Kva om dei framsynte hadde fått til eit skisenter på Vinstra?

Det kunne ha vore bygd på Vinstra 20 år tidlegare. Foto: Kvitfjell Ski Resort
JOHS. MYHREN I BLADET FRONSBYGDIN 3/1970: I det internasjonale skisentret på Vinstra er det planlagt å bygge ein stolheis med utgangspunkt i Sorperoa. Startpunktet vil ligge på 340 m og endepunktet blir på 805 m, ein høgdeskilnad på 470 m og lengda blir 1200 m. Terrenget her er noko ulendt og bratt, men skulle likevel høve godt for ein dobbelt stolheis. Høgde over bakken vil neppe bli meir enn 10 m. Les meir