Daily Archives: 17. juli 2022

Namn i Fron: Kvikne

 Fare for jordras

BRIT NILSEN: Namnet på bygda Kvikne i Vinstradalen er eit gammalt namn, og det finst skriftleg belagt i 1432, a Kviknom. Namnet er elles berre kjent som bygde- og gardsnamn frå Sør-Trøndelag. Kvikne i Nord-Fron har nok opphavleg vore eit gardsnamn, og det kjem truleg av gamalnorsk kviknar, som heng i hop med det gamalnorske adjektivet kvikr, med tydinga «levande». Namnet kan sikte til grunnforholda på staden, til kvikkleire og fare for til dømes jordras. Slik bygda ligg til i bratta, høver dette godt.

Éin kommentar

Filed under Språk

Namn i Fron: Skurdal

Ei elv som grev seg djupt ned

BRIT NILSEN: Gardane og grenda Skurdal ligg på vestsida av Laugen ved Harpefoss. Det eldste skriftlege belegget vi har for namnet er Skorildall frå 1520. Det er denne skrivemåten forskarane byggjer på når dei forklarer førsteleddet i namnet som eit mest bortkome elvenamn Skora, avleidd med endinga -il (skoril), med tydinga «ei elv som grev seg djupt ned.» I Fron er uttalen av dette namnet «skodal», som er ei svært «nedsliten» uttaleform i forhold til det opphavlege namnet.

Kommenter innlegget

Filed under Språk