Daily Archives: 20. mai 2022

Fron historielag: ein million besøk

Redaktøren vil berre gjere merksam på at ein milepæl er passert på denne heimesida. Sidan starten 13. april 2013 er det nå registrert over ein million klikk. Frå så å seie heile verda.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Ny leiar og nestleiar i historielaget!

Ny leiar Egil Myhre og ny nestleiar Tormod Bråten

Egil Myhre har tatt på seg oppgåva som ny leiar i historielaget etter Ole Christian Risdal. Egil er født 1960 på Kvam. Fabrikkarbeidar og bur på  eit lite småbruk. Av interesser kan nemnast friluftsliv, historie og foto. Nestleiaren Tormod Bråten er ny i styret. Han er elektrofagslærar ved Vinstra vidaregåande skule. Utdanna elektroingeniør. Likar å halde på med friluftsliv, historie, slektsgransking og metallsøking. 

Saman med Ragnhild Wadahl, Åge Jevne Hagestuen, Marit Håkenstad, Møyfrid Karstadstuen, Eivind Holen og Åmund Bækken Blakar er dei det nye styret. 

Éin kommentar

Filed under Informasjon