Monthly Archives: mai 2022

Gamle vegar i Fryaområdet

Sundag 29. mai blir det tur med omvising/orientering langs gamle vegar i Fryaområdet ved vegekspert Geir Paulsrud og lokalhistorikarane Gunnar Lien og Jon Ødegård.

Frammøte og parkering ved tidlegare Fryatun kl.12.oo. Ta med litt mat og kaffi på turen. Dette er eit samarbeid mellom Fron – og Ringebu historielag.

Turen er også annonsert i lokalavisa Dølen.

Vel møtt!

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Dei bygde eit tun, og du er velkommen!

Open dag på bygdatunet Milsteinstugu 4. juni

Stikk innom bygdatunet laurdag 4. juni etter kl 12 ein gong. Du får kaffi og biteti og eit godt stykke historie. Entusiastane som bygde dette tunet på Sødorp, ville få til eit husmannsbruk med dei husa og det utstyret som naturleg høyrde til. Tunet viser eit bruk i det øvste skiktet av husmannsbruk. Her er fjos til 4-5 kyr, stall, stabbur, låve og smiu. Nokre av husa på tunet vart gitt som gave, andre vart kjøpte for ein rimeleg pris. Sjølv om ein del arbeid vart gjort med leigd hjelp, låg det stor dugnadsinnsats bak flytting, oppattbygging, inngjerding og oppattmuring av gråsteinsmuren langs heile sørsida. Milsteinstugu heiter plassen, og det må ha vore eit ekte sveltihelbruk, ei lita lykkje med skrinn og turr jord, eitt av dei aller skrinnaste husmannsbruka. Bruket nordafor, som hadde liknande ressursar, fekk namnet Pina, noko som fortel sitt. Dei tidene er slutt. Nå er du velkommen til å sjå denne historia på ein open dag!

Oppgangssaga og kverna vil bli køyrt om det er nok vatn i Sula.  Kanskje blir det grautmjøl.

Les meir

Éin kommentar

Filed under Informasjon

Bil på fjellet for 100 år sidan

Og vi klagar på vegen nå?

Ved Toftsetra

«Den er i så elendig forfatning at jeg ikke vil kjøre den en gang til om jeg får betaling! Det er skandaløst å tilby bilister slike veier», klaga bilistane da Peer Gynt-vegen frå Skei til Gålå vart opna i 1956 Dei skulle ha prøvd seg 36 år tidligare. Det gjorde fotografen Andreas Beer Wilse. Den gongen må det verkeleg ha vore litt av eit vågestykke å ta med seg bil innpå fjellet. Alle bilde frå Galleri Nor, Nasjonalbiblioteket.

På Listulhøgda? Tilogmed «Rutebil» skriv fotografen: Lillehammer-Gausdal-Lauvaasen-Golaa. I 1920?
I Dørdalen?
Dette bilde er mest sannsynleg frå Fjellåa, like sør for kommunegrensa Ringebu/Gausdal, meiner Knut Forkalsrud.

2 kommentarar

Filed under Kommunikasjon

Fron historielag: ein million besøk

Redaktøren vil berre gjere merksam på at ein milepæl er passert på denne heimesida. Sidan starten 13. april 2013 er det nå registrert over ein million klikk. Frå så å seie heile verda.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Ny leiar og nestleiar i historielaget!

Ny leiar Egil Myhre og ny nestleiar Tormod Bråten

Egil Myhre har tatt på seg oppgåva som ny leiar i historielaget etter Ole Christian Risdal. Egil er født 1960 på Kvam. Fabrikkarbeidar og bur på  eit lite småbruk. Av interesser kan nemnast friluftsliv, historie og foto. Nestleiaren Tormod Bråten er ny i styret. Han er elektrofagslærar ved Vinstra vidaregåande skule. Utdanna elektroingeniør. Likar å halde på med friluftsliv, historie, slektsgransking og metallsøking. 

Saman med Ragnhild Wadahl, Åge Jevne Hagestuen, Marit Håkenstad, Møyfrid Karstadstuen, Eivind Holen og Åmund Bækken Blakar er dei det nye styret. 

Éin kommentar

Filed under Informasjon

Fin måte å feire Sankhans på!

Kveldskurs med Michael Heim og Mildri Een Eide

Her kan du lære mye! Michael Heim og Mildri Een Eide.

Nå kan du bidra til kulturhistoria! Bidra til at vi tar vare på fornminne. Sankthansaften, torsdag 23. juni holder fylkesarkeolog Mildri Een Eide og Michael Heim, berggrunnsgeolog og pensjonert fyrsteamanuensis ved NMBU – han som holdt foredrag på årsmøtet i april – praktisk kveldskurs i registrering av fangstanlegg, kullgroper, gravhauger og mer. Kurset er gratis for deg som er medlem av Fron historielag. Frammøte og kurssted får du beskjed om i god tid før kursstart. Kurset er fra kl 18 til 21 og holdes mest sannsynlig i nærheten av Vinstra. Påmelding innen tirsdag 31. mai til Michael Heim: miheim@online.no

Éin kommentar

Filed under Informasjon

Tykkfallen brite over Harpefossen

Disse skrøpelige norske veier og gebrekkelige bruer

brua

-Jeg ble ganske nervøs. Ill: Felicity Nightingale

Henry T. Newton Chesshyre var en britisk marineoffiser som arvet sin tante og dro til Norge for å bruke opp arven sin, lykkelig over å slippe unna Krim-krigen (1853-1856). Han slo seg ned på Skyttermoen i Svatsum rundt 1850 og pleiet omgang med direktøren i Nikkelverket i Espedalen. Han beskrives som en tykkfallen, gemyttlig herre, en utmerket skytter og rypejeger, og fikk to barn med sin husholderske. Han skrev en bok: Erindringer fra et fem års opphold i Norge. Margaret og Ola Eggen oversatte den til norsk og ga den ut i 2007.

Les meir

2 kommentarar

Filed under Biografiar, Kommunikasjon

– 8. mai står for fridom, håp og glede

På ein dag som dette og i tider som desse kan det vere bra å minnast at dette var det lokale avisoppslaget ein dag.

Kommenter innlegget

Filed under Krig

Jakta på matklokkene er i gang!

Send epost eller sms til Marit Håkenstad

Matklokka på Nordre Grytting. Foto: Kjell Grytting

Johannes Brandvol registrerte matklokker i Sødorp ein gong på 1990-talet. Sjølv har han ikkje resultatet. Veit du noko om dette? Kven kom oppdraget frå? Kven vart denne registreringa send til? Kan du hjelpe oss her? Marit Håkenstad er den som samlar informasjonen om matklokker i Fron. Send ein epost: mharild@frisurf.no eller ein SMS til 911 23 056. Her er nokre av dei reaksjonane som har kome så langt:

Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon, Jordbruk, Kunst og handverk