Dei bygde eit tun, og du er velkommen!

Open dag på bygdatunet Milsteinstugu 4. juni

Stikk innom bygdatunet laurdag 4. juni etter kl 12 ein gong. Du får kaffi og biteti og eit godt stykke historie. Entusiastane som bygde dette tunet på Sødorp, ville få til eit husmannsbruk med dei husa og det utstyret som naturleg høyrde til. Tunet viser eit bruk i det øvste skiktet av husmannsbruk. Her er fjos til 4-5 kyr, stall, stabbur, låve og smiu. Nokre av husa på tunet vart gitt som gave, andre vart kjøpte for ein rimeleg pris. Sjølv om ein del arbeid vart gjort med leigd hjelp, låg det stor dugnadsinnsats bak flytting, oppattbygging, inngjerding og oppattmuring av gråsteinsmuren langs heile sørsida. Milsteinstugu heiter plassen, og det må ha vore eit ekte sveltihelbruk, ei lita lykkje med skrinn og turr jord, eitt av dei aller skrinnaste husmannsbruka. Bruket nordafor, som hadde liknande ressursar, fekk namnet Pina, noko som fortel sitt. Dei tidene er slutt. Nå er du velkommen til å sjå denne historia på ein open dag!

Oppgangssaga og kverna vil bli køyrt om det er nok vatn i Sula.  Kanskje blir det grautmjøl.


Oppgangssaga ved Åkre i Skåbu var starten på bygdatunet. Saga høyrde til Grosberg og Nordgard Kongsli og var bygd i 1890-åra. Dette var etter at dei langt meir effektive sirkelsagene hadde konkurrert ut oppgangssagene, men oppgangssagene var framleis dei einaste som meistra skikkeleg grovt tømmer. Historielaget fekk denne saga tidleg på 1960-talet. Etter fleire dugnadar vart saga fløtt til ny sentral plass ved elva Sula. Nokre år seinare kom kvernhuset frå Skurdalshaugen på plass framved saga. Fyrst 30 år seinare, i 1995, vart saga og kverna sette i kjørbar stand, med inntaksdam i elva og renner fram til vasshjula.

Éin kommentar

Filed under Informasjon

One response to “Dei bygde eit tun, og du er velkommen!

  1. Øystein Hagen

    Korriger dato for ope dag til 4.juni.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s