Vel 50 personar møtte opp til markvandringa på Lomsetra førre sundag. Det blei ein svært triveleg og innhaldsrik dag. Det var som vanleg Anders Haugen og Lodver Bryhn som stod bak dette. Dei hadde alliert seg med Jan Karenstuen, Ragnar Thor Mariasson og Olaf Nøkleby for å få arrangert dagen. Les meir
Monthly Archives: august 2022
Givande markvandring på Lomsetra
Filed under Informasjon, Setring
Triveleg og interessant bygdekveld i Kvikne
Det blei ei fin stund da Fron historielag arrangerte bygdekveld i Kvikne onsdag kveld. Det heile starta med at Kristian Ekre viste oss rundt i den nyrestaurerte kyrkja. Han delte av sin breie kunnskap og vi fekk god forståing av korleis restaureringa hadde foregått.
Filed under Informasjon
Opplev Borg bygdemuseum og Kvikne-kyrkja!
Og bli medlem i historielaget 🙂

Onsdag 24. august kl 1800 får du nok ein god grunn til å melde deg inn i Fron historielag, for berre medlemmer i laget kan vere med på dette: Oppleve Borg bygdemuseum i Kvikne og få historia frå Marit Håkenstad! Etterpå fortel Kristian Ekre om Kvikne kyrkje, som er opna att etter omfattande restaurering. Kyrkja kunne rast saman etter 256 år! Kaffiservering vert det òg! Slik melder du seg inn i historielaget: Kr 200 til konto 2095 32 92735 Fron historielag 2640 Vinstra. Oppgje epostadresse. Velkommen til Borg bygdemuseum og Kviknekyrkja!

Filed under Informasjon, Kunst og handverk
Foregangsfolk i Nord-Fron, sinker i Sør-Fron
Strøm fra Lofossen i 1910, fra Ulbergåa i 1917

Frya kraftstasjon kom på nettet i 1947 og leverte strøm til 1979. Kraftverket har vært kulisse til forestillingene i juvet under Peer Gynt-stemnet.
ASBJØRN RINGEN: I elektrisitet og kraftutbygging var nord-frøningene foregangsfolk, mens sør-frøningene var sinker. Elektrisiteten lyste opp flere norske bygder et tiår inn i det nye århundret. I Lillehammer hadde underet skjedd i 1894. I Nord-Fron kom den første generatoren i 1910, da Kongsli-folkene koblet den til en turbin i Lofossen. Fire år seinere kjøpte de en større turbin som produserte mer strøm enn Vinstra Bruk trengte selv. Det ble grunnlaget for Nordre Frons Elektricitetsverk. Den første lyspæra i Sør-Fron ble tent på Ulberg i 1915, med strøm fra et lite kraftverk i Ulbergåa.
Filed under Verksemder
– Det mest imponerende dyrkingsfeltet!
Bli med til Lomsetrene på markavandring
Køyrer du Peer Gynt vegen forbi Lomsetra, blir du trulig imponert over det store dyrkingsfeltet der. Ein gong var det ei stor myr. I 1955 starta arbeidet med å gjere myra til dyrka mark. «Det mest imponerende dyrkingsfelt på fjellet i hele Norge». Sa ein professor på midten av 1950-talet. Du kan lese meir om historia til Lomsetrene i DØLEN. Bli med på ei markvandring her søndag 21. august kl 11. Ragnar-Tor Mariason og Lodver Bryhn fortel historia. Frammøte og parkering ved kontaineren i vegkrysset på Lomsetrene. Servering av kål og kaffe. Bomveg.
Tove Østby laga ein video om seterlivet med utgangspunkt i si eiga historie på Lomsetra:
Filed under Informasjon, Jordbruk, Setring
Namn i Fron: Bergdal
Har ikkje noko med berg å gjere

BRIT NILSEN: Grenda Bergdal ligg lengst sør i Sør-Fron på austsida av Laugen. Den eldste skriftlege kjelda vi har for namnet, er frå 1520, da vart det skrive Berdall. I andre skriflege kjelder frå 1500- og 1600-talet finn vi ulike skrivemåtar utan g. Først i 1668 vart namnet Bergdall, og i 1723 Bergdal. Slik har altså ein «feil» skrivemåte festa seg, medan den lokale uttalen «beddal» fortel at namnet må ha eit anna opphav enn berg. Og den lokale uttalen av eit namn er ofte den sikraste kjelda vi har for å forklare kva eit namn betyr.
Les meirFiled under Kunst og handverk
– I ætt med dei gamle sagamenn
Professor Knut Liestøl: glitrande minneord om Ivar Kleiven

Knut Liestøl (1881-1952) var professor i folkeminneforskning, kirke- og undervisningsminister og den som laga ordet Norsk rikskringkasting frå det engelske Broadcasting. I DNT årbok frå 1934 skreiv han ein artikkel om Ivar Kleiven, ein artikkel som også vart ein nekrolog. Her er det mange gode formuleringar om mannen som skreiv fronshistorie i Fronsbygdin i 1930. Men framfor alt er det å lese Knut Liestøl sitt språk som å ete konfekt:
Les meirFiled under Biografiar, Kunst og handverk, Menn
Namn i Fron: Brekka
Stor bakke
BRIT NILSEN: Grenda Brekka på austsida av Laugen mellom Vinstra og Kvam har eit namn som kjem av det gamalnorske ordet brekka, med tydinga «stor bakke». Dette høver godt på det bratte terrenget her. Brekke er brukt i stadnamn i heile landet og i Norden elles. I Sverige, til dømes, finst formene bräcka, bricka og brink.
Filed under Språk
Namn i Fron: Kollo
Den mørke, svarte
BRIT NILSEN: Kollo er både eit gards- og grendenamn på grenda mellom Kvam og Sjoa. Vi kjenner namnet første gongen nedskrive frå 1668, Koelen. Dette namnet er laga av gamalnorsk kol, trekol, slik vi brukar det også i dag. Forskarane meiner namnet opphavleg er eit elvenemn, Kola, med tydinga «den mørke, svarte». Dette elvenamnet finst fleire stader i landet, særleg på Austlandet. I dag er det ingen som kjenner til at det har vore nokon bekk eller elv med dette namnet i området.
Filed under Språk
Namn i Fron: Vinstra
Den som går i krok og slyng?
BRIT NILSEN: Elve- og vatnnamnet Vinstra har ôg gitt namn til stasjonsbyen Vinstra. Det fleste forskarar har tolka namnet som «den venstre», fordi elva ligg på venstre sida av hovuddalføret når ein fer oppover dalen. I en artikkel frå 1978 skreiv forskaren Kåre Hoel om namnet Vinstra, og han har ei heilt anna forklaring: Han meiner namnet er ei sjølvstendig elvenamnlaging av gamalnorsk vinda, som betyr «dreie, svinge, vinde». Namnet skulle da bety «den som vindar og snor seg, den som går i krok og slyng.» Han meiner også at namnet opphavleg var brukt på Vinstervatnet, som er svært krumt.
Filed under Språk