Monthly Archives: april 2022

Fortvilelsen vinket i det fjerne

Historia om Vinstra Samvirkelag

index

Forsamlingshuset som hadde vært kapell og danselokale og ble butikk. Foto: Pål Kluften/Maihaugen

DAGNINGEN 22. januar 1966: Historien om samvirkelagene i Fron starter omkring 1920. Det er ikke tilfeldig, de kom etter verdenskrigens erfaringer med varemangel og dyrtid. Idéen var å skaffe varer på rimeligste måte og selge dem videre til medlemmene uten fortjeneste. Vinstra samvirkelag kom etter hvert til å samle hele forbrukerkooperasjonen i Frons-bygdene, men var ikke først ute. En julidag i 1920 besluttet et møte i Nord-Fron å kjøpe forsamlingshuset Fridheim. Huset som sto på Vinstra, var tidligere benyttet i Espedalen, hvor det hadde vært kapell. Men fra 22. november 1920 ble huset grunnstammen i bygdas første samvirkelag – Vinstra Samvirkelag. Den første tida var forretningen en assosert krambu som så mange andre på landet i de åra. Huset var tømra og ikke av de varmeste, men når det hadde tjent som såvel kapell som danselokale, kunne det såmenn også brukes til forretning. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Verksemder

Kvar vart det av matklokkene?

Historielaget treng di hjelp

Klokketårn frå 1859 på Hundorp. Foto frå Wikipedia

Det må ha vore godt å høyre matklokka. Arbeidsfolk som var ute på aker og eng, fekk varslet: Nå er det kvile og mat. Det var mange matklokker i Fron. Men bruken tok slutt på 1950-talet. Ingen ringer traktoren heim. Og arbeidsfolk har klokke sjølv. Men kva har skjedd med klokkene? Heng dei framleis der dei hang? Eller støver dei ned på låven? I garasjen? Fron historielag har tatt på seg å lage oversyn over alle matklokkene i Fron. Kva for gardar ringde folket heim? Kvar er desse klokkene nå? Når vart det støypte? Og kvar? Historielaget treng deg og det du veit. Det er Marit Håkenstad som samlar informasjonen. Ta kontakt med ho: sms på tlf 911 23 056. Ho ventar spent.

3 kommentarar

Filed under Informasjon, Kunst og handverk

61 liter melk og 40 liter konjakk

Sør-frøningene slo seg virkelig laus

untitled

Men de røkte bare 78 cigarer…

ASBJØRN RINGEN: Det var en stor begivenhet da sør-frøningene innviet sitt Bank- og Herredshus i 1903. Bygget var stort og flott, det fortjente en skikkelig fest. Lista over de fleste deltakerne finnes fortsatt og teller 240. Bygdafolk og ordførere og «bankautoriteter» fra nabokommunene fylte salen. Festregnskapet forteller at det ikke ble spart på noe. Festkomitéen hadde kjøpt inn 40 liter konjakk, 22 flasker sherry og 2 flasker rom. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Musikk, Verksemder

-E’ kjeinne’n itte

Prins Harald på vei til Sikkilsdalen i 1946

I 1946, første gang etter krigen. Det kongelige følget forlater nattoget på Vinstra stasjon for å spasere til frokost på Amundsens gjestgiveri. T.v ordfører Albert Kvammen. Ukjent fotograf.

 

harald-hovet-3

Han fekk blomane til sist

OLAUG ASKHEIM AAS: Før påske i 1946 vart det kjent at kongefamilien ville feire påska i hytta si i Sikkilsdalen. Ved Skåbu samvirkelag gjekk kongefamilien over i beltebilar denne aprildagen i 1946. Og denne fyrste gongen etter krigen vart det gjort litt ekstra: Lærerinne Margit Blekastad og lærar Sigmund Hernæs tykte det ville passa at prinsebarna fekk kvar sin vesle, nyplukka geitivilblomebukett. Dei som skulle få æra av å gi blomane, var dei som hadde fødselsdag og år nærast prinsebarna. Prins Harald var ni år. Han som var utvald til å gi blomane til prinsen, sto der med buketten sin etter at prinsessene hadde fått sin. Eg såg guten, ganske fortvila sto han der. Eg gjekk bort til han og undrast kvifor han ikkje hadde gitt blomane. Da tok han til tårene og sa “E’ kjeinne’n itte.” Og Harald var som guttunger flest, eg fekk sjå han borti garasjen der han studerte dei gamle bussane. I alle fall, blomane vart levert og alt ordna seg. Omtrent alt som kunne krype og gå, var møtt fram, så det var folka utpå plassen ved Samvirket, og ikkje særleg organisert heller. Det var ikkje det store sikringsopplegget rundt dei kongelege den gongen.

