Historia om Marie Uhlen frå Nord-Fron, jordmor i Sulitjelma

Marie Uhlen (1874-1971) født i Nord-Fron, jordmor i Sulitjelma
«Det kunne være ganske stridt, fordi jeg ved siden av å være jordmor også arbeidet som oversøster ved sykehuset. Særlig finnene var svære til å stikke og skjære hverandre med kniv når de var fulle. De drakk alt mulig – det var utrolig hva de kunne få i seg. Vi sydde og sydde, og sårene grodde som regel. Nordmennene var bedre, de brukte bare nevene. En russer tømte de kokende kaffe utover, men det var et unntagelsestilfelle. Ja, det kunne gå hardt for seg i Sulitjelma i de dager.» Det er Marie Uhlen som fortel dette i eit avisintervju, og Paul Henrik Hage har funne fram historia om henne:
I Fronsbygdin har det vore fortald om livet til to sterke jordmødre i Nord-Fron: Mathea Pettersen i artikkel av Nora Pettersen i 2012 og Ingeborg Jacobsen av Bjarne Øygarden i 2018. Eg vil skrive litt om ei anna jordmor som og hadde eit dramatisk og spennande yrkesliv:
Marie Amundsdotter vart født i 1874 og voks opp i Storsteinsula like ovanfor Riksvegen sør for Brekka saman med mor, bror og stefar. Ho budde fast i Oslo på sine eldre dagar, men var kvar sommar i barndomsheimen sin i Storsteinsula. Eg hugsar ho var omtala med vørdnad da eg var i oppveksten, og eg såg ho og gåande etter vegen nord for Vinstra med butikkvarer i veskene sine. Ho gjekk oftast den knappe mila fram og attende til butikken.
Ho tok utdanning som sjukepleierske og jordmor på Lovisenberg diakonisseanstalt. Det var svært uvanleg for ei bygdajente å reise til byen og ta utdanning, fortel ho i eit avisintervju, og mange åtvara ho. Men ho hadde bestemt seg som lita for å bli jordmor «for da fikk hun kjøre så mye», skreiv jornalisten.
Ho var utdanna sjukepleierske i 1896 og arbeidde som det i Nord-Fron og i Vågå før ho tok jordmorutdanning og vart tilsett i 1901 av Sulitjelma Aktiebolags Gruver som jordmor. I 19 år vart ho verandre i gruvesamfunnet i Fauske kommune og arbeidde både som jordmor, diakonisse og operasjons- og narkosesjukepleiar. Ho arbeidde lange dagar og ofte med nattevakt og lite søvn.
Marie Uhlen eller Ullen som ho er innskriven i manntalet som i 1910, arbeidde i Sulitjelma medan gruvedrifta var på sitt mest hektiske. Utvinning av koppar og svovelkis starta i 1891, og alt ved århundreskiftet var gruveselskapet landets største bergverk og nest største industribedrift. Selskapet hadde på det meste, i 1913, 1750 tilsette. Ho har fortald om arbeidet sitt med både dramatiske og humoristiske opplevingar både på sjukehuset og under heimebesøk i det avsidesliggjande «Sulis», der folk av ymse slag frå fleire nasjonar budde og arbeidde saman. «Fronsdamen som har tatt imot 3000 verdensborgere», er ei avisoverskrift. «Tindebestigende jordmor tok imot 3500 unger – alle ble voksne», heiter det ein annan stad. Her må det rett nok nemnast at alle desse barna vart ikkje ønskte velkomen til verda i Sulitjelma. Ho assisterte under fødslar i Oslo i læretida og som sjukehusjordmor eitt år seinare med permisjon frå gruveselskapet.
Fra Sjønstå ved Øvrevatn, der jernbanen gikk opp til Sulitjelma og omlasting og utskipning av mineralene fant sted.
I 1919 hadde Marie Uhlen fått nok av nattarbeid, slit og dramatikk som jordmor i Sulitjelma og flytte attende åt Oslo, der ho fekk eit rolegare yrkesliv som inspektør i Oslo kommunes pensjonsinnretninger, der ho sjølv gjekk av med pensjon 15 år seinare. Trass i slitet lengta ho attende til gruvesamfunnet i Nordland i mange år, og ho hadde stadig utferdstrong. Ho budde 4 månader i Finland ved eit høve, og ho reiste som 79 åring til Palestina, Hellas, Italia, Algerie, Portugal og England – ein tur på 6 veker.
