Namn i Fron: Ola og Mari

Ute etter gode, men lite brukte namn?

Rønnaug

Rønnaug Sagboden – ei flott dame, men namnet gjekk aldri heilt til topps.

«Det er ein Ola og ei Mari og brone merra på kvar ein gard», heitte det frå gammalt. I Kvikne frå 1801 til 1920 var Marit/Mari det klart mest brukte kvinnenamnet, dernest Anne og Rønnaug. mens Ole/Ola var utan konkurranse som mannsnamn. Iver ein god nummer to, deretter Pål og Johan. Namn som etterkvart gjekk ut av bruk, var Embjør og Torger, Ingeleiv og Hogne. Dei to siste hekk lenge att som namn på heimane Ingeleivstugu og Hognehaugen. Og så hadde dei Hallaugplassen, Lagestugu, Ottaslykkja, Sjurstugu, Imbertsonheimen, Martinåsen, Mortenstugu, Nilshimen, Larson og Olsonhaugen, som alle var knytt til folk som budde der. Mange av desse heimane er borte nå, eller namnet kan vera eit anna.

Den som er ute etter dei gode, men lite brukte namna, kan finne noko her. Kvinnenamn: Synne, Ingeleiv, Randi, Barbro, Goro, Ingier, Lisbeth, Ågot, Dorthe, Eline, Henrika, Pernille, Rannei, Ragnhild, Thora, Sina, Sidsel, Gullaug, Helga. Lite brukte mannsnamn i Kvikne i denne tida: Simen, Torkil, Elias, Haldog, Bergsvein, Fredrik, Hans, Andreas, Engebret, Gustav, Ingvald.

Dette skriv Per Åsmundstad på bakgrunn av «opptegnelser» etter farfaren, P. Th. Aasmundstad ,i Fronsbygdin 2004.

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s