Namn i Fron: Rysland

Eldgammalt, men tydinga og opphav kjenner vi ikkje

Rysland. Bilde: Google Maps

Rysland. Bilde: Google Maps

BRIT NILSEN: Rysland er namnet på grenda som ligg mellom elva Augla og grensa til Sødorp, og mange store gardar som Kjorstad, Grytting, Rolstad og Tåkåstad høyrer til denne grenda. Ingen av dei store namneforskaranehar behandla dette namnet, og det finst ikkje verkeleg gamle skriftlege belegg for det heller. Men Gerhard Schøning nemner «den lille bygd Rydtzland» i 1775. Frå 1700-talet har vi namnet i skrift fleire gonger, men skrive på ulike måtar. Sisteleddet i namnet, land, høyrer til ei gardsnamngruppe som det ikkje er så mange av i Gudbrandsdalen. Ein reknar med at land-gardane går tilbake til vikingtida eller enda litt tidlegare.

Hovhaugen seier at førsteleddet i namnet kan ha å gjere med verbet rydde, men han held det for heller tvilsamt. Den lokale uttalen av namnet gjer nok også denne tolkinga umogleg. Om dette er eit opphavleg gardsnamn på ein stor opphavsgard som seinare har vorte oppdelt mange gonger, eller eit opphavleg grendenamn, veit vi heller ikkje nokjo om.

Namnet er altså truleg eldgamalt, men tydinga og opphav kjenner vi ikkje.

Kommenter innlegget

Filed under Språk

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s