Ho vart omtala i avisene da ho fylte 90 år i 1964, og det står der at ho var ved god helse og at dagen skulle feirast saman med ei venninne frå «sulistiden i frimurerhjemmet» på Bygdøy i Oslo.
Eg har ikkje greidd å finne ut når Marie Uhlen døydde. Er det nokon som veit det, eller har andre opplysningar om denne sterke og modige jordmora, er eg interessert i det. (Ho døydde i 1971.)
Her er litt om gruvedrifta i Sulitjelma frå gruve.info:
Den svenske «malmkongen» Nils Persson sikra seg rettane til malmen i 1886 og starta opp drift i 1887. I 1891 ble Aktieselskapet «Sulitjelma Aktiebolag» etablert, med «Skånska Superfosfat och Svafvelsyreaktiebolaget» som største aksjonær. Hovudkontoret lå i Helsingborg i Sør-Sverige. Frå da av blei Sulitjelma eller Sulis tatt i bruk også som namn på gruvesamfunnet som raskt voks fram her, med ei rekke gruver innover fjellet og smeltehytte ved Langvatnet. Tidlig på 1900-talet var Sulitjelma gruver det største bergverket og den nest største industriarbeidsplassen i Noreg.

Diamantboring i Koppartoppen tidlig på 1900-talet.
(Ivar Kristiansens fotosamling /Sulitjelmakalenderen 2007)
Den første tida kom dei fleste gruvearbeidarane og ingeniørane frå Sverige, etter kvart blei fleire arbeidarar rekrutterte frå Noreg. I ei skildring frå 1917 heiter det: «Rundt om på arbeidsplassene møter man ved siden av folk som stammer fra bygden, og lapper rundt fra fjordene, tilreisende fra det hele land ….». [42] Ein del med bakgrunn i småbruk eller reindrift tok seg arbeid i gruvene i nokre få år, for å samle opp pengar til å etablere seg i si forfedrane si næring. Nokre av dei samiske unggutane som tok arbeid i gruva blei i Sulitjelma gift med norske jenter og blei buande der, men det vanlige var at dei blei relativt kort tid. Av dei samiske arbeidarane som var registrerte ved verket i 1891 var det ingen igjen i 1900, mens andre var kome til.[43]
Gjennom rundt 100 år blei det tatt ut totalt 26 mill. tonn råmalm frå gruvene, frå denne blei det utvunne 500 000 tonn koppar, 160 000 tonn sink og 4,7 mill. tonn svovel. Det var i all hovudsak underjordsdrift, med heile 18 gruver. Nokre av gruvene blei etterkvart forbunde med stollar, så det blei lettare å ta ut malmen. Til saman blei det drive ut over 500 km med gruvegangar. Gruvene har ein høgdeforskjell på over 1200 meter.
Persson sitt selskap blei i 1918 seld av arvingane hans, og ut over 1920-tallet var det fleire svenske eigarar og eit fransk/belgisk gruveselskap, før selskapet i 1933 blei registrert som norsk selskap og fikk da konsesjon til å drive i inntil 50 år. I 1967 fikk Elkem aksjemajoriteten, men da konsesjonen gikk ut i 1983 var dei ikkje interessert i å drive meir. Verket blei da overtatt av Staten, no under namnet Sulitjelma Bergverk AS.
Forfattaren John Gustavsen heldt på Naturvernforbundet sin gruvekonferanse 01.–03.11.2013 eit foredrag om bergverk på Nordkalotten. [44] Her gjengir vi litt av det han fortalte frå Sulitjelma:
Produksjonen kom i gang i 1890 [45], og nå opplevde lokalbefolkninga hvordan Sulitjelma ble lagt under tung svovelrøyk med støy og støv. Landskapet ble endret. Malmen mellom gruvene i Sulis og utskipningshavna ved Saltenfjorden måtte gå både med prammer og jernbane via Fossan, Langvannet og Sjønstå. Taubaner, lagerbygg og brakker skapte hektisk liv mellom bergene:
«Ti her er mange storartede bygninger. Villaer, dampkjøkken, kontorer, butikker, sykehus m.m. Elektrisk belysning i gatene.» skriver H.M. Lerbakmo i Nordlys i 1903.