Les meir om da kronprins Olav fekk Prinsehytta og sjå dei kongeleg på ski

Kommenter innlegget

Filed under Biografiar, Kommunikasjon

Kven blir ny leiar i historielaget?

Ole Christian Risdal takka av på årsmøtet

Vel 50 var til stades på årsmøtet i Fron historielag da Ole Christian Risdal vart takka av etter 10 år i styret, dei siste tre som leiar. Det nye styret 2022-2023: Frå venstre: Ragnhild Wadahl, Tormod Bråten, Åge Jevne Hagestuen, Egil Myhre, Marit Håkenstad, Møyfrid Karstadstuen, Eivind Holen og Åmund Bækken Blakar. Kven som blir ny leiar? Når styret har konstituert seg, kjem namnet. Foto: Rasmus Stauri

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

– Nei, detta kunn vorté ‘n fin skyttarbané!

Ei lita historie om ein askeladd i Fron: Ragnvald Krogenæs


OLE CHR. RISDAL: 3. juli 1964 vil alltid stå som ein merkedag i Skåbu. Da opna møbelfabrikken til Ragnvald Krogenæs. Den store draumen hans var ein realitet, og han opplevde berre oppgangstider fram til han døydde i 1969. I 1964 vart han presentert på NRK i ein serie om Askeladdar i norsk næringsliv. – Reklamemannen Ragnvald Krogenæs slo seg ned i Skåbu rett etter krigen. Det var der han hadde tenkt å realisere sine idéer. Krogenæs så en framtid i å produsere furumøbler for moderne hjem, basert på gammel norsk bondetradisjon. Da han var klar til å bygge en fabrikk, møtte han motbør. Nord-Fron kommune hadde ikke tro på idéene hans og vendte tommelen ned for lånegaranti. Men den aktive ordfører Egil Hernæs på Sør-Fron satt med råderett over restene etter Hundorp Bruk og tok kontakt med Krogenæs. Krogenæs kjøpte hallen med maskiner og inventar samt en skogsbrakke for 132.000 kroner. (Fra boka Bank i bygd og by) Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Kunst og handverk, Verksemder

Bli medlem i historielaget!

Så blir du med på et gildt årsmøte onsdag

Her er det rom til mange fleire medlemmar.

Over 50 000 les på denne heimesida kvart år. I 2021 hadde historielaget 266 medlemmar. Det er altså berre 0,5 prosent av alle som har glede av denne sida. Og snaut 8 prosent av dei som følgjer Facebook-sida til laget er medlemmar. Det er med andre ord god plass til fleire! Kvifor bli medlem? 

Fron historielag gjer ein viktig frivillig innsats for lokalsamfunnet, storsamfunnet og ufødde generasjonar. Med å ta vare på det som har vore: bygningar og reiskap som tidlegare generasjonar nytta, spor dei sette i naturen, lagnader dei levde, draumar dei drøymde, tankar dei tenkte og ikkje minst: dei minna som berre finst i hovudet på folk, og som må ned i skrift eller på videoopptak. La oss gjere dette saman!

Du er med på viktig frivillig arbeid for kommande generasjonar
Du tar vare på tradisjonane
Du er med på å skape vitalitet i Fron
Du er med på å avgjere kven som skal sitje i styret i historielaget og kva laget skal gjere og vere. 

Kr 200 til konto 2095 32 92735 Fron historielag 2640 Vinstra. Oppgje epostadresse.

Kommenter innlegget

Filed under Informasjon

Draumen som aldri vart

Kva om dei framsynte hadde fått til eit skisenter på Vinstra?

3fd3d27726p3d140526t3d4

Det kunne ha vore bygd på Vinstra 20 år tidlegare. Foto: Kvitfjell Ski Resort

JOHS. MYHREN I BLADET FRONSBYGDIN 3/1970: I det internasjonale skisentret på Vinstra er det planlagt å bygge ein stolheis med utgangspunkt i Sorperoa. Startpunktet vil ligge på 340 m og endepunktet blir på 805 m, ein høgdeskilnad på 470 m og lengda blir 1200 m. Terrenget her er noko ulendt og bratt, men skulle likevel høve godt for ein dobbelt stolheis. Høgde over bakken vil neppe bli meir enn 10 m. Les meir

Kommenter innlegget

Filed under Idrett