Stor ferdsel over isen
BRIT NILSEN: Bredeveien, som skrivemåten er, er namnet på eit bruk og på eit område som ligg rundt Fron Ysteri. Ei tid var det også namnet på eit postopneri og ein stoppestad for jernbanen. Opphavleg har dette området vore utmark for gardane i nærleiken. I 1712 vart det halde eit skifte, der gardane Oden, Brandrud, Stokke og Listadgardane delte denne utmarka mellom seg. Ikkje lenge etter den tid kom den første busetnaden. Namnet «Breivegen» har nok si forklaring i at her har det vore stor ferdsel over isen på Laugen vinterstid. Gardane i Ryslandgrenda åtte heile søre delen av Skodal, og mange av gardane på austsida av Laugen hadde setrene side på vestkjølen, så isvegen vinterstid vart ei viktig ferdselsåre.