Daily Archives: 3. juli 2022

Gåtur i Kviknebaklia torsdag 7. juli kl. 18.00

Hesjing på Golobrenna. Dette er eitt av dei bruka som skal vitjast på torsdag. Bilete frå «Du væt du e frå Ruste når…» på FB.

Frammøte ved Huskelia. Dei som vil ha ein lengre tur, parkerer bilen i Huskelivegen og går nordover. Vi startar turen ved Huskelia kl. 18.00 og held ei orientering.

Det vil bli synt fram og fortalt om dei 8-10 plassane som på 1800-talet låg etter denne vegen.

Ta med kaffi eller noko anna å drikke. Det blir kaffirast undervegs. Ha på gode sko.

Kjentmenn: Anders Haugen og Lodver Bryhn.

Vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Namn i Fron: Husmannsplassane

Mange har nedsettande eller ironiske namn

grindbakken

Grindhaugen. Bilde henta frå skriubakken.com

RAGNAR ØVRELID: Kvar fekk husmennene rydde? Namna på plassane kan seie oss litt om det: Lykkja tyder inngjerda jordstykke, slåtteland i nærleiken av garden, som Forrløkken, Sandbuløkken, Engumslykkja. Det same tyder namn med eng, voll, træ. Haugen ligg lenger unna garden, som Graupshaugen, Grossberghaugen. Lia er rydda i utmark: Rolstadlia, Klefstadlia. Bakken ligg også i utmark: Myrumsbakken, Jensbakken. Dalen ligg i utmark: Øldalen, Djupdalen. Les meir

Éin kommentar

Filed under Språk