artikkel som også vart ein nekrolog. Her er det mange gode formuleringar om mannen som skreiv fronshistorie i Fronsbygdin i 1930. Men framfor alt er det å lese Knut Liestøl sitt språk som å ete konfekt:

Denne vesle artikkelen var skiven og alt uppsett då den syrgjelege meldingi kom at Kleiven døydde på Kleivseter i Vågå den 19de februar 1934, burtimot 80 år gamal. For den som vil granska gudbrandsdalsk bygdeliv og kultur, er Ivar Kleivens bøker den rikaste og beste kjelda. Det er ei staseleg rekkje av verk – frå hans «Segner frå Vågå», som kom ut i 1894 og til dei 5 dryge bandi av «Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen». Siste bandet «Fronsbygdin» kom i 1930. Det som sermerkjer Ivar Kleiven millom bygdehistorikarane våre er det mangesidige ved granskingi hans.

Ivar Kleiven » hev fenge det gamle Gudbrandsdalen til å verta levande for oss att.»

Kvar hev gjerne sin serlege kjepphest: gardshistorie, ættesoge eller dilikt. Men hjå Kleiven er det liksom han skulle levd med i det gamle livet, set det frå alle sidor og ingenting gløymt av det han hadde set og høyrt. Hjå han finn ein utgreidingar både om gardar og ætter, samferdslevegar og handel, kunst og diktning o.s.b. – som han sjølv hev sagt: «noko av kvart». Det verkar på ein som noko heilt, som eit rikt samspel.

Her finn du utdrag frå Fronsbygdin 1930.

Dinæst merkjer han seg ut ved at dei gamle munnlege tradisjonane, folkeminni, hev fenge so breidt eit rom i bøkene hans. Den gamle gudbrandsdalske folkediktingi, som alt P. Chr. Asbjørnsen gav oss ein glytt av, gjeng som ein breid straum gjennom heile Kleivens forfattarskap. Han kann gjeva att dei gamle tradisjonane so dei verkar på oss som det dei er: som kunstverk, og det kann han for di han sjølv er kunstnar og for di han voks opp i det miljøet som bar dei gamle uppe.

Han fortel i si merkelege bok «I heimgrendi. Minne fraa seksti-aarom» um livet i heimen hans. Der var den stilla som gjerne fylgjer livet i dei øvre dalbygdene; men der var au det liv og umskifte som fylgde med at det var mykje ferdafolk som fekk seg husvære og fyllte stova mang ein kveld vinterstider. Då kunde den unge Ivar ofte få høyra god forteljekunst, og han lydde vel etter og mintest.

Eit tridje sermerke for Ivar Kleivens bygdeskildringar er den store målkunst dei er skrivne med. På det umrådet med hev han frå sine tidlege barneår lagt vel merke til kva folk sa og korleis dei sa det. «Noko av det eg jamnan hadde stor moro av, var å høyre dei ymse målføri som samrøune gjekk på, eg sat mang ein gong og lydde etter kvart eit ord som braut ut frå våre bygdemål.» Ordtilfanget hans er rikt og ekte, setningsbygnaden einfeilt og klår. Stilen hans er ikkje glansfull og brikjande, me hev noko mjukt og melodisk, noko avdøyvt, men samstundes noko traust.

Professor Andreas Bjørkum har laga ei ordliste over det språket Ivar Kleiven nytta i lokalhistorieboka Fronsbygdin i 1930.

Ivar Kleiven eig den ovleg sjeldsynte sameining av granskaren, kunstnaren og målmeisteren. Han er i ætt med dei gamle sagamenn både når det gjeld forvitenskapen etter å få vita so mykje som mogeleg um det gamle, og når det gjeld det gløgge auga og det varnæme øyra.

Det er Ivar Kleiven som hev fenge det gamle Gudbrandsdalen til å verta levande for oss att – ikkje berre for di han hev drege fram so mykje gamalt både frå gamle dokument og frå munnleg tradisjon. Men for di han med kunstnarhand la det so til rette at alt kom i sitt rette ljos og fekk sitt rette perspektiv. Han talar til oss på gudbrandsdalsmål so heile nasjonen lyder. Han hev fortalt for heile nasjonen kva Gudbrandsdalen er og kva denne dalen hev vore og hev skapt på dei ymse umkverve fram gjennom tidene,

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kunst og handverk, Menn

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s