Sulitjelma hadde vokst til å bli Norges største bergverk i 1900 med en årsproduksjon på 45000 tonn og 1000 ansatte [46]. Bergmesteren berettet begeistret for 1901–05: «Verket, der står på høiden av sin tid, er en heder for landet, idet det besøkes av sakkyndige fra hele verden.» Arbeidere strømmet til, eventyrere, fiskarbønder og industriarbeidere fra inn- og utland. Den konservative pressen jublet om «det viktigste i verden». …
Aksel Gullesen forteller: «Vi kom opp hit til den hytterøyken…så det var jo nesten slik at man ikke kunne dra pusten …» En annen beretter: «E mins ein gong det va rekti ille. Ein tå karan vart så forbanna at han tok ei flaska med parafin å skvett i sprekkan å sett varme på. E trudd’n hadd sett varme på brakko. Det spraka og smalt når lusa vart brendt og det lukta vondt. Og kakkerlakkan! Dei sprang for livet når ein fløtt litt på ostekjeksan. Og lusan! Når dei tok opp halmputan va det så tjukt av lus at de ikkje va plass for fleir.»
Gruvesamfunnet Sulitjelma kan best karakteriserast med det engelske uttrykket «Company town». Bedrifta, som lokalt blei omtalt som Verket eller Grubene, eigde så godt som alt innafor eit vidt konsesjonsområde, kalla «verkets territorium», på 40 km2. Det blei sagt at norsk lov ikkje gjaldt aust for Finneid. «Men det er endast geografiskt som Sulitjelma tilhör Norge», sa den svenske malaren Pelle Molin, som var invitert av gruveselskapet til å male i Sulitjelma, men blei kasta ut etter eit halvt år fordi han uttalte seg kritisk. [47] Verket eigde alle bustadane, og avgjorde kven som skulle få bu der. Pensjonistar ville ein ikkje ha, så dei blei tvunge til å flytte, gjerne til Fauske. Der bygde «Sulitjelma Boligfond» aldersboliger. Boligfondet blei etablert av Garantifondet, der arbeidarane og gruveselskapet betalte inn like store beløp gjennom mange år. Dette var i den tida da bergverka var eigne fattigdistrikt, og garantifondet skulle sikre at ikkje fattigomsorgen blei velta på kommunane dersom bergverksdrifta gikk konkurs eller blei lagt ned.
Så lenge verket var i drift, heldt ein på tradisjonen med eigne bustadsområde for arbeidarar og andre område for funksjonærar og ingeniørar. Verket hadde butikken og kunne aleine fastsette prisane. Da arbeidarane forsøkte å danne samvirkelag, nekta først Verket å leige ut tomt, men blei tvunge til det etter ein dom i høgsterett. Tomt blei utdelt i 1912, da hadde Sulitjelma cooperative selskap drive handel på Finneid fra 1908.
Sidan det ikkje gikk veg til Sulitjelma før i 1972, hadde Verket som eigde jernbanen, full kontroll med kven som reiste ut og inn. Dette nytta dei på byrjinga av 1900-talet til å nekte sosialistiske agitatorar tilgang, og fleire blei deportert ut.
Da verksleiinga bestemte at alle arbeidarar frå januar 1907 skulle bære eit støypt blymerke med arbeidsnummer på, var det dropen som fikk lenge oppsamla misnøye til å koke over. Først nekta arbeidarane i ei av gruvene å bære dette merket, og 120 mann blei oppsagt på dagen. Da samla over 1000 arbeidarar seg på isen på Langvatnet 13.01.1907 og danna fagforeining tilslutta Norsk Arbeidsmandsforbund. For denne manifestasjonen måtte Verket gi seg, det blei danna ti avdelingar ved dei forskjellige gruvene, og det blei inngått tariffavtale. Seinare sto fagrørsla og arbeidarrørsla sterkt i Sulitjelma så lenge det var drift i gruvene.
Tok et søk på nasjonalbiblioteket og det dukket opp treff i flere aviser på Maria Uhlen som bisettes i september 1971.
LikarLikar
🙂
LikarLikar
Takk, Anders! Du er nok betre til å søkje enn eg. Eg har vore inn på Nasjonalbiblioteket fleire gonger, men har ikkje funne dette. Kanskje er grunnen at eg har brukt Marie og ikkje Maria som førenamn.
LikarLikar
http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=2964261 Her gravsteinen.
LikarLikar
Øverste landskapsbilde er ikke fra Sulitjelma, men fra Sjønstå ved Øvrevatn hvor jernbanen gikk opp til Sulitjelma, og omlasting og utskipning av mineralene fant sted.
LikarLikar
Takk – rettet opp 🙂
LikarLikar